Det har vore ei slik tid. Der ingen ting skjer. Vel har eg fått nytt gammalt kjøken. Eg var ei veke på Fuerteventura. Forrige veke var det. Men eg var sjuk. Sidan jul har eg elles site her i sofaen med pledd. Lese nokre dårlege bøker. Venta på at noko skal skje. Noko skal kome over meg. Inspirasjon kan hende. Eller ånd. Eller idear. Ikkje at eg ikkje har idear. Eg har for mange. Og dei dreg meg i alle retningar. Så i staden sit eg her og ventar på retning. Den retninga ein kjenner er den einaste rette. Og medan eg ventar misser eg muskelmasse og inspirasjon. Dumt det heile. Har tenkt over det før. Men slik er det no eingong laga

Likes

Comments