Skitur med lillesøster

Trimløypa Spjelkavik

Ålesund


Kort om turen

Trimløypa er ein lett og fin rundtur med i hovudsak flatt terreng. Sørlege delen av løypa er litt kupert. Når det er nok snø om vinteren, køyrer Spjelkavik IL opp skiløype med trakkemaskin. Midt i løypa, rett før brua, er det råd å gå tvers gjennom skogen om ein vil korte ned turen. Her blir det ikkje køyrt opp løype.


Rutebeskrivelse

Trimløypa går på grusa veg som blir køyrt opp med skispor når det er nok snø. Rundløype i relativt flatt terreng. Lett kupert på sørsida med nokre bakkar. Store delar av trimløypa vart utbetra med med nytt grusdekke, grøfting, drenering og krattrydding i 2019.


Adkomst og parkering

I Spjelkavik er det skilta mot Turheisa og Lekeland. Ved Leikeland er det stor parkeringsplass. Du kan også køyre fram til Spjelkavik stadion og vidare opp til klubbhuset til Spjelkavik IL. Her er det stor parkeringsplass og ein kan vippse 20 kr til idrettslaget for vedlikehald av parkeringsplassen. Her kan du også gå rett inn i skiløypa.

Liker

Kommentarer