malinmellowno @malinmellowno

Straks i feriemodus!!

Eg kan ikkje fatte og begripe kor dagane har blitt av. Plutselig er det berre fire dagar igjen til ferie! Og om elleve dagar ligg vi i sydeligare strøk og steikar flesket. Etterlengta, herlig, trengande, fantastisk, deilig, uvirkelig! Og enda fleire ord som kan beskrive årets ferie.

I dag kom mine herlege foreldre og min moccabrune lisjebror heim frå merhikåå eller Mexico om du vil. Dei var brune og fine og hadde med seg to herlige kjolar og sombrero til snuppeliten. Jenta va nøgd, men meir opptatt av at den personen som kan få ho til å le høgare enn høgst var komt heim. Det var onkel Emil for alle penga.

Mamma hadde og med seg ein herlig rosebukett, som fant sin nye heim på sjenken på kjøkenet. Perfekt!

Ein annen spennande ting! Eg fekk pakke i posten i dag. Det er ikkje kvar dag eg får pakkar i posten som eg ikkje har bestilt sjølv. Inni pakken var det eit kort og ein søt liten pakkesang. Eg veit at regelen er at ein ikkje skal pakke opp presanger før den dagen du har bursdag, men eg er fortsatt fem år når det kjem til akkurat det, bursdag altså, så eg pakka den like så godt opp med en gong. Inni pakken var noke eg har ønska meg, ei splitter ny drakt til den nesten splitter nye iPhonen min!! Eg hadde jo ikkje råkke å kledd på den sjøl ein gong! Camilla, du e en knupp! Tusen takk for presangen, den va perfekt! No treng ikkje telefonen min fryse på ryggen lengre!

No skal eg gjere noko så hyggelig som å skrive pakkeliste til turen! Good bye!

Liker

Kommentarer