malinmellowno @malinmellowno

Nye interiørduppedingser!

Då var vi heime etter ei kjekk helg på møre. Snuppeliten har munndiare og vi andre håpar på ein mirakelkur mot den kroniske "sjukdommen". For all del, det er kjekt at man utvikler vokabularet sitt, men oioioi kor de jenta kan prate!!

Det er reint gale kor trøytt man blir av helg og sofasliting, det kjennest ut som om noken har tygga på meg og spytta meg ut at. Og det mest aktive eg har gjort denne helga er å ligge på golvet med ein spinnvill snuppeliten og leika.

Snuppeliten og oldefarmor kosa seg med puslespill!!

I mårra startar eg og Iris dagen med ein tur i trimløypa, forhåpentligvis vil det gje utslaget på energien. Mitt støre nyttårsforsett lar vente på seg, trening og sunn mat har ikkje stått langt oppe på lista dei fyste vekene i Januar. Men ka dag e vell beire for å starte med foresetta enn den tredje mandagen i det nye året?

No skal eg krølle meg i hop på sofaen atter ein gang for tvkos og avslapping.

Her er forresten bildene av det eg kjøpte på blomsterkjellaren i syvden for gåvekortet eg fekk av farmor og farfar til jul:

Fancy Pantcy klokke!

Fire nye kaffikoppar <>

Kvitt serveringsbrett og stor sølvdekorkrone!!

Fornøgd!

Liker

Kommentarer