malinmellowno @malinmellowno

Kosedag!

Kulda kjem i rasande fart. Eg føle vi har gått rett fra haustklede til vinterklede, vantar og tjukke huer uten å være innom badesjortsen! Det stakk litt i hjartet når eg sendte snuppeliten i barnehagen med fleece og tjukkesokkar, men må man så må man.

Etter jobb og barnehage tok vi ein tur på butikkar for å finne sjerrox til snuppeliten ( eg veit ikkje korleis de skrivs, å eg orka ikkje leite de opp. Dokke skjønna ka eg meina). Det heile endte opp med at det blei med et par sko heim til meg og. Hurra!! Snuppeliten gikk i sjerroxane sine til det var nesten leggetid så eg tar det som at dei fall i god jord.

Snuppeliten fikk bestemme i dag, og som andre dagar når ho får det enda vi opp med pølse og pomfri i sofaen og løvenes konge på tv-skjermen. Ikkje sundt, ikkje aktivt, men akk så deilig!
Håpa dei har tenkt å gjere fleire klassikera om til DVD-format, blei jo reint nostalgisk på heile greia. Snuppeliten likte vel så godt å sjå på den gamle disneyperla som ho gjer me dei nye. Underholdningsverdi på høgt plan!! No skal eg krøke meg ihop i sofaen å nyte at eg er inne i staden for ute!!

Ha ein fin kveld!

Liker

Kommentarer