malinmellowno @malinmellowno

Haust

Planleggingsdagar er ikkje alltid feil. To heile dagar heime med snuppeliten kom som eit positivt avbrekk i ein stressande kvardag. To dagar der eg på dagtid skal legge studier, jobb og plikter på hylla til fordel for etterlengta kos med verdas beste jente. I mårga kasta vi oss i bilen og kjøyrer til fagre selje for å nyte dagen ilag med tante, onkla, søskenbarn og besteforeldre. Vi gleda oss begge to.

I skrivande stund sitte Pappa B på golvet og får fyr i peisen, hausten har sneke seg inn i alle krinklar og krokar. Jauda, vi har varmepompe, noke som Pappa B alltid må påpeike kvar gong eg vil fyre. Men kor koselig er det eigentleg med varmepompe då om eg tørr spør? Eg sit i alle fall ikkje igjen med ein varm og god følelse i kroppen etter å ha såtte ved sida av vamepompa ei stond, og eg kan heller ikkje sjå for meg varme kveldar forann varmepompa med kakao i koppen. Eg SKAL ha fyr i peisen seier eg!!

Ikkje berre er det haust ute, i peisen og på dei kalde beina mine, men det er begynt å bli haust inne og. Det er og blir ti tusen gongar kjekkare å pynte rundt i leiligheta til hausten i staden for somaren. Jada, vi har haust heile året her, eg veit det. Men eg prøvar likevell å pynte litt etter dei årstidene som liksom skal være då.

Bilete av trolljenta mi

Eit ekstremt dårlig bilete av prosjekte eg har holdt på med. Gjenbruk er ikkje alltid så verst altså, ein gammal brun og slitt korgreol kan lett bli ein smule finare shabby chic korgreol. Gleda meg til den kjem til nytte slik som den var tenkt.

Hipp hurra for meg som har fått nye kjøkengardine i dag, hipphurra for pappa B som var så flink å hjelpe meg med å henge dei opp. Fornøgd, fornøgd, fornøgd!

Viktig med ispause når man har bretta kle. Kanskje ikkje nødvendigvis i kleskorga, men når pappa B og snuppeliten ordna ut sjøle skjer det som regel finuerlige ting.

Haust <>

Liker

Kommentarer