Vi kom til Byron på fredag for to veker sidan. Den første natta var eg og Aline heldige å få sove på gården til Simon, der eg budde og jobba i 4 månader. Vi slappa av den første dagen, blei kjent med nye folk og catcha opp igjen med dei som eg jobba med før. Aline bestemte seg for å arbeide på gården som kokk, og eg bestemte meg for å finne eit hostell til eg kunne finne noko betre. Det har vore litt stressande, eit hostel nokre netter, eit anna hostel for nokre netter osv. Med mykje bagasje var det travelt å bytte hostell heile tida. Eg måtte bytte grunna at det var fullbooka, spesielt i helgene er omtrent alle hostella fulle, og prisane går veldig opp.

Eg har også brukt dei to siste vekene på å finne ein jobb. Den beste måten å skaffe seg jobb her i Byron er gjennom kontakter og folk du kjenner. Dette er fordi det er så stor gjennomtrekk av folk her heile tida, og så høg konkurranse om jobbane. Alle vil vere lenger her i Byron - men mange reiser vidare fordi dei ikkje finn jobb! Eg var og er framleis veldig bestemt på at eg skal klare det, og eg er også ikkje kresen på jobbane eg tek. Difor har eg no 3 små jobbar. Den første jobben er i ein kiosk ved bussplassen, der eg selg diverse, leiger ut syklar og surfebrett. Det er sjeldan eg er der, ein gong i veka, eller annakvar veke.

Eg har også fått ein jobb som housekeeper i the arts factory! Dette er ein hostell, og sidan eg jobba med Mojosurf (som har campen inne i arts factory) kjenner folka frå the arts factory meg. Eg vasker 5 dagar i veka (20 timar) og får $20 i timen. Eg har også fått tilbud om å jobbe meir der på dagtid når eg har tid.

The arts factory

Same dag som eg fekk tilbud om å jobbe i the arts factory fekk eg eit anna jobbtilbud! Dette var også som housekeeper, men med mykje høgare standard. "The garden burees" er luksuriøst, inspirert av Bali. Store villa og bungalows. Eg håper eg får mange timar her, atmosfæra er så rolig der og det er allereie strøkent. Hittil vil det vere rundt 3 skift i veka her.

The garden burees


Det neste på lista var å finne ein heim. Eg har hatt eit stort ynskje om å finne eit hus/ leiligheit/ rom som ein deler med andre. Etter eit år på hostell, i ein van og i ein buss trengte eg noko som var meir "mitt" og meir stabilt. Ein plass der ingen vekker deg kl 5 om natta fordi dei kjem heim frå fest, ein plass der du ikkje har rotter, geiter eller høns ved senga di, ein plass med relativ stabil temperatur. Ein plass ein kan trekke seg tilbake og ha litt aleinetid når ein treng det. Det å kunne sjå film NÅR ein vil og ikkje bruke høretelefonar. Ha internett slik eg kan snakke med venner og familie skikkelig når eg er heime (grunna tidsforskjell).. Små ting som eigentleg vert store etter ei stund. Ahhhh :)

Det tok ikkje lang tid. På ei av tavlene i sentrum hang det ein lapp; "Vil du dele rom med ei spansk jente? Fint, reint og rolig hus nær stranda og sentrum. Straum og internett inkludert i husleiga. $140 i veka, Bond $280". Eg kontakta dei og fekk kome å sjå huset same dag. Dama kom å henta meg og køyrde til favorittstranda mi, Tallows beach. Rett ved stranda, og ikkje langt til sentrum. Hjerte mitt holdt på å sprenge, for eg har ønska dette så lenge. Ho parkerte framfor huset, og det var nydelig og koselig. Liten buddha ved inngangspartiet, og eit stort tred med lilla blomar på, stor fin hage med ei lita reie.

Det verka eigentleg litt for godt til å vere sant. Normalt kostar det $250 i veka, med $800 i bond, og dette er uten internett, straum og ofte umøblert. Også ofte langt frå stranda så du treng bil. Eg såg huset og det var heilt ok, heimekoselig, med badekar! hihi, og eg deler rom med ei super jente frå Spania. Ho er også 25 og har to jobbar. Eg flytta inn tysdag 20 Januar!

10 Wright place, 2481 Byron Bay, NSW

Kaisa Muren

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments

Etter ei veke i Sydney, Newtown var eg klar for det meir avslappa livet i Byron. Daisy hadde ikkje bestemt seg enno om kvar ho skulle slå seg til ro og arbeide. Difor reiste eg uten ho tilbake til Byron. Eg vart kjendt med ei jente frå Belgia som var på veg nordover så eg fekk sitte på med ho. Vi stoppa på nokre nye stader, og eg viste ho nokre av favorittane mine.


Roadtrip stops
Seal rocks
Nambucca heads
Dorrigo national park
Coffs harbour
Arrawarra
Emerald beach
Yamba
Angourie


Vi brukte 5 dagar opp igjen. Bilen var denne gongen endel mindre men det gjekk heilt greit. Ho hadde to seter og dobbelseng bake. I tilegg hadde ho fullt campingutstyr.

Etter nokre dagar ringte Daisy meg. Ho hadde bestemt seg for å kome etter til Byron. Eg vart så glad!! Vi planlegg no å flytte saman i leiligheit så snart begge har fått jobb.

Kaisa Muren

Likes

Comments

Tankar og opplevingar dei siste to vekene:

Å reise, bu og leve i ein van har vore befriande, spanande og lærerikt. Impulsivt, avslappande og moglegheiter til å reise dit ein vil. Vekk frå store byar, til mindre skjulte stader og strender. På leiting etter gode forhold for surfing. Salt og vått hår, zinc som ikkje går vekk, skitne bein, frisk sjøbris, bølgeskvulp og stillheit.

Å vokne opp ein ny stad kvar dag ved soloppgang, ny utsikt og nye moglegheiter. Å ikkje vite heilt kvar neste stopp er og kva som venter ein. Oppdage skjulte skattar og møte varme åpne menneske. Vakre fargar, rikt dyreliv og lange samtalar i skiftande landskap.

Daisy har vore ein fantastisk person å reise saman med, og eg er takknemlig for alt vi har opplevd og lært av kvarandre. Ho inspirerer meg til å vere meir kreativ og open. Til å stole på seg sjølv, gjere det eg brenn for og leve livet slik eg ynskjer å leve det. Å ikkje ta ting for særiøst og le kvar dag.

Sjekk ut Daisy på instagram @daisy_mae97

Kaisa Muren

Likes

Comments


Eg og Daisy bestemte oss for å leige en campervan i to veker og køyrde ned langs kysten til Sydney. Sidan Daisy ikkje har fullt førerkort enno måtte eg køyre heile vegen, godt over 900 km. Vi stoppa mange stader, opplevde mykje og møtte mange interessante menneske. Vi var heldige og oppdaga mange fine stader vi kunne stoppe og sove gratis. Ofte ved utsiktspunkt ved sjøen. Vi vokna ved soloppgang og såg ut over havet, klare for en ny dag. Det er noko heilt spesielt å ha moglegheita og friheita til å reise rundt slik vi gjor. Ingen låste planar, berre køyre rundt og utforske. Mange av stadane vi kom til var tilfeldige stopp, men alle nydelige stadar eg vil anbefale å sjekke ut!



Surfers paradise
Coolangatta
Kingscliff
Tweed Heads
Hastings Point
Ocean Shores
Byron Bay
Lennox Head
Bangalow
Yamba
Emerald Beach
Coffs Harbour
Nambucca Heads
Port Macquarie
Bonny Hills
North Haven
Camden Head
Dunbogan
Newcastle
Dudley
Redhead
Caves Beach
Catherine Hill Bay
Noraville
The entrance
Shelly Beach
Terrigal
Avoca Beach
Sydney
Newtown




Mange av desse stadane hadde vi kun korte stopp før vi for vidare. Vi prøvde å surfe mest mogleg og hadde kvart vårt brett bak i vanen. Daisy kjøpte seg sitt første brett i Byron, 7`4, midt er 7`0 so dei tok opp mesteparten av plassen i bilen. Vi fann mange flotte plassar å surfe, nokre plassar var bølgene for store for ferdigheitene vora, men stort sett var forholda gode. Folk vi har møtt har også vore veldig gjestfrie. I Byron sov vi to netter gratis i ein teepee med to venner som vi jobba med før, I newcastle fekk vi sove gratis på eige rom på hostel, og i "the entrance" møtte vi ein kar som opna huset sitt for oss. Vi fekk servert middag og frukost, ei god seng å sove i, og omvisning rundt i området dagen etter.

Vi sitt att med så mange flotte opplevingar, og vi kjenner kvarandre ut inn no etter to veker ilag 24/7. Surfeferdigheitene har også vorte betydelig betre og eg er snart klar for å kjøpe meg eit mindre brett. No har vi komt fram til Sydney, newtown og bur i huset til venninda vår Veronique. Vi møtte ho i Byron, jobba og budde saman der. So det er utruleg kjekt å få henge med ho ei veke før ho reiser ut av Australia.





Kaisa Muren

Likes

Comments


Den 16-18 januar reiste vi til Stradbroke island, eller Straddie som dei lokale kalla det. Det er ei relativ stor øy utanfor Brisbane. Ein skulle tru at det ville vere ganske enkelt å kome seg dit, og på kartet verka det veldig nært Brisbane. Realiteten var litt annleis. Først gjekk vi i 10 min til togstasjonen, deretter tok vi tog til Cleveland i ein time, deretter gjekk vi i ca 30 min til fergekaia, etterfulgt av båt i 20 min. Til slutt enda en buss fra fergekaia til hostellet. Det skal også nemnast at vi bærte rundt 20 kg. PUH!! Men det var verdt det til slutt. Ein nydelig plass som både eg og Daisy falt for.

Stradbroke er heimen til quandamooka folket, og det var lite turistar på øya. Fredfull stemning, stille, isolert, vakker natur og rikt dyreliv. Vi såg kenguruar på nært hald, og dei brydde seg ikkje om oss i det heile tatt. Vi leigde oss kvar vår sykkel og utforska øya!. Vi sykla til point lookout, og gjekk kystvegen der (north george walk). Stoppa på ein av dei sjarmerande små kafèane og kjøpte Sorbet-is før vi for vidare til Cylinder beach. Favorittstranda var home beach der hostellet våra var. Hostellet vi sov på heiter YHA Manta lodge, plassert på home Beach, rocky point.

Ein fin stad for å slappe av, nyte naturen og surfe! Det var veldig bra surf ved stranda nær hostellet vora, og det passa oss utmerket. Det var også nymåne når vi var der, og himmelen var heilt klar full av stjerner! Vi kosa oss på øya i to dagar før vi reiste tilbake til Brissy for å plukke opp vanen og starte roadtrippen våra ned langs kysten.


Kaisa Muren

Likes

Comments


13 januar reiste eg tilbake til Australia etter ein måned heime i Ørsta. Tida har gått veldig raskt, men eg har fått kvalitetstid med familie og venner, og lada opp batteria. Turen hit var long. Eg reiste frå Vigra, til Amsterdam, Shang-Hai og til slutt Brisbane! Eg reiste Laurdag 13 Januar kl. 17.10 og var framme i Brisbane Mandag 15 januar 10.00! Daisy, ei god venninde som eg vart kjendt med gjennom jobb, møtte meg på Fortitude Valley Station, i Brisbane sentrum. Etter en kaffi og mykje prat gjekk vi for å finne leiligheita som vi hadde leigd for ei natt gjennom airbnb. Huset ligg i Teneriffe, sentralt og fint område i Brisbane sentrum. Stort fint hus, eige stort soverom, bad, kjøkken for oss sjøl og stor altan. Mi første oppleving med airbnb og eg er superfornøgd. Billigare enn å bu på hostell (når man er to), og det var så godt å få roa heilt ned etter ei long reise. Hostell er kjekt det også, men på ein heilt anna måte. Du har alltid folk rundt deg, og det er meir livleg. Etter 9 månader med hostelliv er eg no klar for litt andre måtar å leve på.

Vi brukte ettermiddagen på å slappe av, gå ut å ete sushi og planlegge tida framover. I morgon sjekkar vi ut frå leiligheita. Vi skal ta toget til Cleveland et lite stykke sør frå sentrum og ta ferga ut til Stradbroke island og vere der i to netter. Vi har allereie booka YHA (hostell). Prisane på airbnb var litt for høge i forhald. Der er planen å slappe heilt av, svømme med delfinar, snorkle med fargerike fiskar og forhåpentlegvis kome oss på eit surfebrett og få nokon episke bølgjer! Den 18 januar skal vi tibake til Brisbane og hente campervanen vi har leigd. Vi skal på roadtrip ned til Sydney og gledar oss veldig til mykje utforsking og surfing!

Kaisa Muren

Likes

Comments


I løpet av dei 8 månadane i Byron Bay hadde eg forskjellige jobbar. I Byron er det ikkje heilt enkelt å få jobb. Ofte får ein jobb fordi ein kjenner nokon, eller fordi ein er på rett stad til rett tid. Det er mange som må konkurrere om jobbane, men det har gått veldig fint for meg, og eg sitt att med veldig gode opplevingar. Eg har ikkje nødvendigvis hatt jobbar med høg lønn, men heller kombinert fleire småjobbar som har gitt meg nok å leve av. Dei jobbane eg har hatt har derimot gitt meg mykje på eit anna vis. Eg har møtt så mange nydelege menneske, fått så mange gode vennar, livserfaring, tilegna meg ny kunnskap og ferdigheiter, og sitt att med minner for livet.

Den første jobben fekk eg tilfeldig etter to dagar i Byron. Eg gjekk innom Aquarius hostel og spurte om dei trengde nokon som kunne jobbe der. Dei nemnde ein mann som nettopp hadde kome og lagt att kontaktinfoen sin. Han trengde hjelp neste dag, og arbeidet omfatta bøker, "bookstuffing" som dei kalte det. Eg ringde og vi avtalte at han skulle plukke meg opp neste dag, då huset deira var i Suffolk Park eit lite stykke frå sentrum. Eg og ein anna gut arbeidde saman i garasja til denne mannen. Vi måtte enkelt forklart ta ut alle arka frå plastlommer i bøkene, og putte inn nye oppdaterte. Det var ca 200-300 bøker, med ca 70 sider i kvar bok. Det tok long tid og var ganske ensformig. Alt var reklame og annonser om ting å gjere, sjå, bu og ete i Byron området. Noko som var midt i blinken for meg. Arbeidet varte i nokre veker. Eg fekk god kontakt med familia eg jobba for. Dei var utruleg opne, omsorgsfulle, gavmilde og snilde! Dei tilbudde seg ofte å hente/ kjøre meg heim, gav oss mat og drikke gratis når vi jobba og var generellt veldig gode menneske. Dei tilbudde også at eg kunne bu med dei om noko skulle gå gale og eg ikkje hadde nokon plass å bu eller pengar att. Ved nokre høve seinare passa eg guten deira på 1 år. Det var forfriskande å møte så tilittsfulle menneske som stolar på ein så mykje etter kort tid.


Den andre jobben
i Byron var på hostellet eg budde på. Etter ei veke i telt i the Arts Factory fann eg ut at eg ville sove i ei skikkelig seng (uten rotter som kom inn). Eg var uheldig å få ei stor rotte som gnagde hol i teltet i løpet av natta. Neste morgen såg vi eit stort hol i teltet, fullt med gnageravføring og mykje av godteriet vi hadde i teltet hadde vorte ete. Vi sjekka inn på Byron beach resort og budde der nokre veker før eg fekk jobb som shuttlebus sjåfør. Dette gav meg gratis overnatting på hostellet. Eg køyrde 3 dagar eine veka og 4 dagar neste, og jobba i eit par månader. Eg køyrde hostelgjestane til og frå bussplassen i sentrum, sidan hostellet låg litt utanfor sentrum. Eg storkosa meg i denne jobben. Eg spelte min eigen musikk og fekk snakka med mange av dei som budde på hostellet. Det var ein veldig chill jobb, men vart etterkvart litt kjedelig på grunn av mykje venting. ofte var det ein time pause mellom kvar køyring og av og til kun 15 min. Det tok opp mesteparten av den dagen. Det er kjekt å sitte att med denne erfaringa - og ja det gjekk heilt fint å køyre på venstre side!


Jobb nr 3
kombinerte eg med sjåførjobben. Eg fekk jobb ved ei burgersjappe som vert kalla "Bayger". 4 kveldar i veka kom eg inn ved stengetid og tok oppvasken, vaska overflater, rydda og vaska golv. Betalinga var heilt ok, men ganske nær minstelønn, og med 8 timar i veka er dette aleine ikkje nok. Men sidan eg ikkje betalte for ein plass å bu gjekk eg ikkje i minus. Men det vart mykje tid og arbeid for relativt lite tilbake (økonomisk)! Etter 2 månaders tid slutta eg i dei to jobbane og var klare for noko anna i Byron! Eg skulle eigentleg flytte inn i ei leiligheit med ei venninde MEN den dagen vi skulle flytte inn - ringte eigar å sa han hadde leigd ut rommet til nokon andre. Der og då vart vi skikkeleg irriterte, men i ettertid er eg glad for at det skjedde. Det gjor at eg måtte jobbe for å finne noko anna i Byron, og det eg fann viste seg å vere høgdepunktet i heile Australia! Meir om det i neste innlegg!

Kaisa Muren

Likes

Comments


Byron Bay harvest og Mojosurf
Gården ligg ca 15 min gange fra sentrum. Den første veka på gården hjalp eg til med reinhald, rydding og arbeid med dyra. Om morgonen gjekk eg bort til hønsehuset og henta ferske egg, vaska og telde dei opp. Elles var det å gje mat til dyra. På gården var det hundar, kalvar, geiter, høns og grisar. Etter ei veke fekk eg tilbud om å jobbe i mojosurf, som teamleader. Eg takka ja og fortsatte å bu på gården. Der budde vi saman i ein stor buss, med plass til 9 personar. Eg arbeidde i mojosurf i 4 månader til saman, og det har vore den beste jobben hittil. Vi fekk vere med på surfetimane gratis og instruktørane hjalp oss mykje og gav oss tilbakemelding. På 4 månader har eg lært meg å surfe skikkeleg og kjøpt eige brett, ein minimal 7.0! Eg har også fått vennskap for livet og skal møte mange av dei igjen. I mojosurf jobbar du, bur, søv og er ilag med dei same folka heile døgnet. Vi vart raskt knytt til kvarandre og vart ein liten familie.

Som teamleader var eg ansvarleg for å ansette folk som kunne jobbe for mat og plass å bu. Eg måtte også trene dei opp i dei ulike arbeidsoppgåvene! Dette var ein kontinuerlig prosess då det er ein kjendt faktum at backpackerar ikkje er lenge på ein stad. Elles arbeidde eg i butikken der eg selde klær, leigde ut syklar, tok bookingar for surfetimar, fallskjermhopp og diverse andre aktivitetar. Favorittoppgåva mi var å vere fotograf på surfetimane. Ein hadde då ansvaret å vere guide, vere sosial/hyggeleg og selje fotopakkar og klede i etterkant. Vi hadde også ansvar for å møte kundane, vise dei rundt, sjekke dei inn på campen, ta dei med på middag og gå ut på byen med dei! Alt i alt ein super gøy "jobb".

Eg har lært og utvikla meg veldig i løpet av tida mi i mojosurf og er veldig nøgd med å ha fått denne jobben! Eg håper eg kjem over noko liknande seinare. Eg likte surfing før eg starta, men det heile enda med å verte ein ny hobby - noko som eg no brenn for og elskar. I midten av desember reiste eg heim for å besøke den fantastiske familia mi og vennane mine heime. Neste eventyr startar i dag 13 januar. Eg har 2 månader igjen på det første visum i Australia. Eg skal ikkje arbeide i mojosurf i Byron med det første, men utelukkar det ikkje i framtida!



Kaisa Muren

Likes

Comments


16 april ankom eg Byron Bay. Dette vart heimen min dei neste 8 månadane. Byron Bay er ein liten surfestad på austkysten, ca 16 timar nord for Sydney. Det er noko heilt spesielt med denne staden. Sjølv om mange turistar kjem hit, synst eg staden framleis klarer å halde på sjarm og særtrekk. I Byron har dei ikkje lov å byggje bygningar over ei viss høgde, så ein slepp å sjå skyskraparar. Når ein rusler ned hovudgata passerer ein ofte fleire "buskerar" (musikarar) og folk som viser fram kva dei kan. Ein går ofte forbi ulike personar som sel smykker, ringar og kunstverk. Ved sidan av kaffibarar sit det personar som kan spå framtida di, lese handflater og liknande. Kvar torsdag er det marked med sal av ferske organiske grønnsaker og frukt. Byron er ein veldig hipp liten stad med avslappa atmosfære. Her går ein rundt barbeint med saltvatn på kropp og i håret. Eg følte eg landa skikkeleg når eg kom til Byron. Kropp og sinn slappa av. Byron var midt i blinken for meg. Noko av det beste var å stå opp før soloppgang for å surfe. Det er ein heil spesiell følelse når ein sit på brettet, nyt stillheita og beveg seg i takt med bølgjene - ofte med selskap frå delfinar og kvalar. Ein gløymer bekymringar, stress og lev her og no!

Noko av det eg vil anbefale å sjekke ut i Byron:
• Dei mange ulike strendene i området: Belongil, Main beach/Clarkes beach, The Pass, Wategos, Tallows, Lennox head/ seven miles beach. Sefølgelig må ein kome seg på ein surfebrett og teste dette ut.
• Marked: Thursday market (Kvar torsdag morgon frå kl. 7), Saturday night market (kvar laurdag i sentrum), stort marked den første søndagen i kvar månad.
• Dei ulike barane, kafèane og resturantane. Mine favorittar var: The rails, The Northern, Mocha, Fresh cafè, Combi og Sunday sustainable bakery.
• Bade i Tea tree lake (Naturlege oljer for kropp og hår)
• Solnedgang sett frå main beach og fyrtårnet
• Soloppgang frå fyrtårnet (Det austlegaste punktet i Australia, så ein ser sola stå opp først i landet).
• Soundhealing (alternativ healingmetode, gratis/donasjon, 10 min frå Byron sentrum)
• Yoga ved dei mange sentera rundt om i byen.
• leige bil og utforske området rundt,. Sjekke ut Killen falls og Minyon falls (To fantastiske fossar).
• Besøke Crystal Castle & Shambhala gardens (Største krystallane i verda)
• Nimbin

Sidan eg var så lenge i Byron er det utruleg mykje eg vil dele om denne staden, og det vil bli fleire innlegg om tida mi her.

Kaisa Muren

Likes

Comments


Eg valde å bu sentralt i Sydney i 5 veker før eg reiste vidare. Eg budde på det same hostellet grunna at eg trivdes godt, fordi det var sentralt og grunna jobben eg hadde der. Hostellet heiter Nate`s place backpackers og adressa er 141 William St, Darlinghurst, NSW. Dette er kun nokre minutt gange frå Kings Cross som er hovudstaden for festing og barar. Kvar morgon var det gratis frukost på hostellet, og det var alltid kjekke aktivitetar ein kunne delta på. 

Frå å vere vandt til ein veldig liten plass som Ørsta/Volda med fåtall av uteplassar, kafèar, kinoar og transport vart livet i Sydney veldig annleis og spanande.. Berre det å lære seg korleis systemet for transport fungerte. I Sydney har dei noko dei kallar Opal-card som ein fyll pengar på og deretter kan ein ta alt av buss, ferger og tog rundt om i byen. Alt ein treng å gjere er å "tappe" kortet når ein går ombord. Etter kort tid vart eg vandt med karta over byen og dei ulike rutene, nummera og dei raskaste linjene å ta.

Kvar dag utforska vi byen og det var alltid noko nytt å sjå og gjere. Eg anbefalar:
Joggeturar/gåturar i Hyde Park som ligg heilt sentralt midt i byen
Ta ferga over til Manly som er ein sjarmerande liten surfestad rett utanfor Sydney
Ta tog/buss til Bondi beach og gå kystvegen til Coogee
Båtcruise eller vandre rundt i Darling harbour
Sjekke utelivet i Kings Cross
Utflukt til the Blue Mountains (nasjonalpark)

Etter fem veker var eg klar for å reise vidare nord. I mine auge er bylivet pulserande, spanande med mykje alternativ og aktivitetar. Men bylivet er også mindre personleg, der folk går litt på autopilot. Det er færre folk som smiler og seier hei, vanskelegare å kome innpå folk (spesielt lokale som bur der) og det tek lengre tid å kome seg til naturområde og strand. Dette er ting eg set utruleg pris på og prioriterar. Difor satt eg turen mot Byron Bay, ein lang køyretur nord. Eg booka eit busspass med Premier (billegare alternativ til Greyhound) der eg hadde moglegheita å ta buss så mykje eg ville, så lenge eg reiste nord og brukte det innan 6 månader. Eg tok nattbussen til Byron Bay frå hovudsentralen i Sydney og ankom neste morgen etter 14 timar køyring!

Kaisa Muren

Likes

Comments