Eit hageprosjekt og oppussing av hagemøbler

Hei fine menneske!
No var da på tide med ei lita oppdatering her igjen. Den siste månaden har vi holdt på med eit nytt prosjekt, ute. Vi har nemleg skifta heile rekkverket på terrassen. Da har vore litt av ein jobb, men herlighet så kjekt da er med litt forandring! Rekkverket så var der fra før var unormalt lavt så no har vi fått da i ei passeleg høgda slik at på sikt så kan hunden gå laus der. DA blir kjekt da når vi skal nyta uteplassen i sommar.

Når vi snakkar om uteplass så var eg faktisk å henta meg to sett med hagemøblar i går. Dei treng litt stell så da blir litt arbeid der òg.Eg har aldri gjort noko slikt før så er veldig spent på kva eg skal gjera med dei. Eg ser for meg at eg kanskje må ta ein vask og kanskje pussa dei? I tillgg må eg bestemma for om eg skal la dei bli svart eller om eg skal prøve å olje dei. Eller, kanskje da blir eitt sett av kvar? Vi får sjå :)

Her er litt av rekkverket så langt.

Kjekt å oppdatera her inne når da faktisk skjer litt her i heimen. Eg har òg eit DIY-prosjekt som eg har lyst til å testa ut, men da får kanskje bli når vi har fullført da vi er i gong med.

Lag deg ein nydeleg dag!

Liker

Kommentarer

,
Hej! Hoppas allt är fint med dig 😊 Jag skulle vilja komma i kontakt med dig gällande ett samarbete 😊 Vid intresse så maila till [email protected], så berättar jag mer. Ha en fortsatt fin dag! / Ida, https://www.bga.se/