Råd til pårørande til dei som har spiseforstyrrelser

Dette innlegget håper eg kan vera til nytta for deg som er mor, datter, venn, sysken, eller lærar til nokon som slit med mat.


Fyrste bod er å ta vare på seg sjølv, fyrst då har ein overskudd til å vera ei støtta for andre. Det å vera pårørande til ein sjuk er tungt og vanskeleg i lengden, og ingen tener på at du slit deg ut.

Sjølv om du er redd, så nyttar det ikkje å vera sint. Vanskeleg, men sant.. Det er lettare å vera sint, enn å innromma kor redd ein er. Men sinnet ditt kan skremma den sjuke lenger inn i sjukdommen. Om du er open og ærleg, vil kanskje den som slit også våge det.

Hugs at dette er ein av dei tøffaste sjukdommane ein kan få. Det er ein sjukdom. Dei endringane du ser i personen er ikkje ein del av personlegdommen, så ikkje bli redd for at du har mista sonen eller dotter di. Men hald ut, det tar tid å koma ut av ei eteforstyrring, og å etablera eit normalt etemønster. Tålmodighet er ditt viktigaste våpen.



Vis dine gode og dårlege sider, og ikkje gi opp. Det same gjeld venner! Sjølv om du sender melding og spør om korleis det går og personen avviser deg, så hald fram med å senda meldingar. Personen har kanskje meir enn nok med seg sjølv no, men vil trenga deg etterkvart.


Og til slutt. DU skal ikkje vera ein behandler. Det må som oftast profesjonelle med for å gjera nokon friske. Men du kan gjerne hjelpe og oppmuntre vedkommande til å koma i kontakt med helseapparatet. 

#pårørende #spiseforstyrrelser #recovery #frisk

  • Helse

Liker

Kommentarer

Instagram @jeahaug