I kveld fikk eg og ei venninne vere med på noko ganske fint. Eg hadde nemleg fått ein invitasjon frå sjølvaste funkygine til å vere med på boklanseringa av hennar tredje bok "Sterk utenpå, sterk inni". Ei veldig fin bok, som eg fekk kjøpt med meg signert av norges treningsdronning. Jørgine er eit raust menneske som var ei verkeleg god vertinne for oss gjestane. Det blei servert god vin i glasa, som ho dessverre ikkje kunne nyte sjølv - eller så dessverre var det kanskje ikkje sidan ho er gravid!!

Boka er meir av den personlege sorten - litt slik Jørgine er på bloggen. Det er ei bok, slik redaktøren beskriv det, som mødre rundt om i landet skal ha lyst til å gi døtrene sine. Den er full av kloke ord om ein aktiv livsstil og om livet generelt.

​Det har vore ein rørande dag på mange måtar, med denne boklanseringa til ei som eg ser opp til og føler meg veldig lik og som eg unnar alt godt. I tillegg fekk eg eit brev i posten som gjorde at tårene trilla som berre det. Kva dette gjaldt kan eg kome tilbake til ein annan dag.

- Ingeborg

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Eg har alltid vore atletisk, alltid vore opptatt av å vere i aktivitet. I dag går det stort sett i trening i form av treningssenter - egentrening og gruppetimar. Eg hentar inspirasjon frå instagram og bloggverda, og mine største inspirasjonskjelder er funkygine, Treningspodden, magasinet ShapeUp og min personlege trenar ved SiO-athletica. SiO er studentskipnadet i Oslo og Akershus, som vi studentar her omkring er så priviligerte å kunne ta nytte av. Eg må ærlig innrømme at medlemskapet her har vore prega av perioder der eg har vore meir støttemedlem enn å aktivt tatt treningssentera i bruk. Dette har heldigvis endra seg for alvor det siste året. For å meistre kvardagen med sine opp og nedturar og ikkje minst press og prestasjon treng eg å vere i aktivitet og gje konkrete krav til meg sjøl for å halde oppe ein viss form for meistringskjensle.

Den atletiske versjonen av meg var likevel danna lenge før for eit år sidan. Gym var alltid eit av mine favorittfag gjennom grunnskule og vidaregåande. Eg har hatt forutsetnadar for å kunne vere god i dei fleste sportar. Eg har vekse opp på ein liten stad i Volda kommune, og her starta vi i mine yngre dagar opp eit idrettslag, og eg fekk bli fotballjente!

Seinare kom eg med på Volda-jentene sitt lag, der vi blei seriemeistrar. Rolla som spiss og venstreving passa meg ypperleg. Eg har alltid hatt eit voldsomt konkurranseinstinkt - eg verkeleg HATAR å tape og ELSKAR å vinne. Å score var ein draum, og å reise på cupar var det kjekkaste som fantes ei periode. Eg har ofte tenkt at eg vil spele fotball igjen ein dag, fordi eg er veldig fan av lagspel, og det å vere i aktivitet saman med andre på denne måten. Dette sjølv om fotball på mange måtar er ei ganske absurd greie å bli så opphengt i - ein ball som skal inn i eit nett, kvifor er det så spennande? Men det er det altså. I dag spelar eg ikkje noko form for fotball, men eg har derimot børsta støv rundt entusiasmen kring engelsk fotball og laget Liverpool. Vi har laga ei greie nokre venninner og eg å gå på sportsbar å sjå dei raudkledde gutane "våre" og heie dei fram i tjukt og tynt.

Samstundes som eg starta med fotballen omtrent blei eg grepen av dansen, og då valet kom og eg måtte velje mellom å satse på dans eller fotball, så blei det dans Eg endte med å halde på med det i over ti år.

Dansen var òg konkurranseprega, men miljøet ved Volda og Ørsta Ballettskule var godt. Alle fekk stå på scena, alle skulle visast fram. Eg fekk vere aktiv eigentleg utan at det var det eg gjorde. Eg hugsar godt medan eg gjekk på vgs, at vi på ein fredag kunne ha fire timar gym, deretter ha to timar dansetrening for så å kjøre ei zumba-trening på det lokale treningssenteret. Vi var ein aktiv gjeng, og hadde unge og sterke kroppar med mykje energi.

Eg ville gjerne stå fremst, vere midtpunkt. Det fekk eg ofte, og eg fekk anerkjent at eg var god til noko. Dette var drivkrafta mi til å vere i fysisk aktivitet - å få utnytta mit konkurranseinstinkt og få my time to shine. Det var ei god stund draumen min å satse på dansen, å gå folkehøgskule først for så å reise til utlandet og danse verda rundt.

Eg var dog kanskje for umoden til å klare å halde auditions og hadde eit enormt behov for å ikkje ha ein plan, å berre pakke ein sekk og reise verda rundt i staden - og det gjorde eg. Seinare begynte eg å studere, og eg fann aldri tilbake til dansen. Fysisk aktivitet blei då mykje meir noko eg måtte tvinge meg sjølv til å gjere meir enn noko eg hadde lyst til å gjere. I tillegg utvikla eg meg til å bli ei kvinne opp i alt dette. Alt dette oppsummert resulterte i at eg lenge hadde eit usunt forhold til min eigen kropp, telte kaloriar, tok mange forskjellige tilskudd for å få den kroppen en ynskja meg. Eg gjekk opp og ned i vekt, trente voldsomt i perioder for så å ikkje trene i det heile tatt i neste periode. Det sunne og naturlege førehaldet eg hadde hatt til ein aktiv livsstil var ikkje der lengre. Det er først no, fleire år seinare, at eg kan seie meg inni ei sunn og stabil treningsperiode.

Når eg er på Sunnmøre er det utruleg fint å vere ute i naturen og ikkje minst å ta seg ein fjelltur. Dette er mitt treningssenter når eg er på besøk hos mamma og pappa, og dette er òg noko som har fulgt meg heile livet. I Oslo går det også an å gå i naturen, men skogsvegane er ikkje rett utanfor utgangsdøra. Slik blir det til at treningssenteret er min beste venn. Med god rettleiing frå folk som er fagkyndige på feltet har eg eit noko konkurransedreve, noko sjølvpleiande førehald til trening. Det er godt å kjenne at ein blir sterkare og meir uthalden for kvar time ein brukar ved vektene eller i gruppetimehallane. 

Dette er altså mi treningshistorie - kva er di?

- Ingeborg

Likes

Comments

I helga gjekk eg i ein marsj - Womens march. Det var kaldt, det var glatt, eg var allereie byrja å bli forkjøla, men det var viktig for meg å vere der. Det var viktig for meg å gå.

Kvar einaste 8. mars, på kvinnedagen, kjem der opp diskusjonar om ein fortsatt treng ein kvinnedag. Vi har det jo så likestilt i dagens Noreg, har vi ikkje det? Greit nok at ein går i tog for vanskelegarestilte kvinner i andre sørlegare og austlegare land, men her til lands har vi jo det like godt som kvinne som mann? Eller?

Eg irriterar meg over slike utsegn. Klart at kvinner får fleire og fleire rettar i arbeidslivet, får fleire leiarstillingar, fleire tillitsverv i politikken. Kvoteringar hjelp oss på vegen somme stadar. Likevel er det noko som trykkjer kvinner under menn meir enn noko anna, og det er gjerne meir i det skjulte.
Eg tenkjer at eg på mange vis har vore heldig gjennom livet. Som aldri har blitt trakkasert, eller?

Der har vore tilfelle der eg har blitt snakka ned til som "liten og søt" for ikkje å snakke om "deilig" eller "digg". Dette høres ut som skryt frå mi side å fortelje om dette - slik er det absolutt ikkje meint. Det er sagt i situasjonar der målet ikkje er at eg skal føle meg bra, men heller at vedkommande som kjem med denne kommentaren ynskjer å gjere meg mindre, ynskjer å dempe meg. Ein klaps på rompa på byen, ein sleip kommentar om korleis ein ser ut i jeansen, der er så mange ting ein kan seie for at ein føler seg gjort meir til eit objekt enn det ein skulle ynskje. Veien til slike kommentarar eller handlingar er kort - fordi det har vore ein aksept for det.

For nokre år tilbake var eg mykje meir politisk engasjert enn det eg er no, trass i at studiekvardagen min dreier seg mykje om politiske spørsmål. Kvifor har eg dempa meg? Eg må innrømme at mykje at grunnen er at eg følte meg mange gangar stempla som ein "bitch" fordi eg hadde sterke meiningar og valde å uttrykke dei. Dette er trist, fordi eg føler det hadde vore enklare å vere mann i dette tilfellet. Å heve stemma, å diskutere og argumentere, stille kritiske spørsmål. Å kunne seie klart i frå om kva eg meiner er greit og mindre greit i mitt eige liv og begunne det med politikk. Kva om eg hadde gjort det då? Hadde eg blitt mindre liten og søt kanskje? Mindre digg?

Eg blir sint når eg les og høyrer at nokre meiner det har blitt vanskeligare å vere mann dei siste månadane. Eg vil ikkje at dette skal framstillast som tilfelle, for det er det heller ikkje. Det har berre vorte vanskeligare å vere ein drittsekk. Feminisme er kanskje noko av det vanskelegaste å selge inn hos menn i politikken, dette sjølv om det ikkje fins noko finare etter mi meining enn ein mann som veit å behandle ei kvinne bra.

Eg håpar verkeleg at folk kan forstå kvifor ein fortsatt treng 8. mars, for alle verdas kvinner - også norske! At eg kan sleppe å forsvare at eg går i ein kvinnemarsj, eller ytrar meg i sosiale medierr. Vi treng #metoo, vi treng kvinnekamp, og vi treng gutta med på laget!

- Ingeborg

Likes

Comments

Så satt eg her da, framfor tastaturet, og har bestemt meg for å byrje å blogge. Eg trur det har klikka for meg, men dette kan også bli veldig gøy.

​Namnet mitt er Ingeborg. Eg er 24 år, i angst for å bli 25. Då er eg liksom nærare the dirty thirty enn eg er 20..... men nok om det. Eg er student, noko som er ein spennande del av livet og noko eigentleg alle burde prøve. Ellers er eg over gjennomsnittet glad i musikk, og å gå på konsertar. Eg er glad i å trene, og opptatt av å halde meg sunn og frisk ved hjelp av trening og eit sunt kosthold. Eg er oppteken av politikk og meiner det er politisk deltaking som driv samfunnet framover.

- Ingeborg 

Likes

Comments