Derfor har eg vært stille

Heisann alle sammen.
Eg har tenkt lenge att eg hadde lyst å begynne å skrive igjen. Har skrevet ett og annet innlegg, men derfor tenkte eg å skrive eit innlegg no om kvifor eg aldri begynte å skrive. Eg kan og skrive att det tar nok nokon veker til før eg begynner å skrive for fylt igjen.

Det begynte i august, eg voknet om natta men kjempe magesmerter. Hadde so intenst vondt. Desse smertene vedvarte i dagene som kom. Har hatt lignande smerter før, men ikkje so lenge. Etter ei veke tok eg kontakt me legen. Fekk da beskjed om att diaré ikkje var farleg før etter 14 dager. Etter 2,5 veke bestilte eg legetime etter å ha ligget å vridd meg på sofaen i 2 timer. Fekk beskjed om å ete masse fiber rik mat. Smerten fortsatte men diareen avtok litt. Vekene gjekk, legen lurte på om eg kunne ha noko med tarmene men også noko med nyrestein/gallestein. Var på ultralyd i starten av oktober men dei fant ikkje noko. Skulle på coloskopi men den vart utsatt, ny time der er i februar. Fortsatt magesmerter og begynte å kjenne att formen var elendig, svimmel og slapp. La om kosten i mitten av oktober til fodmap mat. La om nesten alt utenom knekkebrød. Magen vart betre men ikkje 100%. Men formen vart ikkje betre, blei bare mer og mer sliten og svimmel. Var til legen i starten av november og fekk beskjed om å prøve å pushe på litt. Men uten hell. Mot slutten av november spurte eg om hjelp og legen kontakta psykriatisk etter att eg skåret alt for høgt på eit deprisjon skjema. Var på ein samtale på psykriatisk i starten av desember og har fått innvilget innlegging i slutten av januar.
Formen min e heilt på bunnen. Men prøver å kvile mest mulig og gjøre minst mulig. Eg klarer ikkje so mykje før eg blir heilt tom.
No håper eg att jula blir bra og att vekene fram til innlegging går fort so eg får hjelp.

Liker

Kommentarer