Kvardag, Lunsj, Bergen

Heisann! Då har eg akkurat komt heim frå dagens trening, det var legday som sto på planen idag, og det vart ei kjempe god økt. Kjem nok til å kjenne det godt i morgå, haha. Tenker å legge ut treningsopplegget mitt ein av dagane, håper det kan vere til inspirasjon! Før i dag var eg på skule, etterfylgt av date på Joe & the juice med den finaste sambuaren min <3 Eg hadde faktisk aldri smakt baguettane der før, men dei var kjempe gode! Smoothieane og juicane dei har der er berre så og, Hell of a nerve er nok min favoritt, hihi. Det var i alle fall ein kjempe koselig og etterlengta tur inne i byen. No skal eg hive i meg noko mat, eg er alltid så svolta etter trening haha! Andre som har det slik? Håper de får ein kjempe fin kveld vidare! Snakkast <3

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Tankar

Hei! Då var søndagen også snart over, og ei ny veke er snart i gong. Vekene og dagane går så fort! Den siste veka har gått med til mykje jobb, eg jobbar på Vero Moda på Torgalmenningen for dei som ikkje veit det. Eg trivast veldig godt og det er veldig kjekt! Men som lærarstudent er all undervisning obligatorisk, og med skule nesten kvar dag og jobb frå ettermiddagstid til utpå kvelden kan dagane bli litt longe.. No ser heldigvis den nye veka veldig lovandes ut! Eg har også ein del planar for nye innlegg, så det er berre å følge med, hihi. I dag har eg berre slappe av, vore på middagsdate med bestevenninda mi og på Salt. Det har vore ein veldig koselig søndag, og eg kjenner eg gleder meg veldig til veka som kjem no. Det er viktig med dagar som dagen idag, der ein berre slapper av og gjer akkurat det ein føler for. Haha, eg er rett og slett veldig takknemmelig for at vi har ein dag som søndag i veka vår! Håper de har hatt ein veldig fin søndag, fått fylt opp batteria og er klar for ei ny veke de også! Snakkast <3

Likes

Comments