Nye innlegg

Tenk at om to år kan eg kalle meg for sjukepleiar! Det er rett og slett SINSJUKT at eg er ferdig med det fyrste åre,t og at det har gått så sinsjukt fort. Eg er eigentleg ikkje heeeilt ferdig med fyrsteåret før på torsdag, men eg har fått klargjering frå veiledaren min at praksisperioden er bestått med glans. Eg har vore utruleg heldig som har fått hospitert på Haugetun der eg verkeleg har fått møtt så masse gode mennesker. Praksisplassen er ein av dei finaste avdelingane eg veit om, med gode ansatte og heilt fantastiske pasientar. Som sjukepleiar skal ein vel ikkje bli så glad i pasientane sine, men i denne perioden har det verkeleg vore vanskeleg. Det som overraskar meg er at eg faktisk trives så godt der at eg kunne ha jobba der etter eg er ferdig utdanna, eg meina på ein sjukeheim!

I laupet av dette året har eg lært meg så mykje nytt om kroppen, sittet kjempe masse med pensum og hatt nærmare hundre mental breakdowns. At kroppen er eit så fantastisk vesen som at me DAGLEG produserar nærmare ein million nye raude blodceller, at den kulaste delen av hjartet er dei ulike klaffane og at hjerna styrer alt kroppen skal gjere er tre av fem millionar ting eg har lært meg. Sjukepleien var absolutt den riktigaste moglege utdanningen eg kunne tatt, og eg kan ikkje venta til me skal sette veneflon, ha sjukdomslære og ta blodprøvar neste år.

Gjøvik har også vore ein enorm studieplass i og med at det ikkje er for stort eller for lite, for meg som kjem frå vetle Årdal. Vennene eg har fått her er eineståande, eg har funnet nye bestevenner som eg håpar å få vere bestevenn med resten av livet, ein kjæreste som betyr alt for meg og ikkje minst funnet meg sjølv. Det er når ein flyttar ut at ein skjønnar kor mykje ein bør setje pris på mor som vaskar, for jaggu blir det rotete kun etter ein dag!

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

Likes

Comments

Hello everybody! No er det jaggu lenge sida eg har vore innom denne bloggen, men så masse har skjedd i mitt personlige liv, så eg trengte ein pause. Praksisen går heilt supert og eg er så glad i praksisplassen at eg faktisk berre MÅTTE seie ja til å jobbe som tilkalling der. Pasientane, plassen, dei ansatte og sjefen er rett og slett heilt fantastiske mot meg. Rart at det er jobben din, men ein blir så knytta og så glad i pasientane.

Eg jobba veldig masse dei siste tre vekene som rett og slett gjorde meg utbrent, og kanskje var det difor ekstra deilig å sjå kjæresten i helga. Sida me har gått så masse turar når me er sammen er eg begynt å føle meg litt som mother nature egentlig, jaja det er vel ikkje det værste det? I sommar skal me jo til Risør og forhåpentligvis gå masse, fine toppturar. Å få sjå Norge frå si beste sida er verkeleg balsam for sjela.

I sommar skjer det faktisk veldig mykje som er ser verkeleg fram til. Blogginga går nok opp etter praksisen, men også når det skjer andre ting i livet enn å stå opp, ete, jobbe og leggje seg. Blant anna så har eg ei fantastisk bestevenninne, Astrid, som skal vere med meg i Gjøvik heile sommar. Ho er jo den råaste dama å hengje med, så det blir ein drit bra sommar. I tillegg skal eg gå gay parade, sova på hotell med kjæresten min, få besøk av mitt aller største forbilde (mamma), til Risør med kjæresten og familien hennar og til Spania med nokre av mine beste venninner. Detta blir sommaren sin det ❤️

Likes

Comments

Okei folkens, tenk at neste veke er det fyrste juni og eg fortsatt ser ut som ein kvit vandrande flekk. Burde vel eigentleg byrje å ta litt solarium, men det kostar jo ein formue. Verdt det? Nei. Så er det jo sååå typisk at no når det er heilt strålande vær så har eg jobbhelg. God, don't you want me to be tan? Overkroppen min er eigentleg ikkje så værst, men så ha du beina mine. Berre sjå på det nest nederste biletet, eg er lika kvit på beina som sokkane mine. Hadde berre vært greitt å hatt eit liite underlag til sommaren.

I dag er det kanskje helg for dei fleste, men nokre må også jobba. I dag sov eg faktisk til klokka var tolv, noko eg ikkje har gjort på fleire månadar. Gjett om det var deilig da? Me var forresten oppe på eiktunet i går og tok desse fantastisk fine biletene. Astrid kan verkeleg sakene sine altså. Det ovanfor her blei faktisk profilbilete på facebook. Einaste som irriterar med er den kvite tråden som heng utanfor t-skjorta. Men let it be!

This girl <3 Love you so much Kiki

Likes

Comments

Altså folkens, sjå på detta her. Etter eg hadde vore på trening, og var på veg med min fine sykkel heim måtte eg stoppa. Fytti katta så deilig det var å leggje seg rett ned, ta av musikken og berre høyre på alle dei fine lydane. Er det noko eg har fått opp augene for er det akuratt det der å ta seg tid til å ta vare på dei fine settingane i livet. Folk glana som berre det, men eg hadde ikkje noko i mot det. Lyden fra kjempe små bølger som traff vannkanten, vannscooteren som suste forbi langt utpå vatnet og ungar som sprang fram og tilbake. Terapi, rett og slett!

Så har eg ikkje fått blogga sida det har vore jobbing på jobbing på jobbing, og meir skal det bli. Denne veka jobbar eg faktisk kvar einaste dag, men det går heilt fint fordi eg elska jobben min. Eg las eit innlegg på aftenposten som er så sant! Her skriv Emilie om at det er så mykje meir enn kun å tørke dritt fra rompa til dei gamle. Når du ser mennesker som så sårt treng nokon som høyrer på dei, tek hånda di, smiler til deg og fortell deg at du er flink fyller det hjartet ditt med kjærleik. Herregud som eg elskar jobben, og forsåvidt livet for tiden.

Likes

Comments

For ein fin dag det var i går, og heldegvis begynnar eg ikkje på jobb før klokka kvart på tre. Etter gårsdagen var eg verkeleg sleten, og det var deilig å sove lenge i dag. Rart med det at når ein står opp så tidleg gong på gong søv ein ikkje lengre til klokka er tolv/eitt som før. I dag våkna eg av meg sjølv halv ti, lagde med deilig frukost, vaska kleder og lagde middag. Synest det er så greit å lage middag som ein kan ha med seg på jobb.

Tenkte eigentleg eg berre skulle leggje ut denne outfiten før eg reiste på trening. Bilen min står parkert nede hos Tiril og Iselin, så eg må faktisk gå ned. Fjo, endo meir trening. Er det berre eg som føler det forresten er mandag i dag? Per no hadde eg planar om å skrive at alle skulle få ei fin veke, før mi biologiske klokke sa "Hallo! Det er berre torsdag". Uansett, håpar alle får ein fin torsdag, og hugs at det kun er ein dag til helg!!

Jakke – Kappahl, genser – bikbok, skjørt – zara, sko – H&M, "gucci disco bag" – tyrkia, solbriller – pull & bear

Likes

Comments

Er det lov til å seie at syttande mai ENDELEG er ferdig? Det er verkeleg inga anna følelse som å hive på seg joggebuksa, slapp gensar og ta vekk sminken etter ein slik dag. Eg tenkte faktisk på det når eg gjekk heimover i dag, kor fantastisk heldige me er som bur i eit så fint og trygt land. Då eg gjekk heim høyrte eg dei fine lydane frå vatnet som traff steinane nedover bekken, fuglane som flaug mellom trea og skoa mine som traff grusen. Tenk så heldige me er som ikkje høyrer lyden av bomber, barneskrik og skudd. Hipp hipp hurra for at me har eit så nydeleg land me bur i.

Klokka ti i dag tidleg samla eg og ein jente-gjeng oss hos Tiril og Iselin, klare for champagne frokost. Personleg har eg aldri feira syttande mai med champagnefrokost men ein gong må vere den fyrste. Det var så koseleg å sjå jentene att, snakke litt om praksis og kose oss med god mat (og enda betre kaker). Vidare måtte me jo sjå på russetoget, så me vandra nedover mot sentrum. Som dikka ser ovanfor var det obligatorisk å ta nokre fine bileter, så me stoppa og gjorde det. Etter toget gjekk me opp på huset, der det var (bokstavlegtalt) stappfult! Marte og Karro stod i kø i eit kvarter, før me fann ut at dette ikkje gikk. Tiril blei akuttsjuk med dårleg i hovudet, så ho reiste heim. Egon freista veldig mykje, så me bestemte oss difor for å ta middagen der. Det er da kun syttande mai ein gong i året, vel?

Likes

Comments

​Sjå der ja, snuppa fått seg ny blogg da veit du.

Likes

Comments