11. oktober 2017 vart kjøp av Sundsbøvegen 14 gjennomført og eg kan no kalle meg for huseigar for første gong. Etter å ha budd to år i by kan eg endeleg flytte ut av Molde kor folk ser kun seg sjølv og trafikken er tett. Siste helga i oktober vert det innflytting i det lille huset ved sjøen. Her er det få naboar og lite trafikk, så overgangen kjem nok til å merkast til det positive. I bilete over er det altso det firkanta huset i midten som vert jordas navle framover.

Å skrive blogg har eg ikkje sett på som min greie, men tek å prøvar no etter at to gode venninnar hadde trua. Sidan huset treng litt kjærleik, blir det nok å skrive om oppussing undervegs. Når ein er åleine, har ti tommeltottar og lite med snekkarbakgrunn, kan jo dette verte både spennande/komisk/lærerikt. Men alle må no starte ein plass så eg er positivt innstilt. Er og veldig glad i friluftsliv so det vert nok nokre innlegg om turar eg tek og. Så får vi sjå om blogging passar meg.


Likes

Comments