Header

Livsglede

Ynsket om å lukkast foran symaskina og på vekta, har vore stort dei siste åra. Likevel verkar det som at sofaen vinn kvar einaste gong viljen til både å skape og trivast i skaparverka melder seg seg. Det er so ufatteleg kjekt når eit plagg ligg klart etter timar i systolen. Og det er ingenting som er so gjevande når ein ser at midjemålet minskar etter dagar kor ein har snudd ryggen til dei mange freistnadene.

Denne bloggen skal fokusere på saum og midje. Kva er vitsen med å utvikle seg saumvist når alt eg syr anten vert for lite eller for ukledeleg på ein formfull kropp? Vel, ei meining eksisterer nok, men eg kjenner at lysta til å sy forsvinner når plagga vert for små. Og sjølv om eg finn glede i å sy til andre, er det fyrst og fremst meg sjølv eg vil kle.

Denne bloggen skal difor motivere meg til å gjere ein innsats for å lukkast i å nå måla mine. I takt med at saumferdigheitene veks, skal soleis midjemålet minske. Det handlar om ikkje å gje seg. Eg skal ikkje gje meg.

Likes

Comments