Det er ei stund sidan eg har blogga no... Dette grunna mykje jobb på hotellet og barnehagen der eg er starta som lærling. Lærling tida så langt har vore kjempefin, og eg trivst med borna der.

Andre ting så har skjedd på den tida eg har vore vekke på er at eg var på Justin Bieber konsert den 23 september. Eg, mamma og mitt eldste søskenbarn reiste til Oslo den 21 september og var der til 25 september. Dei andre som skulle vere med kom den 23 september, og var til søndag 25 september. Justin Bieber konserten var heilt fantastisk, og skulle verkeleg ønske at eg kunne få oppleve dette ein gong til eller fleire.


Bildedryss frå september og oktober:


Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - klikk her!

Likes

Comments

I det siste har iPhonen min vert veldig klikka... Den har rett og slett ikkje funka som den skulle. Den har hoppa ut frå appar før eg har råkke å blunka osv, så har enda opp med at eg har restarta mobilen fleire gongar dagen. Dette er sjølvsagt irriterande når det skjer fleire gongar dagen, så i dagtidleg måtte eg då restarte den på nytt. Det kom sjølvsagt ikkje som eit sjokk på meg då eg har måtte gjort det så ofte, men når den då skulle skru seg på att, sto den berre heilt stille. Den kom ikkje lenger enn til at den viste applemerket på ein kvit bakgrunn. Slik sto den kjempelenge. Eg prøvde å skru den av og på fleire gongar for å sjå om den då ville gå lenger, men ikkje snakk om. Den var akkurat lik. Og så på denne dagen då, når me skulle køyre bil. Ikkje hadde eg landa opp IPaden heller, så den brukte kjempelang tid på å lade. Så me fann til slutt ut når me sat i bilen att me kunne stoppe på Voss å høyre inne på ein Telenor butikk der om det var noko dei kunne fikse eller om eg berre måtte kjøpe ny. Dei sa då at dei tvilte dei fekk den til att, men at dei kunne prøve. Så då blei me ventande på Voss ei lita stund. Heilt til dei ringde til pappa. Endeleg ein god nyheit for meg. Dei hadde fiksa mobilen min!!! Eg vart så glad. Så når me kom til Telenor butikken sa dei att einaste minuset var at dei hadde restarta den heilt, så ville sei at ALT blei sletta. Men det brydde ikkje eg meg om, for eg var heldigvis så smart at eg hadde lagt inn bilder frå mobilen til dataen i går, så det at eg mysta alle bilder og appar gjorde meg ingen ting. Eg var berre glad dei hadde fiksa mobilen min så eg slapp å kjøpe ny. Mobilen er tross alt ikkje meir enn 1 år, så eg synst det hadde blitt litt tidleg.

  • 11 lesere

Likes

Comments

I helga var eg på hytta til bestemor og bestefar. Hytta ligg heilt ned attmed sjøen og det er verken nett eller dekning der.

Når me er på veg til hytta er pleier eg å sjekke alt som skal sjekkast av snapp, Instagram og Facebook før eg myste dekninga.

Eigentleg er det litt godt med nokon dagar utan dekning. Det er godt å sleppe å tenke på mobilen, og berre koble heilt ut frå alt som har med nett å gjere. På hytta brukar eg all tid på familie, bading og fisking.

Dette bilde tok eg sist eg var ute til hytta. Då var eg og dei andre eldste i søskenbarnflokken ute på ein liten ferie. Me var 6 stk med alder mellom 16 - 20 år 😊 Den helga er ei helg eg ikkje gløymer. Litt tid med oss eldste må til i blandt, så me har funne ut at dette bør bli ein tradisjon!

  • 16 lesere

Likes

Comments

Hei, og velkommen til min blogg. Eg kjem til å bruke denne bloggen til å dele bilder osv frå min kvardag.

No er eg då på veg til Hunderfossen med familien. Me ligg på ein flott camping som ligg rett ved Mjøsa der me skal vere i nokre dagar.

Her er eit bilde frå første kvelden på campingen.

  • 21 lesere

Likes

Comments