Eg har lenge vore på leit etter eit lite bord, men har ikkje klart å funne akkurat det eg er ute etter. Eg ser gjerne for meg korleis noko skal sjå ut, og blir like skuffa kvar gong eg ikkje finner det i butikkane. Etter å ha sett ein episode av Sinnsnekkeren, blei eg overbevist om at eg like godt kunne lage eit bord sjølv.

Både beisen og materialet er restar frå tidlegare prosjekt. Eg teikna ikkje opp noko på forhånd, berre tilpassa med augemål. Sidan resultatet skulle vere "rustikk", gjorde det ingenting om det var litt skeivt. Eg saga, hamra og beisa- VIPS; Eit nytt bord. Så enkelt kan det altså gjerast ✨

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - klikk her!

  • 103 lesere

Likes

Comments

Med utsikt til sjø og fjell, kan eg ikkje unngå å bli inspirert av naturen når eg skal innrede heime. Eg er spesielt glad i å leite etter materialer i fjøra, for så å bruke dei i interiøret. Dette skaper ein lun og personleg stil i heimen, akkurat som eg likar det. Nedanfor er eit knippe av skattar eg har funne- nesten rett utanfor døra ✨✨✨

Ved hjelp av to beslag blei denne vesle planken ei fin og rustikk hylle.

Pinne+Tråd=Oppheng ✨🙊👌🏼

Rekved har så mange fine nyansar! Her har eg plukka med meg så mange pinnar eg klarte - og satt dei i ein vase. Så enkelt, men likevel ein av mine favorittar.

Rett og slett veldig glad i det enkle!

  • 194 lesere

Likes

Comments

Dette skapet hadde eg på rommet mitt då eg var lita, difor var det ekstra stas å få det inn i stova. Skapet er malt med to strøk "Lady veggmaling, glansgrad 10". Fargen er Jotun sin " Dempet sort".

Så kjekt å få liv i eit møbel som berre var gøymt vekk på eit loft 🙌🏻✨☺️

Før

Etter

  • 114 lesere

Likes

Comments

Tenk at det snart er juni! Med vissheten om at eg skulle ha eksamen i slutten av måneden, gjekk mai-måned så veldig fort forbi. Likevel har det vert en fantastisk fin måned. Synes det er så herlig når blomster og fugler inntar hagen, kveldane blir lysare og snøen endeleg er vekk frå fjella ✨🌸🌿 No ser eg fram mot juni, ingen eksamensstress og begynnelsen av prosjekt "kjeller". Skal berre fullføre skuleåret først ✔️

  • 257 lesere

Likes

Comments