Har ikkje skreve noko innlegg her på nokre månadar, så no kjem det nokre innlegg att. Sjølv om det har vore lite aktivitet her inne, så har eg tatt igjen med aktiviteter ute som eg kan skrive om framover. Har verkeleg hatt ein flott sommar og er nesten litt trist no når eg ser sommaren er på hell. Men satsar på at hausten blir lang og fin også.

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

Likes

Comments

Våren går så fort og eg har ikkje rukke å legge ut dei siste småturane eg har gjort. Men no er det ikkje so fryktelig mange som les denne bloggen, den er meir som ein oppsummeringsblogg for min eigen del. Uansett så har det gått i overnattingsturar som er tatt på sparket i det siste, og det er herleg. Her er oppsummering frå dei siste turane.


15. april Julneset.

Denne dagen hadde fint vær utan at det var noko særleg med varme. Tippar det var 6 grader i skyggen. Drog på kvelden til Julneset utanfor Molde, som er eit ettertrakta turområde. Her er det mykje bunkere etter 2. verdenskrig så mykje historie å sjå til, samt veldig fine stiar å gå på. Eg fann meg ein bålplass nede ved sjøen kor eg gjorde opp bål som haldt til neste dag takket vere eitt stort uttørka furutre. Sjølv om eg drog åleine, kom ei god venninne i halv 11 tida på kvelden. Ho har hengekøye også, samt hadde alt av turutstyr klart i bilen så då passa det utmerket at ho heiv seg med. Sov veldig godt og drog heim att på formiddagen neste dag.

29. april Skarsheia.

Sist helg når eg var heime på Midsund, overnatta eg ute på Skarheia. Gjekk opp Skarsvegen og svingte opp til venstre idet vegen begynte ned igjen til Sør- Heggdal. Veret var fint med lagleg temperatur, ikkje nådd heilt varmen heilt endå men ikkje iskaldt heller. Vanskeleg å finne plass som hadde utsikt og ikkje var for bratt, men fant til slutt ein flott plass med utsikt utover Sør- Heggdal.

Mykje hjortetråkk i dette området og morgonen etter så gjekk ei kolle med fjorårets kalv 5-6 meter unna meg. Heilt utruleg fin opplevelse. Like etterpå sprang ei kolle med fjorårets kalv lengre bak meg også, så tydeleg at stiane blir mykje brukt. Ein minus er at det var ein del bittesmå flått i området. Heldigvis har ikkje vore plaga med at dei bit seg fast, bank i bordet.

5. mai Skolmelia.

Denne veka har vore den første i år med knallfint vêr og temperaturar over 10 gradar (opp mot 16 gradar fleire dagar). Denne turen vart og til på sparket. Etter ein kort, men hektisk veke på jobben, så tok eg helg rundt to på ettermiddagen. Drog heim, pakka og strauk rett opp i Moldemarka. Fulgte vegen nesten opp til Moldemarka, før ein svingte av og gjekk mot Bådalsvatnet. Når ein nådde eit høgdedrag tok ein av mot Såta og der oppi lia låg den perfekte overnattingsplassen. Satte opp hengekøya med kjempeutsikt og laga pastamiddag på primusen før det vart avslapning med bok i sola.

Utpå kvelden gjekk eg opp på Såta (630 m.o.h) for å sjå på solnedgangen med ei øl og spekepølse i lomma. Var som alltid heilt magisk å sitte å sjå på sola forsvinne i havgapet. Såg havskoddå kom inn på grunn av nokre flotte finevêrsdagar også. Når mørket byrja å kome gjekk eg ned igjen til hengekøya. Sov godt, men vakna opp med hovne auger i dag så håpar det ikkje er pollen som allereie har komme for året. Låg lengje i hengekøya og las bok, samt nytte utsikten. Rundt 11 tida pakka eg i hop og gjekk ned til Bergsvatnet som var meir fri frå nordavinden, kor frukosten vart tillaga.

Ein ser at ei veke med varme har fått fortgang i plante- og dyrelivet. Mauren har vakna og er raske på beina, frosken er igang med egglegginga og fuglane syng for harde livet. Har også sett fleire salamandere i går og i dag.

Neste veke er det meldt kaldare og våtare, samt det blir travelt med andre ting, så trur ikkje det blir noko overnattingsturar då. Men no er detaljeplanlegginga for sykkeltur ved Helgelandskysten om ein månad lagt, så no blir det å trene seg opp til det førsteprioritet. Dette blir ein bra vår!

Likes

Comments

Ettersom finevèret endeleg har nådd nordvestlandet, var det godt å få vere ute i sola att. Skjærtorsdag gjekk til fjelltur i Molde før turen gjekk ut til min heimplass, Midsund. På kvelden gjekk eg med telt langsmed fjøra utover eit stykke unna heimplassen før solnedgangen gjekk ned.

Natta i telt gjekk heilt fint, litt kjølig med frost på teltet, men med god sovepose og nytt liggeunderlag så var turen fin. Kvelden gjekk til å sjå på ein nysgjerrig oter som haldt til 5 meter unna teltet på kråkebollejakt, samt lese bok. Neste morgon sat eg lengje på svaberget og naut morgonsola mens eit laksandpar sikra frokosten sin.

Ein treng ikkje dra langt for å oppleve mykje på tur. På den korte tida eg var ute frå kveld til morgon fekk eg sett mykje dyr (grågås, oter, laksand, hjort) og nytt fin vårstemning. Redda også ein fisk som hadde svømt seg fast i tangen ved å kaste den lengre ut i havet igjen.

So var det heim for å ete frokost saman med familien før vi drog ut på båttur. Var ute heile dagen og fikk nokre fiskar, samt vore på Bjørnsund.

Håpar du har ei fin påske også. God påske!

Likes

Comments

Herleg vêr for tida. I dag vart dagen tilbrakt i Moldemarka med fottur opp på Frænavarden, Tusenårsvarden og Audunsheia. Her vart det bålkos og blåbærpannekaker før ein gjekk ned igjen saman med sola.

Likes

Comments

I det klokka passerte 18 på laurdagskvelden starta eg og mi gode venninne Ellen turen opp i skauen. Vi starta i frå Kringsjå og gjekk rolig opp turstien til Varden, Moldes utsiktspunkt. Månen var i godlune og lyste villig veg, samt himmelen viste fram sine mange stjernevennar. Snø fant vi kun heilt oppe den siste kilometeren opp, glatt og vanskeleg men med god bæreemne.

Då vi kom opp til Varden møtte vi på noko østavind, så det vart fort avgjort at vi gjekk litt ned igjen i terrenget for ly. Fant etter ein liten stund ein flott plass å slå leir ved inni eit furuholt. Hengekøyane fann sin plass og eit varmandes bål vart til. Ellen var ganske spent på natta i og med det var hennas første gang i hengekøye. Det å kunne sitje rundt bålet som varmar, i godt selskap og med varm mat er det lite som slår. Menyen bestod av tomatsuppe og rundstykke, samt tørrfisk og kakao til dessert.


Tv. Sanking av bålved pågår. Ellen tek oppvasken mens eg nyt bålvarmen. Hengekøya mi i soloppgng

Utpå seinkvelden la vi oss til under stjernehimmelen og sovna truleg ganske kjapt i kvar vår hengekøye. Ein ligg utruleg godt i ei hengekøye, men utfordringa er at ein blir noko kald - særleg på føten. Det kjem nok av at dei ligg høgare enn resten av kroppen, så det blir prosjekt å finne ein løysing på. Vakna nokre gongar i løpet av natta, men sovna fort igjen. Ellen vart heller ikkje avskrekka, så det var kjekt å høyre.

Klokka hadde passert halv 9 då vi vakna om morgonen til like fint ver. Ein fekk liv i bålet igjen og kokt varmt vatn til kakao mens ein venta på at risengrynsgrauten vart ferdig. Herleg frokost, skal begynne å nytte risengrynsgraut på tur framover. Morgonen gjekk ellers roleg framover, der me satt ved bålet og såg på soloppgangen og etterkvart naut solstrålane.

Me gjekk ned igjen rundt kl.11 og var enige om at fleire hengekøyeturar må gjennomførast i nærmaste framtid.


Ps. dette vart min tredje overnatting av forhåpentlegvis 52 uteovernattingar i år.

Likes

Comments

Beef jerky tror eg er noe av det beste eg veit om. Sommaren 2009 vart eg introdusert til denne matvaren for første gong då eg snubla over det i ein liten handelsbutikk i California, kor eg fann ut at eg aldri kunne verte vegeterianer. I helga prøvde eg for første gong å lage det sjølv, ettersom eg driv å testar ut tørking av turmat. Resultatet vart over all forventning.

Oppskrift (henta frå Matprat.no):

400 g reint storfekjøt

2 ts grillkrydder/kryddermix

2 ts salt

1 ts kverna peppar

1 ss finhakka koriander

1/2 dl worchestershiresaus

Skjær kjøtet i tynne strimlar. Viss det er fett på kan du skjære bort det verste pga. harskningsfare. La det liggje i marinaden ei natt før ein tørkar det 8 timar på 55 gradar.

Snadder!

Anbefale generelt å teste ut tørking av mat, ein kan få til so mykje spennande. Samt ein kan ordne sin eigen turmat slik som en ynskjer det skal smake utan å betale ein 100 lapp for kvart måltid. Kan komme meir inn på turmat seinare.

Likes

Comments

Min første bloggpost jo! Formålet med denne bloggen er å dele ein god del turar som eg går, både i nærområdet og over lengre distansar. Er jo kjedeleg å gjøyme bort turbildar, samt kan hende nokon ser nytte av mine turopplevingar også viss ein tenkjer å gå samme turrute.

Målet for 2017 er blant anna å ha 52 overnattingar i naturen. Første vart gjennomført natt til 1.januar med hengekøye i sørvest og kuling. Overnattinga denne helga var mange hakk betre.

Etter ei veke med mykje nedbør var det i går eit opphald i det våte element. Dermed vart det ein spontantur ut på overnatting oppi Moldelia. Gjekk ikkje ut døra før kl.22.30, så vart ikkje so langt oppi marka, men nok til at ein kunne nyte utsikta over Molde by og stjernehimmelen. Sov tungt i hengekøya (tickettothemoon single) som eg fekk til jul, ganske fornøgd med den gaven! Veldig god å sove i, blir å brukje meir framover også. Fekk også oppleve ein flott soloppgang før turen gjekk ned til sivilasjonen att.

Likes

Comments