Nattero.

Du ser så rolig ut der du ligg, med ditt uskuldige barnesinn - urørt av livet sine mange bekymringer. Forsiktig let eg fingrane gli over dei små kinne dine, så varme og gode. Eg lurer på kva du tenker, føler. Drømmer.

Eg tenker ikkje så mykje på det lenger. Ikkje i den grad eg gjorde medan du endå låg i magen. Men dei streifar meg. Du er framleis så liten at du ikkje forstår. Du ser ikkje forskjellen mellom din familie og leikekameratane sine. Men eg veit du ein dag vil spørje meg. Spørje meg kvar du kjem i frå. Om kvifor det berre er meg og deg, og ikkje meg, deg og ein pappa. Eg skal innrømme eg kvir meg, for sanninga kan virke både brutal og vond i eit barn sine øyrer.

Korleis kan eg fortelje deg at mannen som skulle bli din pappa ikkje ønskte deg? Korleis kan eg sei han gjorde alt for at eg skulle avslutte svangerskapet, for å få det vesle hjartet ditt til å slutte å slå? Korleis fortel ein eit barn sanninga utan å såre? Utan å gi følelsen av å vere uønska. For minien min. Du var så inderlig ønska.

Kanskje det var egoistisk av meg. Egoistisk å bringe deg fram når pappaen din var så imot. Kanskje det var feil. Men så ser eg på deg, og kva ser eg? Eg ser eit lykkelig lite menneske. Ein som har alt det nødvendige, og meir til. Så har du kanskje ikkje ein pappa, men du har meg. Ein mamma som elskar deg - til universets ende og tilbake.

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

  • 16 lesere

Likes

Comments

...himmelsk korrekturlakk over feilstavet sommer...

Helga blir brukt heime hos mamma, i min barndomsheim, mitt paradis på jord.

  • 29 lesere

Likes

Comments

Sjølv om kalenderen seier februar og landskapet utanfor framleis er kvitt, er det noko spesielt med denne tida av året. Etter veker, til og med månadar, i det som til tider kjennes ut som eit evig mørke blir dagane stadig lengre og lyset sterkare. Følelsen av vår snik seg inn i det solstrålene treff stovevindauget. Det same gjer trangen til å vaske rutene, men det er ein anna historie.

Planen for dagen var enkel - rotet skulle tilbake i skuffer og skap, golvet skulle bli synlig igjen og hybelkaninane bekjempast. Planen sprakk etter nøyaktig tre rom. Talen til ein uttolmodig to-åring var klar. "Ut!". Og sånn blei det. I alle fall ein liten tur. Kuldegradene er framleis litt for mange, men litt kald luft i lungene skader ikkje. Ut blei også hekletøyet med. Godt plassert i ein utestol, inntulla i tepper, tenkte eg la fingrane vere litt kreative. Eg var nok ein smule entusiastisk. Minien skal som regel gjere det same som meg, så eg brukte nok meir tid på å løfte han opp i stolen og pakke han inn i teppe enn hekling. Men koselig var det.

Ettersom ryddeplanane mine blei avbrote står leiligheten framleis litt på hovudet. Men kva gjer vel egentlig det? Ei plettfri overflate gav eg opp i same stund som minien kom i hus. I morgo står ei ny veke for tur, og eg satsar på det blir ei bra ei.

  • 38 lesere

Likes

Comments

Så hadde eg laga meg blogg igjen. Skrivelysta tok meg. Det er fint å ha ein plass å skrive, ein plass der eg kan la tankane vandre frå fingrane og ned på "papiret". Ein fristad.


I skrivande stund er eg plassert i sofaen. TV-en surra i bakgrunnen. Kakekrigen. Eg skrur alltid på TV-en for å sjå det, men får skjeldan med meg kva som skjer der. Kanskje like greit. Søtsuget hadde nok overfalt meg, og vips hadde eg funne meg sjølv med kokeboka i fanget i jakt på ei rask, enkel og god kake.


"Mamma!" Babysitteren lyser opp ved sidan av meg. I sekunda som følger høyrer eg masse uforståelige ord. Eg lurer på kva han styrar med, kva leik som foregår der nede i sprinkelsenga. Skulle tru han byrja bli trøtt etter ein dag i barnehagen, men eg tvilar på at "trøtt"er eksisterande i den vesle kroppen. Medan han låg i magen sa eg han kom til å gå frå magetroll til turbotroll. Eg hadde rett i det.


Snart helg no. Planane er få. Det passar meg fint. Kroppen og hovudet treng ein liten pause. Berre ein dag til med jobb....


  • 39 lesere

Likes

Comments