Heihei!

For ein flott dag!
Akkuratt no føler eg at alt går min vei, og det er ein så herlig følelse! Det er mange ting som går som eg ønsker no, og eg må berre ta meg tid til å nyte det! ❤

Eg har blandt anna fått fullført eit stort prosjekt på jobb, det har vert ujevn framgang på det på grunn av fleire personar som måtte ta del/sjukdom og ferie, men endelig er det i boks! Prosjektet har vert kjekt, men eg kjenner skuldrene sank eit par hakk no når det er ferdig. Dette vil gjere kvardagen på jobb lettare, og det er mange som får nytte av det.
Eg har og fått feriepengane på konto, og det er jo aldri feil!

Andre grunnar til at eg er lykkelig akkuratt no er at Knerten er i sin beste form så langt, det har vert ein lang vei frå operasjon og rehabilitering til der han er i dag, men han har vert heilt fantastisk heile veien. Han er ein gladfis utan like, og det er ikkje mykje som viser kva kampar han har vert igjennom. Er så uendelig glad i lykkepillen min på fire bein ❤

Siste grunnen er at eg har bekymringsmelding inne til Mattilsynet - og dei tar det seriøst. Eg kan ikkje skrive så veldig mykje om saken, men eg er veldig glad for at Mattilsynet tar det seriøst og vil undersøkje saka eg har meldt inn. Eg har aldri hatt noko med Mattilsynet å gjere, men har alltid hatt den forestillingen at dei ikkje gjer så mykje som dei burde. I dag har eg fått eit heilt anna syn på dei - etter ein lang samtale med ein av dei ansatte. Eg håpar verkeleg at opplysningane eg gjer vidare til dei kan hjelpe dyra som er påverka. Ingen dyr bør lide unødvendig! ❤

Dette vart litt av eit blanda innlegg, men alt i alt så er dette hovudgrunnane til at eg har eit smil om munnen om dagen ❤

Korleis har du det?
Kva får deg til å smile?

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

Likes

Comments

Heihei!

Då er eg endelig skikkelig på bedringens vei. Antibiotikakuren er fullført i dag, og CRP hos lege har bekrefta at eg er begynt å bli frisk. No er det kunn lungekapasiteten som må på plass igjen. Energien er heller ikkje på topp, men arbeidsdagane skal gå fint - så får heller sambuaren hjelpe til litt ekstra med husarbeid.

Uff, har blitt mykje syting over sjukdom her i det siste, men krysser fingrane for at dagane mine snart blir fylt opp med noko som er litt meir spennande!

Ønsker alle ei flott veke!

Likes

Comments

FRIYAY!

Det føles ut som at eg har venta på denne fredagen i månadsvis. Denne veka har vert pyton med sjukdom, sjukemelding og litt for mykje tid i sofaen og med Netflix. Veka har vert laaang, og tålmodigheten har absolutt blitt testa. Akkuratt no sitter eg med Netflix, igjen, og femte sesong av Orange Is The New Black, eg venter på at klokka skal bli så mykje at eg kan ta min fjerde og siste antibiotika pille for i dag.

Helga blir nok lang den og, for formen er ikkje på plass. Feberen kommer og går, og lungekapasiteten er like ustabil. Er ikkje mykje ein får gjort når ein blir andpusten av å gå over stovegolvet. Dermed har eg ingen planer for helga, med unntak av å ta medisinane eg har fått.

Håper du har ei betre helg enn kva eg har i vente! God helg!

Likes

Comments

Hei!

Det er endelig halvveis til helg, og det skal bli godt! Eg vart sjukemeldt i går, så det er ikkje det at eg saknar sofatid, men herregud så kjedelig det har vert! Eg har ikkje hatt moglegheit til å gå tur med Knerten eller gjere noko produktivt. Eg og Knerten har tilbrakt dagane med å krangle om dyna, Netflix har vert min beste venn og det har vert ein pillefest kvar dag! Det skal bli veldig godt å bli ferdig med alle pillane, men så lenge dei funker så er eg fornøyd.

Det har vert uendelig kjedelig å tilbringe heile dagane på sofaen, i alle fall i så mange dagar - det har vert min hengeplass sidan søndag, så eg gleder meg veldig til å få lungekapasiteten min tilbake.

Likes

Comments

I dag er det ein skikkelig måndag. Det har pøst ned frå himmelen i heile dag, det har regna i heile dag utan pause. Eg har og vert til legen og fått antibiotika for lungebetennelse. Det blir ei tøff veke på jobb, men eg fekk ikkje tilbod om sjukemelding så eg får halde ut!

Dagen har eg tilbrakt med dyna på sofaen, og eg og Knerten har krangla om dyna i heile dag. I dag har me vert nokon sofadyr begge to, og eg kjenner at eg iallefall har hatt godt av det ❤

Likes

Comments

Heihei og god søndag!

Denne søndagen hadde eg og Remi store planer for, men den har blitt tilbrakt i sofaen så langt, og der trur eg at eg blir. Eg våkna opp med feber, hoste og veldig dårlig lungekapasitet i natt, så sofaen, dyna og puta har vert mine bestevenner ❤ Eg innser at dagen i morgon og blir øydelagt, så eit av dei få tingene eg skal gjere i dag er å sende e-post til sjefen, ellers så skal eg slappe av i pute/dyne-slotttet mitt.

Kva gjer du på dagar der du er sjuk?
Har du nokon tips til å bli fort frisk?

Likes

Comments

Hei!

Dagane går so altfor fort, og det er så altfor mykje som skulle vert gjort - i dag jobbar sambuaren overtid så eg skal ha meg ein skikkelig husmordag! Alt husarbeid er blitt uttsatt på grunn av at me har vert travle med både trening av Knerten (2 av 8 samlingar for å bli besøkshund er gjennomført!), jobbing med ved og me har hjelpt eit vennepar med litt oppussing. Dagane har berre sust avgårde denne veka, så i dag skal eg holde meg inne i mi eiga vesle boble og få tida til å stoppe opp litt.

Når husarbeidet er gjort så skal eg kose meg med ein dårlig serie på Netflix og The sims 4,
det er "egentid" det! ❤

Kva planer har du for dagen?
Kva gjer du når du skal ha "egentid"?

Likes

Comments

Topper frå H&M og Floyd

Likes

Comments