Under herskapelege Haussmann-bygningar og koselege fortauskaféar ligg 300 kilometer med underjordiske ganger, sjakter og rom i nedlagde kalksteinsbrudd.


Katakombene, som husar levningane til over 6 millionar parisarar, omfattar ein liten del av det underjordiske systemet. Det er likevel vanleg å kalle det heile for "katakombene". Den delen som er open for allmenheita er å finne i fjortande arrondissement. Ved inngangen står det: "Arrete! C'est ici L'Empire de la Morte" ("Stopp! Her er Dødens rike»). Ideen om å bruke dei underjordiske gangane som gravplass kom som følgje av at gravplassane i byen var overfylte og utgjorde ei fare for helsa til innbyggjarane. Det omfattande arbeidet med å flytte levningane vart gjort på nattestid. Det tok heile to år å tømme ein av gravplassane og prosjektet vart fullført seint på 1870-talet.


Det er anslått at rundt 300 "Cataphiles " tek seg ned til katakombene ulovleg ved hjelp av hemmelege inngangar kvar veke. I 2004 oppdaga politiet ein fullt utstyrt kinosal, akkompagnert av ein provisorisk restaurant. Det finst hemmelege innganger til katakombene over heile Paris, og det er mogleg å nå dei gjennom metroen, kloakksystemet og enkelte kummar. Det finnast også offisielle innganger, og nokre av nøklane til desse har havna i feil hender. Ikkje alle gangane har vorte kartlagt, og sjansen for å gå seg vill dersom ein tek seg ned ulovleg utan ein erfaren guide er så godt som gitt. I 1793 tok ein mann ved namn Philibert Aspairt seg ned til katakombene ved hjelp av ei trapp nær sjukehuset han jobba ved. 11 år seinare vart levningane hans funne, angiveleg nærme ein utgang.


À bientôt!✨

Likes

Comments

Her om dagen fekk romkameraten min og eg føre oss at vi måtte ta oss ein tur til Lille, ein by nord i Frankrike, ikkje langt ifrå grensa til Belgia. Sjølv om vi berre fekk eit knapt døgn, fekk vi utforska fleire områder. Lille bydde på strålande vêr, koselege gater og god mat. Romkameraten min kjenner fleire som bur her, og om kvelden fekk vi samla ein god gjeng til middag. Eg vart fortalt at ein rett som inneheld brød dynka i øl, toppa med smelta ost, var ein lokal spesialitet. Eg hadde svært lave forventningar til smak då eg bestilte denne retten, men den viste seg å vere utruleg god. Morgonen etter trilla vi heim til Paris etter nærare 24 timar med ost, øl og kvalmande (men veldig gode) dessertar.


Bisous!❤

Likes

Comments

Frå onsdag til i går var paps på besøk og vi har hatt nokre kjempefine dagar. Sjølv om han var på kurs dei tre første dagane har vi fått med oss ein heil del; vi har besøkt fire museum, spist falafel i Le Marais (desserten tok vi på ein Franprix, noko eg synest bør bli tradisjon), fått panoramautsikt over byen frå takterrassa til Printemps, vore på kino og spist mykje god mat. Som vanleg vart det ein del gåing og vi fekk med oss mange severdigheiter på vegen - blant anna Notre-Dame, Grand Palais, Pont Alexandre III, Les Invalides og sjølvsagt Eiffeltårnet.

Det var trist å seie ha det, men eg kan trøyste meg med at heile gjengen kjem på besøk allereie i påska. Det ser eg fram til!

7ème arrondissement

Lunsj på Printemps med crème brûlée til dessert. Vi kasta oss diverre over den før eg kom på å dra fram kameraet.

Louvre og Musée des Arts et Métiers

Italiensk på Daroco

Vi fekk med oss 40-års jubileet til Centre Pompidou. Her var det full fest med DJ og nokre veldig originale framsyningar.

Middag på Loup med ein fantastisk god crème brûlée til dessert

Med seg hadde paps ein pose full av blant anna tacokrydder, risengrynsgraut og melkesjokolade frå Freia. Vi får sjå om ikkje søndagen endar med at eg opnar endå ei plate.

Bisous!❤

Likes

Comments

Høgdepunktet i januar var då Elisabeth kom på besøk❤

Utsikt frå Eiffeltårnet

Kinesisk nyttår

På veg heim frå pianokonsert i Le Marais oppdaga romkameraten min og eg ei kjempekoseleg gate med spennande kafear og smykkebutikkar. Hit skal eg tilbake.

Det har vorte nokre museumsbesøk. Her frå Louvre og Les Arts Décoratifs.

Kalde, men solfylte dagar

Bisous!❤

Likes

Comments

Ved Bassin de la Villette ligg Le Pavillon des Canaux. Dette er ein alt-mogleg-stad: ein kafé, ein stad ein kan komme for å jobbe eller møte nye folk, og ein stad der dei arrangerer alt frå filmvisningar til tatoveringsfestivalar. Vinkveldar, yogatimar, foredrag og bake-workshop er berre noko av alt det ein kan få med seg.

Ei skjult perle i 19ème arrondissement

Utsikt over Bassin de la Villette

Etter å ha anbefalt staden til ei venninne frå studentheimen, då ho leita etter ein stad å gjere skulearbeid, blei ho nærast fast inventar. Le Pavillon des Canaux har alt frå soverom til kjøkken, så dersom ein har hamna på ein studentheim med grønne skap og gule veggar kan ein bu her i staden - i alle fall til det stenger.

I badekaret kan ein spele brettspel og drikke kaffi

Bisous!❤

Likes

Comments

Musée Nissim de Camondo, tidlegare heimen til Camondofamilien, gir eit innblikk i korleis det var å leve i ellevill luksus.

Parc Monceau ligg like ved

Bisous!❤

Likes

Comments

Det byrjar å verte ei stund sidan eg har kika innom. Sidan sist har eg gjort det parisarar flest gjer når det er fryyyykteleg kaldt: besøkt museum, vore på kino og sløva under dyna for å prøve å få varmen i meg. Eg har også deltatt på nokre arrangement, blant anna ein improvisasjonskveld der det var improvisert dans, improvisert musikk og improvisert måling, alt samstundes. Det vart litt vel - sjølv for meg.

La Traversée de Paris en Anciennes

La Grande Galerie de l’Évolution, eit museum som er å finne i enden av Jardin des Plantes. Herfrå er det kort veg til den nydelege moskeen.

Det vert mykje gåing, noko som gir meg sjansen til å verte endå betre kjend med området eg bur i. Eg blir berre meir og meir betatt. Planen er å verte flinkare til å dra med meg kameraet etterkvart som det blir litt varmare, slik at eg kan vise dykk rundt.

Gata mi

Elles har eg fått jobb som barnepassar ein til to gongar i veka. Etter å ha sendt ein mail til eit byrå, vart eg oppringt og vi fekk avtalt eit intervju dagen etter. Den påfølgande dagen fekk eg møte ein familie som hadde ein fireåring som trengte barnepass. Etter eit halvt år i Frankrike er eg van med at dei enklaste ting kan ta månadar, så eg var overraska over at det heile gjekk så smertefritt. Eg fekk jobben gjennom eit byrå som spesialiserer seg på språkopplæring, så det er altså meininga at eg utelukkande skal snakke engelsk sjølv om guten ikkje kan så veldig mykje meir enn å telle til ti. Det viste seg raskt å verte litt vanskeleg, då fireåringen både likar å springe og veit kor han skal finne alt frå sakser til tannpirkarar. Heldigvis er han den skjønnaste fireåringen eg har møtt.

Etter å ha fullført første arbeidsdag belønna eg meg sjølv med ei "Galette des rois", som er å finne i alle bakeri no for tida. Eg var også så heldig å få med meg heim ei tekning som fireåringen laga, som allereie er komen opp på veggen. Vi kom fram til at den var av meg.

I dag skal eg prøve å få gjort litt skulearbeid. Dette halvåret skal eg ta privatisteksamen i to fag, blant anna fransk. I det siste har motivasjonen vore på botn, så eg har sett av særs lite tid til å jobbe med faga, men likevel klart å bruke veldig mykje tid på å tenke at eg burde komme i gang. Det vert fort slitsamt, så det må eg få gjort noko med.

Dagens arbeidsplass er La Recyclerie

Bisous! ❤

Likes

Comments

Denne veka fekk eg besøk av Elisabeth, noko eg har gleda meg til lenge. Vi har hatt ei veldig koseleg veke saman, som gjekk litt for fort sjølv om vi har tatt det heilt med ro. Ei kald leilegheit og ei varm seng resulterte i slappe morgenar og lange ettermiddagslurar. Heldigvis fekk vi skivst inn litt sightseeing mellom kvilane.

Vi har feira nyttår hos venners vennar, stått på skøyter i Eiffeltårnet, spist falafel i Le Marais, traska rundt i det historiske sentrum til beina vart såre (denne dagen var vi oppe i 24023 skritt), prøvd ut spennande oppskrifter frå ei kokebok eg fekk til jul, studert skulpturar av veldreide menn på Louvre, gjort eit forsøk på å få med oss den fantastiske utsikta frå taket til Printemps (men klarte såvidt å skimte Eiffeltårnet gjennom tåka), halde fram tradisjonen med å gå på kino når vi er saman i Paris, kjøpt smørete bakverk frå koselege boulangeries, tråkka på Point Zéro framføre Notre-Dame, tatt bilde av oss sjølve på Trocadéro med Eiffeltårnet i bakgrunnen og vore innom fleire butikkar enn eg kan telje. Elisabeth, som er ganske dreven, har handla pose etter pose. Eg var nøgd då eg klarte å kjøpe meg ein genser. Ikkje mange dagane etter vende eg tilbake for å returnere han, utan hell.

Louvre

Lunsj/sein frukost på Season i Le Marais og tur til Trocadéro

Lysekruner pynta opp Rue du Faubourg-Saint-Honoré

Lunsj/sein frukost ved République, som ligg ein kort spasertur unna leilegheita

Le Marais

Indisk på Marcel som ligg nokre minutt frå leilegheita og har utsikt over kanalen, etterfulgt av Le Carmen

Utsikt frå Eiffeltårnet og skøytebana som er å finne der

Bisous!❤

Likes

Comments