I dag, tenkte eg å blogge litt om mamma. Ho har bursdag i dag, og fyller 92 år. Ho er ikkje like god til beins som ho ein gong var, og høyrer heller ikkje like godt som før. Men elles er ho særs "oppegåande". Ho har full kontroll på alt som skjer rundt om i samfunnet vårt, og ho har sterke og klare meiningar om det meste. Når eg tenkjer på kva denne vesle kvinna har vore gjennom i livet sitt, er ho slett ikkje lita. Ho er mektig rett og slett. I sine ungdomsår miste ho mor si. Seinare fekk ho oppleve å miste to små barn. Mannen sin miste ho då ho berre var i slutten av 40-åra. Seinare skulle ho få nok ei vond oppleving, då eldste sonen døudde vel 50 år gamal. Likevel, har ho alltid kome tilbake. Ho har alltid hat krefter til å bry seg om andre. Ho har hatt omtanke for kvar einskild av oss. Ho har ikkje noka lang yrkeskarriere bak seg, men ho har vore i arbeid heile livet. Ho var der når me gjekk til skulen, og ho var der når me kom heim, og ho var der når me la oss om kvelden..

Eg har ikkje alltid vore like flink til å fortelje henne kor stor pris eg set på henne. Ho fortener så mykje meir enn det eg kan gje. Men eg har eiin gong skrive eit lite dikt til henne, og det vil eg gjerne ta med her.

MOR

Mor, det var ho som bar meg som liten,

som vaka om natta, og kjende seg sliten.

Ho som smilte og pludra så god og så kjær,

som viste slik omsut, og heldt meg så nær.


Mor, det var ho, som varleg tok handa,

og stødde meg trygt, dit foten min landa.

Ho som trøystande turka bort tåra,

varsamt strauk over, og lækja bort såra.


Mor, det var ho som sat der åleine,

og venta på borna, som stundom vart seine.

Ho som brukte si tid på oss andre,

og såg oss trygt etter livsvegen vandre.


Mor, det er ho, med sitt grånande hår,

som ber meg i hjartet i aldrande år.

Ho varer meg vel, så eg ikkje kjem bort,

Så takk kjære mor, for alt du har gjort.

Louis Hodr

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - Klikk her

Likes

Comments

No, er det ei god stund sidan eg blogga sist. Målet mitt er eigentleg ikkje at flest mogeleg skal lese, og like. Vel så mykje handlar det om å få ut nokre tankar om ting eg ser og opplever. Det store nye no, er realityserien om Vendela og Petter ? Jøss, eg rekk nesten ikkje fort nok fram til skåla for å spy! Kanskje eg er hard no? Men eg kan ikkje, og vil ikkje forstå at det er dette som opptek oss. Kor mange har ikkje vorte kjendisar (B), berre ved å vise fram rompa si på TV?

Eg er kanskje ein "gamal" mann som ikkje skjønar dette. Men sanninga er at eg ikkje vil skjøne det heller. Eg klarer ikkje å sjå verdien i dette. For meg blir dette "plastikkporno" for plastikkmennesker. Det gjer meg i grunnen litt skremd. Det neste "store" no på TV2 agendaen er "Kendisrestauranten". der skal me få møte mange av desse botoxkjendisane, som kivast om kven som er flinkast til å lage pakkesaus. Eg treng no ikkje sjå på det, og det gjer eg ikkje heller, men eg får med meg kva som skjer.

Så må eg seie litt om Johaug. Dei fleste her heime, er sjokkert over den "harde" straffa ho har fått. 18 månader , gjer at ho ikkje rekk OL. Eg har sjølv stor sympati for henne, og skulle gjerne sett henne klatre bakkane i Sør Korea som eit "olja lyn", men samstundes, prøver eg å sjå det med litt andre auge. Hadde dette handla om ein utøvar frå Polen, Sverige, Russland eller Finnland, hadde eg truleg venta endå strengare reaksjon og utestenging på livstid. Det eg ikkje klarer med mi beste evne, er å skjøne korleis legen, og Johaug sjølv fekk til det meisterstykke å oversjå dopingadvarselen på pakken. Det skulle ikkje vere mogeleg! Men sjølvsagt, det er menneskeleg å feile, men denne vert for grov for meg. Om eg kjøper ei flaske på butikken, og den er tydeleg merka med giftig, så drikk eg den nok ikkje (eller gjer eg det?) .

Eg sjølv, skriv litt dikt og anna, men ser ikkje at eg har noka framtid med det. Det er ikkje det folk vil ha lenger. Det er snart ikkje plass til "gamle" verdiar lenger. Det er ikkje det som er "in". No er det "brød og cirkus" som gjeld. Kanskje er folk flest trøytte av det alvorsame og keisame. Då kan det vel kanskje vere greit å kvile augene på ei vinterbleik rompe, eller to som ligg å vrir seg under ei dyne på Paradise Hotel. Det er i alle fall meiningslaust nok, til at du ikkje treng å ta stilling til noke som helst..

Så er det val snart.. For oss som er på facebook, er valet sanneleg ikkje enkelt. "lukka", er at der er svært mange som postar sitat frå andre, som me kan halde oss til (sjølv om nokre av dei, er frå før krigen, ja den fyrste). Eigne meiningar er det diverre lite av. Om du er i tvil, så kan du nå lese postar som : Erna kom seg ikkje inn i bunaden frå komfirmasjonen, Jonas betaler ikkje skatt for røyskatten sin, Slagsvold Vedum skaut hund, trudde det var Ulv, Hareide trur ikkje lenger på Gud osb. Nei, det vert sanneleg ikkje lett å gjere eit val. Skal eg gå for han som ikkje betaler røyskattskatt, han som skaut hunden, eller ho som ikkje lenger kan gå i bunad. Eg berre "spyr"? Skal tru kor mange som les partiprogramma?

Vel, dette var berre nokre tankar frå ein som sikker er utgått på dato. Eg skjønar sjølv at eg er det . Du treng ikkje fortelje meg det :-)


Likes

Comments

Tenkte eg skulle blogge litt om fotball i dag. Mitt forhold til fotball, heiter Hødd, og berre Hødd. Har eigentleg aldri forstått alle andre sin fasinasjon for t.d. engelsk fotball. Ser sjølvsagt på det av og til, men klarer ikkje med mi beste evne å knyte band til noken desse laga. Nei, gje meg Hasundgot, Haddal, Flø og ikkje minst Hødd. Då, får eg med meg det meste, og les kvar spaltemillimeter som vert skrive om desse.. Dette er "topplaga" for meg, så får andre meine sitt. I Sjølvsagt er det Hødd som har stått nærast mitt hjarte. Eg klarer ikkje heilt å hugse kva årtal denne kjærleiken oppstod, men det er leeeenge sidan, sikkert midt på 60-talet ein gong. Eg hugsar framleis, fyrste Hødd-kampen eg skulle på. Det vil seie, motstandar og resultat har gått i gløymeboka, men opptakta til kampen sit spikra i minnet. Det var på den tida folk kom rekande til lands og til vanns for å gå på kamp. Onkelen min Emil, brukte å ta turen frå Åsestranda for å få med seg Hødd sine heimekampar. Denne søndagen, hadde han lova at eg skulle få være med. Eg venta i spenning, heilt frå eg stod opp den dagen. Då tida endeleg var komen, for å ta gåturen frå Osnes og framover dalen til Høddvoll, vart eg så ivrig, at eg ramla heile loftstrappa til endes. Pusten slo eg ut av meg, men kampen og stemninga fekk eg likevel med meg.

Etter dette var eg heilfrelst. og fekk med meg alt eg kunne av Hødd. Etterkvart som eg var meir mobil, tråla eg også heile fylket for å få med meg treningskampar, anten det opp i Rekdalen (der Hødd årleg møtte Molde til treningskamp), Gjerdsvika, Siffen, eller andre eksotiske stadar. Den tida fantes ikkje internett og mobil, så det vart å vente på avisene, for så å sluke alt eg kunne om laget "mitt". På jobben, hadde eg eit par karar, som eg jevnleg fekk diskutert Hødd med (Jon Sundal , og Lars Gardshol). Kvar mandag, var det fast å møte desse to, og utveksle synspunkt ette helgas kampar, eller utanom sesong for å drøfte stoda, moglege nye tilvekstar eller rett og slett alt som hadde med laget å gjere. Lars, gjekk ikkje på kamp, men var lideskapleg oppteken av Hødd. Vann dei var han opp i øs, men kom der eit tap, og det hende no, så hugsa eg standarkommentaren hans ;"dei vil no ikkje vinne". Men det er klart Hødd ville vinne då som no.

Mi eiga forballkarriere, kan vel best oppsumerast som vel 50 år utan alt for mykje speletid, i alle fall ikkje for Hødd. Sjølv om eg har ørten års erfaring med fottball (stort sett godt planta på raua). Men ein kamp i vaksen alder har eg i alle fall. Under eit feriebesøk , på ei øy på Helgelandkysten, vart eg spurt om eg kunne spele for det lokale "bondelaget" i ein kamp mot "bondelaget" frå ei anna øy. . Eg tok oppgåva seriøst. På ei trøye eg hadde med, stod det trykt HØDD. Dette klipte eg ut, og sydde fast på overdelen ti joggedrakta eg hadde med. I ei saleg blanding av eldre fjøsrøktarar og andre bønder, vart ungsauen eg, sjølvsagt tillagt rolla som spiss. Dei fyrste 15 minutta, gjorde eg mi karriere i norsk fotball. Etter fleire utsøkte innlegg frå ein lokal størrelse dei kalla "fjøslukta", hadde eg plasser ikkje mindre en 4 ballar i nota bak motstandarane sin keeper. Det vart mumla om at denne Høddkaren ikkje var heilt vekke nei ! Alle måla kom sjølvsagt etter soleklare offsidar, men det gjorde ikkje så mykje , mål er mål, og godkjende vart dei. Eg må innrømme, at eg dabba av etter 15.minutt, og det vart ikkje fleire nettkjenningar på meg. Men det vart det det vart. Og, kva veit eg, kanskje går det framleis gjetord om goalgettaren frå Sunnmøre mellom fjøsrøktarane der oppe. Skoa, har eg i alle fall lagt på hylla.. Men kjenslene for Hødd, har eg aldri lagt på hylla.

I 2010, under ein ferietur på Filippinene, hadde ein tanke modna i hovudet mitt. Eg ville ha ei Hødd-tatovering på arma, og den skulle vere sjølvlteikna. Etter nokre dagar med blyant og viskeler, fann eg også ein lokal hero i gata, som var viljug til å utføre svimerkinga. Me hadde eit par møter, før han slepte meg til i stolen. Utstyrt med 10 ølboksar i ein pose møtte eg opp i sjappa. Øla, skulle vere til trøyst ved eventuelle smerte. Eg trur eg fekk i meg ei øl, resten tok tatovøren, om min lokale kjentmann seg av. Det gjekk i grunnen heilt greit. Eg fekk det eg var ute etter, og ber synlege prov på det på mi høgre underarm.

Men kva no Hødd? For snart 5 år sidan, svinga laget mitt seg heilt ditt opp. Etter at Brann var nedsabla i semifinalen, gjekk Hødd likegodt heile vegen, og vann heile skiten i nm-cupen. Stemninga på Youngstorget, og under kampen på Ullevål, var magisk, og ei "ones in a lifetime" oppleving. Den sklal eg ta med inn i æva. No, samla mange seg om klubben. Nytt stadion vart realisert, og omkvedet vart " me har noke stort på gong". Ja , ein hadde kanskje det, men ein eller annan stad på vegen vart det feila. Eg kan ikkje dy meg frå å trekke parallellar til Kristiansund. Eit lag me hadde bak oss på alle måtar. Kvar er dei i dag. Ein kunne heilt sikkert argumentert med ansvarslaus pengebruk osb., men eg trur ikkje forklaringa ligg berre der. Eg meiner laget "mitt" gjekk bort frå grunntanken sin, for å prøve noke nytt, og feila. Ein hadde ein plan om å ta dette vidare, men motet svikta undervegs, og laget fall som ein stein. No strides dei lærde (og ulærde) om kva som er vegen vidare. Noken tek til orde for ein spelarrevolusjon, satse blindt på dei unge lokale. Eg synest det vert for naivt å tru at unge spelarar som rykte ned frå 3. til 4. divisjon for ein sesong sidan kan ta ansvaret med å føre Hødd attende dit dei høyrer heime. Det må vere ein mix, og ein må tore ta nokre riskar også økonomisk. Andre skuldar på trenarane og støtteapparat. Personleg trur eg alle i Hødd-systemet gjer sitt aller beste for å kome på rett kjøl. Ikkje dermed sagt at det alltid er det rette. Men det er viktig å støtte opp om dei som er sett til å gjere jobben, og gjerne kome med saklege innspel om ein har det. Eg ser optimistisk fram mot ein betre haust . No er det FRAM MED BALLANJE som gjeld.

Louis Hodr


Likes

Comments

SJÅ

Den vesle jenta, har mange svar,

som ofte målbind ein bestefar.

Ho veit at steinen har silkehud,

ho veit at fluga er skapt av Gud.


Den vesle jenta, så ny i verda,

men likevel er ho los på ferda.

I bakken gjer ho ein liten stopp,

og strålar mot meg, eg fann ein sopp!


I sanden finn ho eit sneglehus,

og held det fram som i lukkerus.

Så ser ho blomane gule, blå,

og finn to bær, som ho trer på strå.


I lomma legg ho ein neve småstein,

dei er så kostbare kvar og ein.

Ja, i sitt nyfikne barnesinn,

ser ho ein skatt i kvar ting ho finn.

Louis Hodr Røren


Eg kan ikkje heilt ta kvelden, før eg har blogga litt igjen. Det skal ikkje bli ein vane, at eg postar så mykje, men når ein fyrst er i gang, så er ein i gang. Akkurat no, tenkjer eg på ei av jentene mine, som flyttar no til helga. Ho er noko av det kjæraste eg har. Me har vandra saman sidan lenge før ho kunne gå. Det er rart med det, ho flyttar ikkje lenger enn til Oslo, men den daglege kontakta, og helgabesøka vert borte. I åtte år, har me opplevd smått og stort saman. Ho har stilt spørsmål, og gjeve meg svar. Ho har også gjeve meg inspirasjon til å skrive. Eit av dikta mine ber namnet hennar, og er tonesett av Robert Skeide. Eit anna (SJÅ), har vorte til på mine mange vandringar saman med henne i skogen, fjøra og rundt om kring. No er ho klar for noke anna. Ho har hatt mange gode venner der ho bur, og har fått gå på ein flott lite skule. No vert mykje nytt for denne vesle jenta på 8 år. Ny skule, nye vennar , og ein heilt ny stad å bu. Men ho ser lyst på det (noke eg ikkje heilt maktar). Eg kryssar fingrane for at ho vil trivast, og få det godt der ho kjem. Men bestefarhjarte kjem til å sakne den nære kontakta. Slik er livet, ein kan ikkje gjere så mykje med det. No er det kanskje på tide å seie god kveld . Me høyrest ved eit anna høve..

Likes

Comments

Eg syng i Mannskor. No, har koret sommarpause, men Ulstein mannskor, er elles eit svært aktivt kor. Koret, vart stifta i 1884. Eg har vore med sidan 2003.. På repertoaret, står både høgtidleg kyrkjemusikk, og meir verdsleg songstoff.. Det er noke heilt spesielt med å synge i kor (og for meg mannskor). Berre det å kome saman ein gong i veka, gjev energi. Ein kan kome til ei øving trøytt etter ein lang arbeidsdag, og gå derfrå opplagd og med nye krefter. Kammeratskapen mellom oss i koret er også unik. Om ein er 30 eller 80 , spelar inga rolle. Det heiter at dei som syng i mannskor, blir betre elskarar, og det kan nok ha noke føre seg. I alle fall syner forskning, at korsynging, gjev betre helse. Diverre er det slik at det er vanskeleg å rekrutere nye songarar. Mange kjenner vel på at dagen har nok gjeremål. Men hugs då på kva eg nemnde tidlegare ; å synge i kor gjev påfyll av ny og frisk energi. Så oppfordringa er enkel. Kom deg opp av godstolen, og finn deg eit mannskor. Samklangen mellom den djupaste bas til den lysaste tenor, er ein av grunnane til at du burde prøve.

Likes

Comments

AVSKIL

I austeleg ver, set han båten sin ut,

Han er kledd i sin finaste stas.

I hjarte sitt ber han sin eignelut,

Han er klar for sin siste seglas.


Før han dreg, må han snu seg, og sjå seg om,

Mot brauta som ligg der så bratt.

No er heimgrenda aude og folketom,

Og kveldsljoset veiknar mot natt.


I hugen renn tankane enno ein gong,

Om alt han må leggje att.

Han kan høyre, det lyder ein syrgjesong,

Før han stille tek årane fatt.

Louis Hodr


Av og til, når eg kjenner meg litt nedstemd, leitar eg fram noke av det meir vemodige eg har skrive. Det hjelper meg å endre fokus, av ein eller annan merkeleg grunn.. No, vart det diktet Avskil. I ein alder av 59 år, har eg opplevd at mange av dei som stod meg nærast, har gått bort. Dette har nok til ei viss grad vore med på å forme meg som person. Eg lovar at eg ikkje skal like dyster og mørk i framhaldet, som eg kanskje kan synest i mine 2 fyrste blogginnlegg .

Likes

Comments

Du spør meg, kvifor kler du deg i svart ?

Kvifor tek du ikkje på deg eit muntert fargekart?
Og kvifor er du alltid så grublande og grå ?
Vel, det er ein grunn til alt det mørke eg ber på.

Eg ber svart for alle fattige, motlause og små,
Eg ber svart for alle liv som stoppar opp, og går i stå,
Eg ber det for dei mange, som visnar bak ein mur,
Kanskje sit dei der for noko som dei seier eller trur.

Eg ber svart for alle unge utan håp, og utan ro.
Eg ber svart for dei som gøymer seg med sprøyta på ein do.
Eg ber det for dei mange, som ofrar seg i kamp.
Kanskje sendt ut for å kjempe av ein mektig, maktsjuk pamp.

Eg ber svart for alle gamle , som einsame sit att.
Eg ber svart for alt dei saknar, og for det dei kunne hatt
Eg ber det for dei mange som kallar det eit svik,
Det er grunnen til mi grubling, og til å kle meg slik.

Eg ber svart fordi me veltar oss i luksus kvar ein dag,
Eg ber svart fordi me strebar etter meir, vårt statusjag,
Eg kler meg slik for all den liding mange kjenner hardt,
Det er difor at eg alltid ber min dress i berre svart.

Om eg kunne, tok eg gjerne på ein regnboge for deg
Let att augene, gav opp, og såg ein annan veg.
Men før eg ser ei endring, noke me har klart,
vil eg vere han som grublar, og ber sin dress i svart.

Louis Hodr (heilt fritt etter J.C. Man in Black)

Likes

Comments