Bali

Vi budde på det mest fantastiske hotellet (syns eg) på Bali. All season Legian! Det er lov å skjemme seg litt vekk! Og den senga var himmelsk😍 Vi gjekk på det lokale supermarkedet og kjøpte oss snacks og gjekk til stranda. Her er ein del strende på Bali, og mange av dei kan du surfe på. På Kuta som vi befant oss på så var der mange som lærte seg å surfe. Håpa eg ikkje ser slik ut når eg ska prøve meg igjen på surfing! Haha
Vi valgte å joine ein 4 dagers tur rundt Bali. Her reiste vi fra Kuta-Ubud-Candicasa-Lovina-Kuta. På vegen så opplevde vi ganske mykje. Vi fekk sjå eit kulturelt show med dans i Batubulan village. Wood carving, batik handweaving, silver making, coffee and Alice plantation, hellig vatn, Elephant cave tempel, Gunung Kawi tempel, Batur Lake med vulkanen Batur i bakgrunnen. Korleis ein laga salt i Bali, eit lokalt marked i Gianyar, Bat cave tempel, risåkera, delfin ved soloppgang, Gitgit waterfall, monkey forest og enda meir tempel. Har fått med oss utruleg mange tempel på turen men i Bali så er alle så forskjellige at det faktisk er kjekt å sjå dei. Åh sa eg foresten at det var ein privat tur vi var på, eg og Erna med privat sjåfør. Eg trudde jo at eg hadde booka ein guida tur med buss og andre folk. Neida her blei det berre oss. Haha så vi følte oss ganske privilegert. Men var jo samme pris så gjor ikkje oss noke.
Veldig fornøgd med maten i Bali! Enten så e vi blitt meget god på å gå på gode resturanta og velge ut måltid, eller kanskje så funka tripadvisor appen? Mohaha, eg vil anbefale å den vertfall for vi har vore veldig heldig med det vi har valgt. Og sjølvsagt les anmeldelsar før du går, hot tips.

Dei siste dagane i Bali berre slappe vi av og gjorde lite. Var med bassenget og chilla rett og slett.

Gili Trawangan (Lombok)

Vi valgte å bruke ei langhelg på Gili øya Trawangan 🌴 Vi reiste fra Bali med fint vær og kryssa fingrane for finvær. Vi blei henta av ein slags minibuss og kjørt til båtterminalen. Her venta vi litt før vi gjekk ombordstigning i speedbåten.
På veg til Lombok så møtte vi ein storm. Sjukt mykje lyn og torden og på eit tidspunkt måtte kapteinen stoppe og vi venta kanskje ein halvtime før vi kunne kjøre igjen. Lynet slo faktisk ned berre eit par meter unna oss! Wow. Tropiske regnstorma altså, men det er varmt regn då så var litt morsomt. Etter å ha vore så heldig med været på reisa så gjer det meg ingenting med litt regn.
Vi ankom øya Trawangan og her er det ingen motoriserte kjøretøy tillatt. Altså kunn hest og kjerre. Heldigvis så er øya ikkje så veldig stor, så ein kan sykle rundt øya på 30 min, og då har du sett alt.
Vi var på ein snorkel tur og såg alle 3 Gili øyene. Her såg vi blandt anna skilpadde, nemo-fiska og mykje andre fiske arta.
Eg syns det er ekstremt kjekt å snorkle, det er heilt fantastisk å sjå under vatn. Korall, fisketypar og skilpadder! Omg og det treng ikkje å vere fint vær for å gjere det for det e alltid fint under havet!
Dei andre dagane så sykla vi blandt anna rundt øya, tok oss ein photoshoot. Vi såg solnedgangen på stranda og åt på nattmarkedet.

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

  • 26 lesere

Likes

Comments

Manila

Vi brukte ikkje lange tida i Manila. Kunn 2 daga for å vere nøyaktig. Vi valgte å ikkje bruke tid her sidan nesten alle anbefala å reise vekk fra denne byen asap. Men svær by for å sei det sann. Mykje fattigdom, men og svære skyskrapera, ein ser til og med fiskelandsbya, hus på sjøen som er laga av bambus når ein flyr inn mot flyplassen. Mange kontrasta mykje liv!

Boracay

Dette er ei øy på 7 km.. ja du kan faktisk går rundt øya på ein dag, ikkje at eg prøvde men burde vere fullt mogleg. Vi landa på ei anna øy Caticlan for så å gå ned til båthavna (10min), og tok ein båt over til Boracay.

Eg sitte no på ei krittkvit strand og skimta utover det azur blåe havet slår inn mot strandkanten. Sola skimta fram mellom skyene og brisen er akkurat så passe at det ikkje er for varmt her. Palmetrea veiva i vinden og ein kan høyre i bakgrunnen ein halvhjerta Bob Marley paradoi. Det er min siste dag på denne praktfulle øya, og min plan er å nyte det til siste stund.
Amazing!! Eg har brukt dei fleste dagane på å late meg i sola og utforske forskjellige strender på øya. Men eg prøvde og ein anna ting nemleg kitesurfing. Eg var ganske usikker i starten om dette var ein sport for meg, men etter eit par tima så fant eg ut at det var det så absolutt. Og jaggu så var eg litt god i det og, instruktøren kalte meg til og med cooky. Hallo meg liksom? Eg skjønna ikkje det 🙈 Erna og heiv seg med på bølga med kiting, så det var veldig kjekt å prøve noke nytt sammen. So no har vi begge fått kitekort og føle oss Ok sikre på kitesurfing.

No har vi budd her på hostellet i 13 daga. Og heldigvis har vi berre møtt på hyggelige romkammerata. Trur faktisk det var ein fordel å ligge på jenterom. Har høyrt rykter om at på blanderomma så lukta det fælt. Boys ass...
Vi har prøvd forskjellig mat kvar dag, og det er veldig mykje å velge mellom her. Eg prøvde ikkje froskelår sjølv om det skal visst vere meget godt. Ellers takk, holde meg til kylling eg.

Vi har møtt veldig mange forskjellige folk, Erna har ein måte å bli best kjent med dei lokale, medan eg dei andre backpackerane. Hehe godt vi er forskjellege. Dei som jobba her på hostellet er vertfall høg partyfaktor på. Men så igjen kosta 1 liter lokal rom sirka 25kr, og 1 liter vodka rundt 40. Farlige greier!🎉 Transporten som blir benytt er tricycle. Dette er ein moped med sidevogn. Det er ingen bilar her fordi det er rett og slett ikkje plass på vegen🙈

No går turen vidare te Bali og Lombok🌏

  • 50 lesere

Likes

Comments


Hue

Fra Hoi An til Hue så tar det bare 4 timar med buss. Veldig digg å ikkje ha ein kjempe lang tur med buss for ein gangs skyld. Vi gjekk 750 meter til hotellet. Det høyres kanskje ikkje langt ut men i den varmen og ryggsekk så er det ganske langt. Haha. Når vi kom fram til hotellet fekk vi velkomstdrink og frukt, og vi fekk til og med oppgradert rommet vårt uten å betale for det. Nice!!

Hue er ein ganske fin by. Parfyme elva som er det store senteret med fleire bruer, noken kunn for mopeda og folk som går og noken for bilar.

Vi var sjølvsagt litt kulturelle på dette stoppet og vi var på ein dagstur der vi såg Minh Mang Tomb, dette er grava til ein mann som blei kalla Viagra kongen. Grunnen til dette var vel pågrunn av at han hadde 142 barn og 500 konkubiner. Drøyt!
Vi såg også Khai Dinh Tomb, han her hadde på forhand laga sitt eget gravkammer før han døde. Denne kongen var homofil, men fekk faktisk 1 barn og hadde fleire ladyboys enn konkubiner go figure! TU Duc Tomb, han her kunne ikkje få barn pågrunn av at han hadde fått kopper som barn. Men han adopterte nivøane sine. Til slutt fekk vi eit rivercruise på parfymeelva og såg citadel og thien mu pagoba før vi avslutta dagen.

Siste dagen i Hue så var vi på motorsykkel tur. Her fekk vi ein litt anna omvisning av Hue enn den dagsturen dagen før. Eg syns det var skikkeleg bra opplegg. Guiden spurte Ka vi hadde sett fra før slik at han kunne vise oss noke nytt. Absolutt spennande og kjekt. Vil anbefale alle å ta ein slik tur☺

Hanoi

Etter 13 tima med buss så kjem vi oss til Hanoi. Og det regna! Omg.. haha. Det er grått og egentlig ganske trist når vi går av stoppet. Eg trur vi har generelt vore ekstremt heldig med været fram til no så skal ikkje klage. Vi kjem oss til slutt fram til hostellet vi har booka oss fram. Det er første gang det var litt komplisert å komme fram. Alt eg ville var å ta ein dusj og bytte kle meeeen kl er jo berre 8. Så ingen innsjekk før 13. Buuuuu. Vi gjekk ut og fekk i oss noke mat, som heldigvis hjalp på humøret. Vi sjekka ut markedet og postkontoret. Etter å ha shoppa litt i dei siste landa vi har vert i så må vi sende heim litt ting før Filippinene. Heldigvis så var det ikkje så gale pris å sende heim pakke om ein valgte sjøvegen.

Kulturelle biten i Hanoi så såg vi Lotus waterpuppet show, som er eit must. Sjekka opp i litt museum og monument som byen har å tilby. Vi var tilogmed på premieren av Skjønnheten og Udyret. Kosta oss berre 40kr. Vi vant gratis prøvetimer på eit treningssenter på kinoen. Så vi prøvde yoga og shape up time, som gav oss tidenes gangsperre! Men absolutt verdt det🙊
Happy Hour på spa, halv pris på alle spa behandlinga. Ja då seie eg ikkje nei. Etter mykje reising så har ein fortjent seg litt velvære må eg påstå!

Halong Bay

Frå Hanoi så tar det 4 tima med buss til Halong Bay. Vi valgte å ta ein dagstur hit. Eg var litt skeptisk ettersom det var ganske dårleg vær om vi fekk sjå noke som helst når vi kom fram. Heldigvis så gjor vi det. Absolutt majestetisk å komme hit. Alt ser så mystisk ut når ein kjem fram og når båten siger forbi tåka så ser ein svære klippa av stein overalt.
Vi lånte oss ein kajakk og padla rundt i 30 min. Såg 2 grotter og tok masse bilder. Blei litt våt da men det må ein rekne med. Tilslutt så såg vi ei svær grotte. Denne grotta vart tilfeldigvis oppdaga av ein fisker for nokre år sidan. Og den er ansett som den største grotta i Vietnam.

No har vi kome oss fram til solrike Boracay. Gled dokke til updates🌴☀️

  • 50 lesere

Likes

Comments

Ho Chi Minh City

Endeleg har vi ankomt Vietnam. Og vårt fyrste stopp er Ho Chi Minh City. Det kan hende du kjenner denne byen med eit anna navn og Saigon. Vi hadde no vert våken uber tidleg etter å ha kryssa grensa frå Kambodsja. Det tok litt tid her. Vi var med eit lagerhus som såg ut til å vere heilt tomt. Nesten som eit spøkelsesbygg. Når vi kom inn til byen så gjekk vi til hotellet. Heldigvis så var det ikkje så langt å gå. Med mitt blonde hår og blåe auge så blir eg fort plukka ut av taxisjåførane. Men slikt bruka vi ikkje penga på når ein har to bein.
Vi såg ein del av byen fyrste dagen. Operahus, tempel, Notre Dam katedral, marked og diverse parkar. Det er veldig koseleg å gå rundt og utforske. Alle gatene her er pynta med blomster. Vi gjekk faktisk på kino og såg Logan, på engelsk! Haha, det var grise billig 15kr for ein kinobillett, eg daua!! Vi burde og ha happy hour på kinobilletta!

Dagen etter så reiste vi på eit river cruise til Mekong River. Vi kjørte nesten 2 tima før vi kom dit vi skulle. Vi besøkte fyrst eit tempel med 3 gedigne Buddha statuer. Det er veldig fasinerande å sjå desse templa, pynta med gull og glitter og røykelse overalt. Vi kom oss på båten og besøkte ein honningfarm. Eg er ikkje den som lika te men her så likte eg faktisk honningteen som dei serverte! Vi farta vidare og måtte over på enda mindre båta. Her fekk meg og Erna vår egen. Det var kjekt å bli rodd til neste destinasjon. Her fekk eg holde ein anaconda pytonslange. Den va faktisk relativt tung, og ein måtte for alldel ikkje knipe ved halen eller ved haude.
Vi fekk oppleve ganske mykje på rundturen og blei fortalt mykje om kultur og fekk høyre vietnamesisk folkemusikk og ete god mat.

Det e heilt utruleg Ka ein ser på motorvegen. Og då tenke eg på mopedane. Du kan sjå alt frå ein kar som helde på eit kjøleskap åleine, ein gamal mann med 500 kg med løkposar, ein familie på 4, der mora amma babyen medan dei kjøre. For å sei det slik du veit aldri Ka du vil sjå.


Nha Trang

Vi reiste vidare til denne strandbyen dagen etter. Denne bussturen var så som så. Buss sjåføren tenkte ikkje heilt på sine passasjerera. Plutseleg midt på natta når alle sov i 3 tida så satte han på høg musikk i heile bussen, eg va så irritert at eg gjekk fram og bad han slå den av. Haha. Heldigvis gjor han det, men trur eg sov maks 2-3 tima den natta. Vi hadde funne oss overnatting midten av den lange stranda i Nha Trang som er ekstremt lang så vi budde ganske sentralt. Vi fekk satte av oss bagasjen og reiste til fornøyelsesparken Vinpearl. Medan vi venta på den lokale bussen så kom det plutseleg 5 russera og ville ha oss med i ein taxi. Dei snakka ikkje eit kvekk engelsk. Haha. Kosta oss 3kr kvar, så det va jo billig. Vi møtte på dei samme russerane i køen til kabelbana og fekk gå før i køen sidan dei vinka oss fram. VIP ass!😂
Det var veldig kjekt å vere på Vinpearl. Følte meg som ein unge. Badeland, karusella, delfinshow, akvarium, bob-bane, gameroom, ja alt du kan tenke deg.

Dag 2 i Nha Trang så slapp vi berre av på stranda. Det var veldig digg. Sole seg, bade og lese bok blir ein ikkje lei av. Veeeel om du spør Erna så har du kanskje ein anna meining 🙊 Vi reiser vidare i kveld til Da Nang. Vi åt middag og ordna oss før vi reiste til buss stasjonen. Vi tok ein taxi her, og dei nekta på å avtale pris på forhand sidan han hadde taxometer i bilen. For å sei det sann eg hadde auga på den metermålinga heile tida. Stola ikkje heilt på dei, eg ska søren meg ikkje bli svindla. Haha har sikkert blitt det kvar gang men 🙊

Bussen her var ein case i seg sjølv. I begynnelsen var alt fryd og gammen. Sleeper buss har to etasja. Der setene er liggande. Små sov litt og så hadde vi vårt første stopp. Gjekk på do og når eg kom tilbake og satt meg i sete så kom det mange kakerlakka på golvet!! Omg det e det ekklaste eg har opplevd på lenge! Æsj æsj æsj. Trur du eg fekk sove godt resten av turen?
Vi ankom Da Nang, som er kunn 25 km unna fra Hoi An. Vi bytt buss her og kom oss til koselige Hoi An.

Hoi An

Det var veldig greit at denne bussturen bare tok 20 min. For det sto egentlig at den tok 1 time og 30 min. Begrep på tid og forsinkelsar er eit anna vokabular her nede. Haha. I Hoi An så budde vi på eit Homestay hus. Og det må eg sei veldig bra! Eg har aldri opplevd så god service som desse har gjort for oss desse siste dagane. God mat, gav oss vatn og inviterte oss på middag ect.
Eg hadde gjort litt research på skredder før eg kom og komisk nokk viste husverten kven skredderen var. Foreldrene deira var gode venner. Liten verden altså. Eg fekk vist skredderen kva eg ville ha og dei tok mål av meg. Vi avtalte at eg skulle komme dagen etterpå for å prøve kleda. Eg bestilte 2 kjolar og 1 skjørt. Vi gjekk etterpå ned til gamlebyen og kikka. Vi hadde fått lånt sykla av husverten som vi brukte til transport. Veldig behagelig atmosfære i denne byen. På kvelden så var det fullmåne festival i gamlebyen og vi blei kjørt ned til elva av husverten og mannen på mopeda og fekk ro ut på elva for å sette ei lanterne på elva. Det var faktisk veldig magisk. Det krydde av folk overalt, mykje lys, lanterne, musikk, mat og mykje liv.

Siste dagen i Hoi An så fekk eg ordna kleda hos skredderen. Og dei var akkurat som eg ville ha dei. Heilt utruleg at ein kan lage 3 plagg i god kvalitet på under 24 tima som er skreddersydd! Eg vil absolutt anbefale å få skreddersydd kle i denne byen :)
Vi besøkte og Marbel Mountain på dagen. Om du lika Stolzen så vil du elske dette fjellet. For det er trapper overalt. Bra at eg får litt trim på turen då. Utsikta og sont fra fjellet kan eg ikkje skryte over men grottene var heilt fantastiske. Det var nesten som at det var tatt ut frå eit eventyr, veldig kult å sjå på ekte.
Det var nesten litt ekstremsport å gå her, kanskje og pågrunn av valg av fottøy. Haha flipfloppa er kanskje ikkje det smartaste men det fungerte no.
På kvelden så var vi invitert på middag av husverten sidan det var vår siste kveld. Så her fekk vi middag og koste oss. Veldig hyggelige folk, eg følte at eg var på besøk hos tanta mi enn å faktisk vere gjest på eit hotel.

No er vi påveg vidare til Hue. ☺
Vi snakkast snart🙌🏼

  • 46 lesere

Likes

Comments

Phnom Phen

Etter ein 6 timers busstur så havna vi i hovudstaden Phnom Phen. Busstransport er veldig sytalaust her i Kambodsja. Gode behagelige seter og dostop undervegs. I denne varmen så blir ein litt lat så tuktuk til hotellet fra bussstasjon er blitt fast invitar. Men absolutt verdt det. Hotellet som Tone hadde funne var veldig sentralt og god standard på. Ettersom vi ikkje hadde så mange dagar her så heiv vi oss rundt og byrja å utforske byen. Vi gjekk til slottet og tok ein promenade langs elva, sjekka ut eit tempel og byens marked.

På dag 2 så bestemte vi oss for å besøke S21 museumet og killing fields. For dokke som ikkje kjenner til kva dette er så er her ei lita oppsummering.
I Kambodsja så styrte røde khmer landet på ein veldig brutal måte særs fra 1975-1979. Dei satte igang masseutryddelsar. Motstandara av regimet blei torturert eller drept. Utdannede folk blei også drept, og folk som blei sett på som intellektuelle. 1 av 4 blei drept under denne perioda i Kambodsja.

Røde Khmers styre bestod også av etnisk rensing. Kinesere og vietnamesere drept. Kun kambodsjanere ble regnet som "rene mennesker". Stadane der folk blei torturert og drept kallas for døsmarker/killing fields.
Rundt 2 millioner mennesker ble tvunget ut av byene og ut på landsbygda for å arbeide.

Det var veldig sterkt å sjå S21 musemuet som var originalt ein skule, men som Røde Khmer og Pol Pot brukte som eit tortur fengsel. Vi hadde ein engelsktalande guide som fortalte. Mora hennar var ein av dei som vart berørt av hendelsen. Vidare så kjørte tuktuken oss til dødsmarkene og der hadde vi ein audiotour. Det var ganske bra opplegg og informativt. Vi gjekk rundt på området og blei forklart kva som skjedde, og fekk høyre historiar frå folk. Det er heilt sjukt at alt dette skjedde fra 1975-1979.

I Phnom Phen så skilte våre vegar med Tone og Sondre som reiste vidare til Vietnam, vi hadde fortsatt litt tid igjen før vi kunne reise til Vietnam og derfor fant vi ut å prøve strandlivet i Sihanoukville.


Sihanoukville

4,5 time fra Phnom Phen med buss ligger Sihanoukville. Her kjem du til ein relativt liten by men høg backpacker trend. Her kan ein slappe av på stranda, snorkle, besøke nasjonalparka ovs. Og ja vi gjor alt det. Vi tok ein båttur der vi fekk besøke 3 øyer på ein dag, her var set snorkling, utforsking av øyer, cliffjump og enda meir snorkling. Eg hadde gløymt kor kjekt det er å snorkle, er jo ikkje så ofte eg får gjer det heime i Norge. På øyhoppinga så fant vi paradis, krittkvite strende og blått hav. Dagen etterpå hadde vi ein guida tur til Ream nasjonalpark. Her så venta vi 1,5 timer før pick-up kom. Han hadde gløymt oss/trudde at vi skulle dagen etterpå. Vi rakk heldigvis turen da. Turen på nasjonalparken var egentleg veldig skuffande, ikkje så veldig mykje å sjå og det som skulle vere 3 timers gåtur var ein 40 min spasertur gjennom jungelen. Det er veldig lavsesong her no og det merka ein godt.
Vi åt lunsj ved eit hus ved elva, og det var ved ein typisk bolig som vanlege folk bur i. Ingen møblar, dei søve i hengekøyer og toalettet er berre eit hol i bakken og rett i elva. Eg tvila på at eg kunne ha budd slikt 🙈

No gleda vi oss til å komme til eit nytt land og nye byar. Eg kjenner no etter nesten ei veke her så er eg veldig rastlaus etter å komme meg vidare. Og dei neste vekene vil bli mykje meir hektiske med mykje på agendaen. Så dette blir veldig spennande ☺

  • 49 lesere

Likes

Comments

Bangkok

Det er frykteleg deilig å komme til eit nytt land! Når ein er på reise blir ein litt rastlaust sidan du veit at du er på farten. Tida går veldig fort og ein opplever så mykje kvar dag. Te tider lurer eg på kvar tida blir av, men på same tid så går tida sakte. Ja eg veit det høyres rart ut men det er sant.

Visum check ✔️ ,eg var egentlig ikkje bekymra for at dette ikkje skulle gå i orden men etter forrige rundes visum nekt så sitter det litt inne frykta for avslag. Men neida ingen problem, valsa meg gjennom kontrollen som ei fjær.
Vi tok flytoget inn til sentrum i Bangkok og derfra ein taxi sidan vi ikkje visste heilt kor vi skulle hen. Hostellet vårt låg i ei sidegate av ei ganske så populær gate med mykje liv, marked og høg partyfaktor.
Vi brukte tida vår godt og på to daga så såg vi Dustin Zoo, Grand Palace, elvecruise, forskjellige templer. Chinatown og båtekspress. Eg er glad at vi tok oss tid til dei forskjellige plassane. Tempela her er i gull, og utallige Buddha statuer overalt. Det som er viktig er å vere riktig kledd når ein skal besøke tempel eller Grand Palace, ellers får du ikkje komme inn.
Eg har prøvd å vere flink å ete lokal mat når eg er ute å reise men fy søren kor godt det var med burger på burger king! 🙈


Siem Reap
Vi valgte å ikkje bruke så mykje tid i Thailand, dette grunna at det er veldig turistifisert og ein kjem høgst sannsynleg tilbake her ved ein seinare anledning. Derfor kryssa vi grensa over til Kambodsja og til tempelbyen Siem Reap.
Vi tok ein buss fra Bangkok som tok oss heile vegen til Siem Reap. Her blei vi tatt godt vare på, vi fekk frokost, vatn, lunsj og visum hjelp. Alt gjekk smertefritt og var enkelt. Byen Siem Reap er relativt liten og eg elska byen med eingang. Det er ein egen atmosfære, som er avslappa og ikkje stressande som det ofte er i dei store byane. Vi fant ut at vi booka tur til Angkor Wat, som er den store tingen å gjer her. Angkor Wat er mykje meir enn 1 stort tempel. Her er så mange tempel at du kunne ha brukt fleire dagar, og området er gedigent. Vi hadde ein tuk tuk som vi hadde heile dagen som kjørte oss til dei forskjellige Templa vi ville besøke. Vi såg sjølvsagt Angkor Wat fyrst der vi brukte eit par tima, va ein lang kø opp til øverste tårnet, og helsikken for noken trappe 🙈 Dei var bratt, og då meina eg drit bratt! Deretter kjørte vi til Angkor Thom og gjekk gjennom litt forskjellige templer, sjølvsagt Lara Croft sitt tempel Ta Prohm, veldig kult. Vi såg og ein heil haug som eg ikkje huksa navne på, det vart vertfall ein del trakking. 15 km for å vere nøyaktig 🙊11 tima med tempel er meir enn nokk for meg.

Hotellet vi budde på var veldig greit, reinsleg og store rom. Eg trur eg heile tida forventa meg det værste når det gjelder hotellrom. Men det er jo greit for eg blir som regel alltid positivt overraska. Ein ting som eg ikkje er glad i er myggstikk! Etter å ha blitt skikkeleg opphovna fant eg ut at eg måtte til apoteket og spør om råd. Heile ankelen var opphovna. Dei gav no meg ein magisk krem som skulle funka, og det gjor den. Stoppa kløe og fekk ned hevelsen - my new best friend!

Dagen etter leigde vi sykkla og sykkla 13 km utanfor byen for å komme oss til ein flytande fiskelandsby. Vi hadde på forhand høyrt at vatnet var lavt så opplevelsen ville ikkje bli heilt det samme. Men litt mosjon har vel aldri skada noken☺ Varmt vart det vertfall, hadde heldigvis med meg nokk med drikke. Vi avslutta kvelden med å gå på akrobatisk sirkus , dette var fantastisk. Veldig flinke artistar og for eit show. Kan godt anbefale dette om det er noken av dokke som skal reise hit 👌🏼


To be continued 😊

  • 74 lesere

Likes

Comments

Eg ska oppdatere dokke på India! No har siste del av India oppholdet blitt ferdi og ny destinasjon Bangkok er igang.

For eit land India er egentlig. Det er så mykje fargar, lukter, forskjellige folk, forskjellige skikkar, konservative, liberale, hissig trafikanter, har dei trafikkreglar? Ingen brukar setebelte? Tuting betyr noko heilt anna enn det da gjer heime🙈 Yoga! Gandhi, strandliv, tempel, solnedgang- soloppgang! Varmt, klamt, pruting, sterk mat og vondt i magen.

Frå Udipur så reiste vi med buss til Ahmedabad. Dette var ein ganske grei busstur, vi hadde på forhånd blitt advara mot dårleg standar. Her vart eg positivt overraska, stor beinplass og greier. Det var til og med slik du kunne sove over sete. Men dei vart heller brukt til 4 stk som satt over meg. Eg antar dei betalte mindre for den plassen. I Ahmedabad så skulle vi sjekke ut huset til Gandhi. Han budde her i over 10 år, spennande å sjå korleis han levde og litt om historia hans. Heilt utruleg og fasinerande.

På kvelden så reiste vi med nattog til Mumbai, vi kan vel sei det sann at eg og nattog ikkje er gode venna. Haha! Men det gjekk no heilt greit. 3 stk liggjande over kvarandre, hello leirskule! Og der va berre køysenger!
Mumbai er ein ganske travel by, heile 30 mill er det som bur her. Det er drøyt mange folk. Vi byrja dagen her med frokost for så ein sightseen tur rundt byen. Her fekk vi sjå alt fra stranda- hagepark- tempel- begravelsetempel- Indias rikaste mann sitt hus- Mumbai sitt største vaskeri- Victoria stasjonen og slummen Shantram. Mange kontrastar kan ein vel sei. Det som gav mest inntrykk var slummen Shantram. Her var det 35 tusen som bur i slummen. Og det er som ein labyrint når ein går i gjennom. Guiden sa at om ein skulle gå til andre sida av slummen brukte ein opp til 3 timar, det e sjukt lenge. Men det overraska meg faktisk kor reint dei hadde det, sjølv i slike omstendigheter. Og alle virka egentlig glade og var vennlige når vi kom og fekk sjå korleis dei hadde det. Du kan tenke deg når India sin rikaste mann har ein bygning til 60 bill dollar og der bur 4 personar i, og 35000 mennesker bur oppå kvarandre på eit lite areal.

Siste destinasjon i India var Goa. Det Goa er kjent for er strand- varme- fest! Og det var det, ein slåande varme i heile 38 grader møtte oss ved flyplassen. Deilig? Nei... Eg skal absolutt ikkje klage, men det va ein tanke varmt for ein nordmann. Vi budde på ein plass der det var overraskande mange turista, og litt sann eldre turistar og helst fra Russland. Men sol og varme fekk eg, til og med litt solbrent. Eg gløymde sjølvsagt å smørje meg på føtene, eller på rista! Outch.. Godt eg har eit lager med aleo vera! 🙈☀️ Stranda var fantastisk, havet var så salt at eg flaut av meg sjølv. Og eg bruka å ha vanska for å få te å flyte, men her så kunne eg berre legge meg på sjøen. Nice! Vi avslutta Gadventures turen med ein fin middag ute i byen og pilsa på stranda i stjerneklar himmel med musikk i bakgrunnen. Du blir litt lei av indisk musikk etter ei stund, så når ein tar på noke gamle klassikere så blir stemning😂

No har vi sjekka inn på hotellet i Bangkok. Eg er spent på kva denne byen har å by på. Stay tuned☺

  • 67 lesere

Likes

Comments

India så langt har levert! Eg starta turen med å lande i Jaipur. Der blei eg henta av ein mann som kjørte meg til Tordi der resten av gruppa befant seg. Veldig kjekt å få møte Erna, Tone og Sondre igjen!

Eg fekk så vidt komt meg inn på hotel rommet før vi skulle avgårde og sjå ein solnedgang. Veldig kjekt å få møte resten av gruppa. På kvelden så fekk vi oss henna av tradisjonelle indiske mønstre. Nesten alle jentene fekk seg ein. Og det var ganske billig også. Visste du og at 90-95% av alle ekteskap i India fortsatt er tvangsekteskap?

Pushkar. På veg til Pushkar så brukte vi jeepa til å komme oss fram. Og vi satt 6 stk i kvar bil. For å sei det sann så er det ikkje vanlege vegar som vi er vandt med, heller litt grus, litt asfalt og diverse. Og alle kan kjøre kor dei vil. Plutseleg kan det komme 2 mopeda 1 bil og 1 buss imot deg på ein og samme gang. Trafikkreglar finst ikkje. Eg hadde aldri kjørt her! Og kyr er det overalt, det er veldig viktig å ikkje kjøre på dei.
På kvelden så reiste vi for å sjå eit kulturshow, og transporten her var å ri på kamelar. Dette var veldig kjekt. Når vi kom fram fekk vi ein fin velkomst og fekk prøve indiske kostymer. Dette var sjølvsagt stor stas. Middag og dans vart det etterpå i solnedgangen.
Dagen etter starta eg dagen med å gå opp eit fjell før sola gjekk opp. Dette for å få med seg den fine soloppgangen. Vi sto no på toppen eg, Erna, Bella og Zala og plutseleg kom det ein heil familie av apekattar. Og etter 5 minutt så kom jo heile slekta. På dagen så såg vi fleire tempel og såg på markedet i Pushkar. Litt shopping blei det jo.

Udipur
Vi tok tog til Udipur fra Pushkar. Heilt vanleg tog, men du kunne jo ha dørene åpne og henge utanfor. På eigen risiko sjølvsagt. Hotellet vi bur på i Udipur er amazing! Tvila på at eg ser denne standarden før eg kjem heim at. Men greit med litt luksus da, og varm dusj! Dei har te og med svømmebasseng! Himmelsk..
Vi har her sett på tempel, city palass, India sitt svar på Venezia, vore på eit kulturshow og sett mange forskjellige tradisjonelle dansar. Og showet slutta med at ei 70 år gamal dame dansa med heile 10 krukker oppå haude. Wow.

Eg har og lært ein del om både kultur, mat og kunst. Vi var på eit malekurs, der vi fekk innblikk i korleis dei mala. Fargane kjem fra forskjellige steinar og blanda med vatn. Dei har ofte dei samme figurane i bildene sine. Og dei som oftast går igjen er kamel som er symbol for kjærleik. Hest som er symbol for styrke og elefant som er symbol for god lykke.

I morgon skal vi vidare til Ahmedabad og sjå Gandhi Ashram, (huset til Gandhi) og så natttog til Mumbai. Det kan jo bli koseleg.

Vi snakkast, eg har ein middag som eg må gjere meg klar til☺🙈

  • 76 lesere

Likes

Comments

Turen min fekk ein litt meir trøblete start enn eg hadde forutsett. Eg og kusina mi Erna la ut på turen fredag 3 februar og landa i Dehli 4 februar. Til min store fortvilelse vart eg stoppa i immigrasjon fordi eg hadde feile papir med meg. Eller formen på visumet var feil, sjukt kjipt! Er det muleg?
Eg måtte bli sendt heim på neste ledige fly til London, så Bergen. For å sei det sann eg skjønnar korleis Tom Hanks hadde det i The terminal. Eg blei ført inn igjen i flyplassen og dei tok passet mitt, dette fekk eg ikkje igjen før eg skulle boarde flyet til London. I 14 tima satt eg på flyplassen i Dehli. For å vere ærleg så va det utruleg tøft å sitte å vente, føle seg hjelpeslaus og ein smule småkriminell. 38 timar uten søvn hjelper heller ikkje på. Heldigvis etter gode samtala med venninner og familie så klarte eg å vere litt meir positiv. Det var utruleg deilig å komme heim at til Norge og få "puste" igjen.

Det hjelper aldri å gje seg. Sjølv om ting er vanskelig så er det viktig å sjå framover, og positivt. Eg måtte virkelig ta meg i nakken for å få det til men eg klarte det til slutt. Det e bare å komme seg på beina igjen og prøve igjen.
Eg søkte nytt visum igjen til India på mandag og fekk godkjent dagen etterpå, dette er sjukt raskt ettersom det kan ta opp til 72 timer. Så da var det bare å finne ein flybill til India kjapt og gale.

I dag 8 februar prøver eg igjen. Så eg er i skrivandes stund på veg til India og skal bli gjenforent med reisefølget mitt! Fyrst skal eg bare besøke eit par flyplassa😂

Så alltid dobbeltsjekk visum! Note to myself☺ Når eg snakka med den norske ambassaden var dei overraska over at eg hadde komt meg til India, eg burde ha blitt stoppa i Bergen eller vertfall London. Eg håpa virkelig alt går bra no! Wish me luck 🙈

  • 291 lesere

Likes

Comments

Tida er snart inne for at backpacker eventyret starta. Om 9 dagar så går flyet frå Flesland. Eg tenkte å fortelle dokke om reiseruta mi.

Fyrste stopp er New Dehli, India, her skal eg på ein 14 dagers guida tur som Kilroy har laga. Det blir guida tur til Taj Mahal og Amber Fort, omvisning i byane Jaipur, Pushkar, Udaipur og Mumbai. Besøke Gandhi Ashram og andre gøye opplevelsar.


Vidare reiser eg til Bangkok, Thailand herifra har eg 30 dagar før neste fly fra Hanoi, Vietnam går. Her er planen å sjekke ut Bangkok for så å ta turen bort til grensa med Kambodsja og reise vidare til Siem Riep og sjå Angkor Wat. Så tar vi buss vidare til Ho Chi Minh City og ta tog opp langs kysten. Eg har ikkje planlagt alt til minste detalje men det er jo det som er kjekt. Ta ting litt som det kjem. Det viktigaste for meg er å få oppleve mest mulig og ikkje gå glipp av noke, om det er mulig.

Fillipinene, her landa vi i Manila. Men det blir fort ein flytur rett til Boracay og her skal eg nyte livet. Krittkvite strender, snorkling! Her skal eg slappe av litt etter ein hektisk periode.


Bali, denne plassen har eg høyrt mykje om men har egentlig ikkje noke store preferansa om kor ein bør reise. Men ein ting som eg skal er å ta ein båttur til Gili øyene i Lombok. Ellers så tar eg det som det kjem og er spontan.

Australia
Vi landa vi i Sydney og starta med 5 dagers surfekurs. Vi avslutta surfekurset i Bayron Bay. Og denne byen er kanskje ein av mine favoritt bya fra den tida eg studerte i Australia. Eg gleda meg veldig å komme til landet igjen, bare 7 år sidan sist. Ettersom eg har vert her før så har eg ikkje så mykje nye plassa eg må sjå, men eg skal til Alice Springs og ska på ein 3 dagers tur og sjå Ayers Rock, det hellige fjellet til Aborginerane. Ellers går flyet fra Brisbane så det blir nokk ein del farting rundt Cairns, Withsundays, og leite etter kenguruar.

New Zealand, siste stopp på reisa. Her skal eg til Auckland. Eg gleda meg virkelig til å få sjå Hobbitlandsbyen, dykke i grotter og vandre på vulkaner.


Heile reisa er på 14 veker. Eg reiser saman med kusina mi Erna Lind, og fyrste del av turen så er kjæresteparet Tone og Sondre med. Eg trur dette vil bli ein opplevelse for livet og eg gleda meg til å oppleve nye kultura, lære meir om meg sjølv og møte mange nye mennesker. Nedanfor er det litt inspirasjonsbilder av dei landa eg skal besøke☀️

  • 270 lesere

Likes

Comments