For 2 dagar sidan hadde me reunion då det i vår var 10 år sidan me gjekk ut av 10 klasse. Dette hadde fleire av oss sett fram til og alle håpte at dagen blei vellykka og.

Dagen starta med litt opplegg på skule, me gjekk rundt i litt av klasseromma me hadde og eg kan med handa på hjarte sei at dei er akkurat som dei var då me hadde dei... Dagen blei avslutta med ein gymtime der me først hadde kanonball i gymsalen og so gjekk me ut og spelte slåball.
Me var og so heldige å fekk med oss 2 av lærarane me hadde for ca 12 år sidan. Dei hadde det kjempekjekt og dei fortalte historiar og hadde med seg bilde frå då me var små.

På kvelden hadde me mat og fest i Skogly. Dette var og ein vellykka dag!
Det var dessverre ikkje alle som gjekk ut av 10klasse som hadde muligheit til å ta del i dagen men dei som hadde det, hadde ein rimeleg bra reunion vertfall😊

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - klikk her!

Likes

Comments

I går var eg, minien, tantungen min og mine foreldre på dagstur til Loen og Stryn. Me var innom Skogstad butikkane og me var på Stryn Torg.
Me var og skikkeleg turistar då me tok Skyliften i Loen. Været var nett passe; overskya men grei temp.
Me fekk sett restauranten på toppen, gå rundt og sjå ute, sto på taket og såg rett ned fjellsida og Loen, og me såg 3 stk som for i hangglider.

Me såg og mange som sto i kø for å gå/klatra Via Farrata. På dei 2 nederste bildene ser dykk folk som står å ventar på tur eller driv og klatrar.
Eg syns det er kult å stå på avstand å sjå men aldri i verda om nokon får eg til å gjere noko sånt! Då må eg være neddopa eller noko!!!

Sida sambuaren min ikkje hadde muligheit til å være med i går, so har me planar om å ta oss ein tur oppatt seinare i sommar👍

-L

Likes

Comments

Herregud!! Eg har sagt det sikkert 100, nei 1000 gongar sida eg blei mamma for første gang på denne dagen i fjor at tiden går alt for fort. Og eg seier det igjen og igjen og igjen.. eg skjønnar ikkje kor tiden har blitt av og at me faktisk har ein 1åring i hus i dag!!
Når han kom var han so liten, roleg og han hadde heilt mørkt hår.
I dag har me ein plugg av ein gut (likna på faren 😉), som er det stikk motsatte av roleg og han er blitt heilt lys i håret!

Bilda over tok eg i går då me hadde familie selskap og feira minien. Heimalaga krone på hovudet laga av besta og heimalaga marsipan kaka laga av meg og papsen 😊
Både store og små kosa seg og me fekk masse kle som passa perfekt sia han skal ril i barnehage til hausten. Besta hadde og overgått seg sjølv og strikka ikkje berre 1 men 2 sett strikka kle! 2 gensarar, 2 bokse, 2 huer og 2 par vottar!
Sjølv om det skal bli godt med sol og sommar no so må eg sei at eg gleda meg til hausten kjem og det blir litt kaldere so eg kan få ha på minien strikkeklea 😆❤️

Skal legge ut bilde av klea seinare so de får sett det 😊

-L

Likes

Comments

På laurdag var me i 70 talls party! Å fy kor kjekt me hadde det! Me tok den heilt ut og stilte i kostyme og parykk! Dette er virkelig ein kveld me alle kjem til å hugsa og med god grunn.
Ei vinninne og nabo av oss fylte 40 år og kva passa ikkje betre å feira det med temafest og 70 tallet! ?

Og her kjem eir bilde so vise kor kjekt og kor fine me var 😉😉

Kom gjerne med kommentarar 😂

-L

Likes

Comments

Då var eg ferdig med sikksakk skjørt nr 2 til meg sjølv i burgunder👍 Godt nøgd og det blei nydeleg!
Ekstra kjekt å være ferdig med dette no til sommaren då det er varmare i lufta og eg kan bruka deit meir!
Her kjem bilde av heilt ferdig prosjekt;

Og i løpet av dagen i dag skal eg starta med å laga eit til skjørt. Har tatt på meg å laga til ei vinnine❤️ og eg har fleire på "venteliste" som vil at eg skal laga til dei og 😉 går ei spennande tid i møte, godt at eg har sommaren på meg på å gjere ferdig litt prosjekt 👍

-L

Likes

Comments

I går var eg og Per Ivar ein tur til Førde. Me hadde med oss mamma, pappa og Johan og då dei hadde fri alle mann.
Per Ivar hadde time på sjukehuset på øyre/nase/hals for å sjekke hørselen då nokon i slekta høyrer dårleg og brukar høyreapparat.

Tok heile dagen i Førde og det blei brukt nok peng. Kle til minien, noko lite kle til meg, kle han skal få i bursdagsgave, planter på plantasjen og mat.

Utifrå kontrollen so høyrer minien bra👍
Og me blir innkalla på kontroll ca 1 gang i året.

Legg ved eit bilde av lunsjen min; focaccia me kylling og karri. Den var stor og mektig og skikkeleg god!!!

Likes

Comments

Per Ivar sin første 17. Mai sto for tur. Me hadde bestemt at sidan me skal få i barnehage toget meg han til neste år, so reiste me på kaupanger for å sjå tantungen/onkelungen vår denna gang, etterfulgt av middag av mamma og pappa.

Det ente med at me slukte maten og reiste heim, då me fekk telefon av søstera til Per Henrik at Ailo, borde collien vår på 18mnd, hadde stukke av under lufting. Han hadde sprunge nokon kilometer før han stakk til skogs vist nok.

Per Henrik brukte heile kveld og halve natta på å farte rundt å rope å plystre på han, utan resultat.
Var og fleire som sa at dei kunne være med å gå å leite etter han men me gjekk bort frå det alternativet då han var sikkert drittredd og me viste ikkje kor me skulle leite....
So Ailo måtte tilbringe natta ute, då han verken kom heim sjølv eller blei funnen...

Torsdagen starta som ein seig dag for meg... Han sat ikkje på trappa og venta når me stod opp... kor var han henn???
Etter frukost reiste eg og Per Ivar på leit... null hund... Eg veit so godt at eg ikkje skal setje meg ned å tenke men tankane kom av seg sjølv: kor er han? Har han det bra? Har han skada seg? Er han redd, fortvila og leirar han etter oss??
Dei tankane surra att og fram i fleire hovud kan eg tenkja meg..
Det var og fleire som hadde fri og gjekk enten luftetur med hund eller fjelltur berre for å sjå og høyre etter han. Fortsatt ingenting.. null og niks...

Ut over dagen torsdagen viste heile dalen om det, det stod på Sogn avis, Facebook og me hadde ringt og meldt fra til politiet. Me lærte og at fleire hadde observert han onsdagskvelden, nokon timar etter han stakk. Og dei såg at han då hadde retning ned over dalen mot huset vårt og heimen hans. Men fortsatt ingenting.
Per Henrik tok og med seg Trixi ein tur. Dei leika, herja, gjekk og ropte. Han sa at det var akkurat som om ho leita etter han og... Men ingen Ailo...

Torsdagskvelden fann han ut at han skulle leite i nærleiken av der Ailo var sist observert. Det lønte seg, for der fann han ham! So det er ikkje merkeleg om han har vært på samme plass i nesten eit døgn før PH fant han.!! Han har nok hatt heimlengsel, vært redd for korleis me skulle reagere då me gjennforentes osv... det var eit gledeleg syn å sjå Per Henrik komme inn døra med vetle guten vår i armane!
Den kvelden blei det masse meir kos ein hundane vanlegvis får. Eg laga til og med ei skive med leverpostei til han for å vise at me ikkje skulle kjefte på han!

So me kryssar fingrane for at han fekk seg ein støkk og aldri reiser fra oss igjen 😉

Nokon bilder av vetle Ailo gutten vår ❤️

-L

Likes

Comments

Eg har lenge hatt lyt å plante grønnsaker. Det er noko med tanken på å berre tusle ut døra ein sommar morgon og plukke jordbær eller paprika eller kva du vil fra hagen, som gjer heile greia spennande!
Me har ikkje hatt plass til det før, eller tid for den saks skyld. Men no når me har stor tomt, nytt hus, eg er i mammaperm og våren er komt, so passa det ypperlig å starta med litt prosjekt!

For ca 1mnd tilbake var eg ein tur på Felleskjøpet. Der handla eg frø, jord og bittesmå plastisk drivhus som eg skal plante frøa i, for deretter å plante dei over i større potter/kassar når dei blir større. Eg kjøpte mais frø, gulrøtte og reddik.
Frå i fjor so har me erfaring at me kan bruke frøa fra inni ein paprika og plante det. Me fekk faktisk ein del fine paprika av det i fjor. So det var alt bestemt at me skulle prøve til att i år.

So mais og paprika planta eg for 1 mnd sida, inne. Og dei ser slik ut no:

I går tok eg og ordna til det som skal være grønnsakshagen vår. Brukar pallekarmar som er 120x80.
På biletet har eg satt opp 3 men etter å ha rekna på det so må eg nok ha ein til. Gulrøtter og reddik får kvar sin kasse. Kasse 3 skal eg ha både mais og paprika i. Men mens i den fjerde skal eg ha jordbær planter.
Eg skal få avleggarar av ei i familien so det stresser eg ikkje med heilt enda. Og grunnen til at maisen og paprikaen står i kassar enda er for sei har som sagt stått 1mnd på loftstova(på sol dagar er deg reine drivhuset) so for å venne dei til været so set eg dei ut i frisk luft på dagen so dei blir hærda før eg flyttar dei ut permanent.

Eg håpar dette er stor suksess!! For eg har den draumen at om 4-5 år, ein sommarsdag, spring Per Ivar ivrig ut for å plukke paprika og mais til salat, jordbær til desser og gulrøtte til snaks. Eg trur det går litt op mestringsfølelsen. Istedenfor å handle alt du treng på butikken, so kan du berre gå ut i Hagen å bruke noko som du har planta og som du har fått til å veksa og trivest i bedet du ordna til. Du brukar heller ikkje noko form for spreiing so det du serverer er meir økologisk enn det du får i butikken.
Tenk at dei gulrøttene besøket ditt skryt over har du sjølv følgt frå dei var frø, til planta spira, og det til slutt havna i handa til naboen som elskar det!
Det gir ein god og stolt følelse. Som også kallas mestring!!👍
So no er det berre å krysse fingrane for at dette blir bra 🤞🤞

-L

Likes

Comments

I går var me tre i bursdagsselskap til tanteungane/onkelungane/søskenbarna i nabohuset. Dei feira 1, 4 og 6 års dag.
Dette var spennande for store og små! Det var god mat og kaker. Per Ivar var med ei stund og leika før han måtte ha seg ein liten lur. Han kom og bortatt etter luren og fekk smaka litt kaka 😉

I kjendt bursdagsstil so må gjestene ha hatta på seg. Og det fekk me foreviga med mange fine bilete av Per Ivar 😉

Likes

Comments

Da var arbeidet med terrassen starta! Og det går fort skal eg sei dykk. Er godt at broren og svogeren til Per Henrik er snekkarar som hjelper oss. Innan ei veke(om eg ikkje tek for hardt i ) so kan eg sitte på nye terrassen og sola meg!! Det blir og ein fin plass for Per Ivar å leike på!
Her er nokon bilete av bygginga:

Og helga starta med Gullruten på TV i går og god mat på bordet. Eggerørar, skinka, salat, spekemat og fuccatia brød. Himla godt og det minna litt om ein knall god frukost på eit bra hotell!

Det ser ut som at den tidleg sommaren vår er komt att so det skal eg utnytte i helga. Og eg anbefaler at de gjer det samme då ein veit aldri då dette været forandrar seg raskt!!

-L

Likes

Comments