Italienar okkuperte senga MI igjen, så eg forlot åstaden fort som svint. I skrivande stund sit eg atter ein gong og funderar over livet (og reker, skjønar ikkje korleis folk kan like det) på den benken som tilfeldigvis dukka opp på eit veldig passande tidspunkt. Her er benken, forresten:

I går spurte faktisk italienar «do you believe in reincarnation?» og eg berre, «Å! Ho siterar Susanne Sundfør! Ho har ikkje heilt håplaus musikksmak, altså!», men så innsåg eg at ho faktisk lurte på om eg trur på reinkarnasjon! NEI, geipa eg, snurt og skuffa. Så la eg ironisk til at eg kun trur på Amon, men ho skjønte verken at eg sikta til gammalegyptisk mytologi eller at eg faktisk kødda, så ho berre nikka. Eg vart desto meir skuffa. Og som om ikkje det er nok med at ho stel senga mi, stel ho også kleda mine! Eg kan jo ikkje akkurat stele hinna klede, ho er jo ein dverg. Det er som om eg er heime att, Solgeir stal også kleda mine konstant. Den lille rotta! Eg er veldig sint på ho for tida fordi ho aldri spelar quizkampen eller brick pop mot meg. Fy skamme seg! Alle burde setje av rikeleg med tid til meg, etter mine åskjøn.

No køyrde det akkurat forbi ein grøn bil med gult skilt, og eg vart heilt sinnsforvirra. Eg er jo vand med å slå Jasmin i skuldra og kauke «GUL BIL GRØNT SKILT!». Eg får vel berre venne meg til å «slå om», på lik linje med at eg må vente på bussen på VENSTRESIDA! Viss eg skal øvelseskøyre her kjem eg til å drepe meg sjølv og andre. Som om eg var trygg i trafikken heime, og så å vere like utrygg her, berre speglvendt! ÆÆÆ!

Eg er ei fare for samfunnet. Ikkje ser eg meg for når eg går over vegen, heller. Det er eit under at eg har helde på slik i snart atten år, og framleis er like heil. Fysisk, i alle fall. Er endå traumatisert etter at ein narkoman stal potetgullet mitt på seven eleven i Ålesund. Dei mentale såra eg pådrog meg då er framleis i groprosessen.

Men no høyrer eg på Bowie, som lindrar smertene frå mine fortrengde minner. Ikkje David Bowie denne gongen, då, men songen Bowie. Av Flight Of The Conchords.


Eg er forresten skikkelig deprimert fordi dei ikkje har kvikklunsj her. Eller anna god sjokolade (=NORSK SJOKOLADE!). Tenkte at kitkat var same greia, så eg kjøpte ein. Men det var mørk sjokolade, så jævlig ekkelt! Like før eg tok til tårene, midt i butikken. Men berre nesten, då. Beit det i meg og sprang derifrå.

Vidare har eg funne ut at når eg reiser heim i påska, DREG FAR OG SOLGEIR PÅ POLENTUR!!!! Det var då som svarten! Jaja, då kan eg okkupere Solgeir (eigentleg mitt) sitt rom. Det rommet får eg forresten tilbake sumaren 2018, når eg kjem heimatt for godt. Det har vore uuthaldeleg å bu på det bøttekottet av eit rom eg har hatt dei siste par åra no. Skyt meg. Med vasspistol.

Ein skulle kanskje tru at det eg saknar mest med Noreg er familie og vener, men heilt ærlig, saknar eg mest å klatre opp på hustaket. Dersom dei absolutt insisterar kan både familie og vener bli med på taket, så kan vi halde på med mordar og detektiv der oppe!

Noko eg saknar nesten like mykje som panoramautsikta frå Kalvegjerdhaugen, er at eg kan vere så høglytt eg berre orkar der. I kjellaren, i alle fall. Det beste er når mor og far reiser til Gdansk eller noko, då har eg heile huset for meg sjølv, som betyr KARAOKE- OG DANSEPARTY! Heilt for meg sjølv! Brukar å spele piano og synge til diverse ABBA-songar, og då seier det seg sjølv at det blir eit honda liv, sidan Anni-Frid syng for mørkt, og Agnethe syng for lyst. Hadde eg helde på slik her hadde nokon trudd eg vart brutalt drepen.

Somme tider når eg er heime åleine flyttar Bånå inn, uten at eg har bedd om det. Men det går bra, for eg er mørkredd og det er godt å halde nokon i handa når eg bysselallar. Men den eine gongen eg faktisk trengde ho, var ho ikkje der. Mistenker dog at ho var like redd for å lukke augene sjølv, for vi hadde nettopp sett ein dokumentar om søvnparalyse. Fy farao! Her kjem det eit blasfemisk bildesett.

Gud gløymde meg då eg ba om styrke til å hoppe frå 5-meteren på Moldebadet. :-( SNURT! I protest melde eg meg inn i forbundet for manisk snurte.

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Tenkte eg skulle ta meg ein liten lur i sta, som gjekk heilt ok til eg innsåg at «DET ER FØRTI GRADER PÅ ROMMET!». I tillegg til at det er jævlig varmt ute òg (nærmar seg 20 grader, trur eg, i alle fall) og at italienar NEKTAR å late opp vindauget - «SKALK ALLE LUKER!» sa ho - er det ulevelig der inne. Så eg fekk fnatt, og tok beina på nakken. No sit eg på ein benk eg tilfeldigvis fann, den berre stod der, sant, og ladar opp att batteriet. Har mest lyst å døy. Neida! Berre litt. Jaja. Eg løt opne døra ut i gangen og sette på vifta på FULLT, slik eg får bakoversveis der eg ligg. Trur italienar er frå månen eller noko, ho treng tilsynelatande ikkje luft! Sjukt. Romvesen. Men nok klaging no, i alle fall til eg kjem på noko anna å syte over. I dag kjøpte eg popcorn, og tenkte at «NÅÅ, NÅ SKAL JEG KOSE MEG!» (eg tenkjer ofte på austlandsmål). Då eg kom attende til museholet der eg er gissel for tida oppdaga eg at popcornet var SØTT, ikkje SALT! Høyrd noko så fole? Det var så grusomt at eg heiv heile skiten. Heile opplegget var direkte hjarteskjerande, då eg brukte gode pengar på det dritpopcornet. No sprang forresten Mikkel Rev over vegen. Langs vegkanten litt lenger nede ligg det ein daud grevling. Eg skal ærlig innrømme at eg likar grevlingar betre daude. Då forfølg dei meg i alle fall ikkje, noko eg har hatt problem med tidlegare. Stalker-badgers, STOP IT NOW!

På billædet: Eline som får heteslag.


Likes

Comments

Gikk bak den onde psykologilæraren min opp tråppa. Hadde lyst til å ta ho i foten, drage ho nej tråppa og springe forbi, DEN KJERRINGA! Nei huff, no skal eg ikkje vere så folen. Eg kan heller besøke ho i draumane, og få ho til å tru at å gje oss mindre lekser var hinna idé. Slik som i Rick and Morty, veit de. Og viss de ikkje har sett Rick and Morty er det SYND, for eg gidd ikkje forklare eller utdjupe noko meir no.

UANSETT DÅ! I fyrste psykologitimen i dag fortalde fru Iskald at vi eigentleg er dritdårlige på å kjenne att andlet, og at det fyrste vi legg merke til hos andre er oftast håret og augebryna. Konklusjonen eg trakk utifrå dette er at dersom de nokon gong har tenkt å rane ein bank eller noko - barber av deg augebryna etterpå!

Og eg trur forresten at fru Iskald er ein synsk vampyr, ikkje berre litt ond. Ho gav oss i alle fall mykje lekser til måndag, nesten som om ho las tankane mine og tenkte «HAHA, mindre lekser, du liksom!» *gje mykje lekser* «TROLOLOLOLOL!»

Prøvde å illustrere ho som den vampyren ho eigentleg er, men det såg eigentleg meir ut som Diego frå Istid.. :-(

No er pausen over, Synske Sabeltanntiger kom dundrande inn att på klasserommet, så fråden sto frå gapet hinna! Håpar ikkje ho et meg eller noko. 

Likes

Comments

Eg brukte å kalle syster mi for Solgeir. Og Høvding. Ho vart dritsur, men ingen av namna ho gav meg hadde samme effekt, til hinna store irritasjon. Elias og Einar var to av dei. Sat og tenkte på alt dette i mattetimen i sta. I tillegg måtte eg på do. Veldig risikabelt. Men som kjend likar eg å leve farlig! Uansett då, så log eg så eg trur læraren vart fornærma. Ho trudde sikkert eg log av den russiske aksenten henna, ikkje sant. TROLOLOL! Her er eit billæde av den fornærma mattelæraren min:

Ho ser faktisk litt slik ut også.


I sta såg eg på Stranger Things på bussen. Det gikk strålande heilt til eg støtte på ein JUMPSCARE! Det var ikkje så skummelt ein gong, men heftig nok kombinasjon av lyd og rørsle til at eg hoppa ein halvmeter frå setet, så ho ved sidan av meg datt ned tråppa (vi sat i andre etasje på bussen, sant) og knakk nakken. Neida. Men det kunne fort skjedd.


No trur eg at eg skal gå og spele piano. Eg er ueining med Kåre Ørnung når han syng at han «vil mye heller spille fiolin». Fiolin er ikkje så verst altså, berre så det er sagt. Skal nemnast at eg har spelt i snart elleve år, men er skitdårlig uansett. Piano, derimot, det er andre bollar! Absolutt å føretrekke. Ikkje at noko av dette er det minste relevant, men la gå. La Den Gå! Ein song av Valkyrien Allstars, som ikkje fekk spele i Dale kyrkje på midtsumardagane for eit par år sidan grunna støtande tekstar. I staden måtte dei stå i regnet og fryse rauene ta seg. Det veit eg, for eg var der.

God jul, då! Snart! Helsing Arve Tellefsen på fiolin og ein sjalu Kåre Ørnung som så vidt greier halde maska, 1977.

Likes

Comments

Hahaha eg laga meg seriøst ein blogg, og med den fullførte eg det siste punktet på bøttelista mi. DÅ går eg og drep meg sjølv! Neida. Joda. Jaudå. Mjaudå! AU MJAU KATTARAU!

Kjem faktisk ikkje på ei einaste klok utsegn å skrible ned. Eller, den treng ikkje vere klok ein gong, berre eg har noko å skrive om. Eg er desperat! Hjelp meg! Hjelp meg å finne noko å skrive om! Hjelp meg å finne meininga med livet!

Ok då. I dag laga eg taco, for fyrste gong på sånn tusen år, heilt seriøst. Endå meir seriøst? Det var to og ein halv månad sidan. Grueleg lenge, spør du meg. Og eg har ikkje smakt pepsi max på år og dag heller. Her i huset drikk dei berre COCA COLA, eg avstend i stille demonstrasjon. Kvar gong eg ser eitt av dei forræderske familiemedlemma gå og forsyne seg med svartemakta (eller svartevatn, som far plar kalle det), brukar eg å myrde dei med blikket. Det ser omtrent slik ut:

Nokre gonger legg dei ikkje ein gong merke til at eg står der i hjørnet mitt og stivknikk dei, så då står eg der, då, med skjegget i postkassa. Apropos postkasser, det har eg faktisk ofra mang ei tanke siste tida. Eg og Sara snakkar alltid om korleis folk sprengte postkasser før i tida, medan det mest rebelske eg har gjort i løpet av mine sytten år er å gå berserk med isbitmaskina på Thon hotell i Fosnavåg… Det var'kje ein tørr gang (eller heis, for den slags skuld) på heile hotellet, å neeidå! Skal la vere å nemne min(e) medsamansvorne, av hensyn til den/dei det gjeld. To år på rad dreiv vi på slik, faktisk. Og ein annan gong sprang eg opp alle tråppene på Seilet i Molde med lungene fulle av heliumgass, og heiv snop på sjøen. GØYGØY! Nesten like artig som å hoppe på trampoline i sovepose! No kom eg plutseleg på mange kjekke ting eg har gjort som eg gjerne vil gjere igjen, så eg lagar ei LITTA LISTE. Men eg nummererar ikkje, for eg greier ikkje velje, orkar ikkje rangere mine fantastiske opplevingar, det hadde vore urettferdig. Lol.


- Lyse med grøn jalla-laser smugla heim frå Kreta inn i leiligheita til dei som bur øverst på gamle bakeriet i Yddal, gøyme seg bak doen på Ytterdal camping (viss det framleis heiter Ytterdal camping??? Høgst usikker) når den som bur der brasar ut på altanen og kaukar "KVA ER DET DU VIL????!!!!!!!!" så fråden står ut or kjeften (kunne sjølvsagt ikkje sjå det på den avstanden, men lat som ingenting, det er for å gjere forteljinga meir interessant og fargerik).

- Hoppe i Vardevatnet med alle kleda på, og skulde på Elida Syskjenborn, sjølv om du gjorde det av eigen fri vilje fordi du er hjerneskada. Slik såg mor og far på meg då eg gjorde dette stuntet:

Relatert bilde

- Fare på grevlingjakt. (Dette er kanskje det mest aktuelle punktet for min del for tida. Her kryr av dei søte små vesena! Neida, dei er ekle. Fysj.) På billædet under ser de forresten kor brutale grevlingane her i Hastings er. Det er reint hyskje! Skjønar godt Findus nesten tissa i brokja då han støtte på grevlingen i den eine boka om Gubben og Katten.

Bilderesultat for mad badger

- Lage eigen versjon av video av elg som trakkar på plenklippar. HAN TØMM TREAN FØRR EPLE! FYY SKAMME DEG!

Relatert bilde

- Fare på ekspedisjon til Dublanshola (usikker på om det er slik det skrivast. UANSETT, var der med far og Anne Stine i påska i fjor, men eg turde ikkje kravle nedi. Viss nokon melder seg friviljug skal vedkomande få spåkula mi som lyser i mørket).

- Tømme choco puffs eller kva faen det heiter i doen til din verste fiende. Dei vil ikkje forsvinne når du suser ned!!! Det veit eg av erfaring. Eller, eg var meir augevitne. På hotel Artur i Krakow. Det hotellet med ti cm mellom golv og dør. I psykologi lærer eg forresten om at augevitne sug. "Blah Blah concluded that 52% of wrongful arrests are due to incorrect identifications by eyewitnesses" eller noko slikt sprøyt. Og så såg vi ein video av eit ran ei veke, skulle gjengi det neste veke, eg sa bilen var raud, men den var blå. Eg skal ikkje gå noko djupare no, poenget var at eg er dum. Og minnet vårt køddar mykje med oss. Søkte just no på "choco puffs in toilet", og resultatet var langt frå skuffande!!!!

Bilderesultat for choco puffs in toilet


Eg kjem ikkje på meir. Det er blankt. I morgon er det 51 dagar til eg skal heim til jul, berre så de veit om det. No går eg og legge meg, også berre så de veit om det. GOD NATT FRÅ MEG OG JONAS I SKAM! PS: Vi luktar begge kål. 

Bilderesultat for jul i blåfjell

Likes

Comments