Altså, unnskyld meg. Kva i helvete?

Dette var min første reaksjon då eg seint i går kveld var på ein av mine mange daglege turar innom Snapchat, og såg Daily Mail sin nyhendesak om Kendall Jenner. Ikkje berre om Kendall Jenner, men om Kendall Jenner med kviser. Kan det bli verre enn det, kanskje? Kendall Jenner, med tre kviser på kjaken, gjekk utan sminke, og det verka som Daily Mail tykte heile situasjonen kvalifiserte til noko som minna sterkt om eit skandaleoppslag. Ei av vår tids mest populære jenter, og supermodellar, har kviser. Folkens, legg vekk Donald Trump, krig og flyktningskrisa littegrann, og sjå på dei ordentlege nyhenda.

Eg har ikkje ein gong tenkt å beklage språkbruken min, for "kva i helvete" er den einaste setninga eg føler strekker til. Eigentleg burde det vore fleire stygge ord der inne, òg. For eg er så jævlig lei av dette utsjånadfikserte samfunnet me bur i, at eg snart melder meg ut. At jenter utan sminke, med kviser, skal bli ei nyhendesak, er så uforståeleg. At det skal formulerast som ein skandale, som noko uforståeleg, at ei jente med kviser heilt frivillig vel å gå utan sminke, er heilt på trynet. Kva signal sender ein då til unge jenter og gutar midt i pubertetsalder, som sit heime på soveromma sine og forbannar kvisene som tilsynelatande aldri forsvinn? At dei må skjule seg under eit lag med sminke for å kunne gå ut døra? At menneske med kviser ikkje er normalt, eller noko som alle opplever? Til og med supermodellar?

Det er så mange problematiske sider ved dette oppslaget, at eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrje. For kva er baktanken med å formulere overskrifta som "Kendall´s big breakout" og deretter vise eit innzooma bilete med, wait for it, TRE kviser? Kjære Daily Mail - når blei tre små kviser eit big breakout? Då vil eg berre seie til alle ungdommar der ute, at tre kviser ikkje er eit big breakout. Det er irriterande, ja, til og med dritkjipt til tider - men det er heilt vanleg, og dei forsvinner til slutt. De må ikkje skamme dykk over tre kviser, fordi de trur at det er heilt uvanleg. Sånn.

Som om det ikkje var nok at VG og Dagbladet fyller avisene sine til randen av "korleis trene vekk julematen" og "korleis få flat mage" (som eg forøvrig også irriterer meg grønn over), så måtte altså denne dråpen komme på toppen av det heile og velte glasset som allereie stod og tippa. Det verkar som om utsjånad er alt i dette samfunnet her - at det betyr så mykje at det fortener ein plass i pressa. Og fokuset er blitt heilt feil. For når ein sunn kropp, som kan leve lenge, blir nedprioritert for ein kropp som er fin å sjå på - då er det noko gale. Det at thigh gap har blitt eit uttrykk alle ungdommar veit kva tyder, og altfor mange faktisk streber etter, er problematisk. At flat mage betyr meir for eit menneske enn god helse, og at altfor mange ungdommar faktisk vel å ikkje ete grunna eit ønske om å oppnå den såkalla "idealkroppen" - det seier noko om kor langt det har gått. Altfor langt.

Eg nektar at mine framtidige ungar skal vakse opp i eit samfunn der kviser er unaturleg, og foundation og pudder er eit "must" for å kunne gå på butikken. At dei skal sjå overskrifter som seier at deira kroppar ikkje er gode nok som dei er, at dei anten har for mykje feitt eller for lite former. At nokon skal kunne overtyde dei om at dei ikkje er gode nok akkurat som dei er. At sommarkroppen totusenogeitelleranna i det heile tatt er eit tema. Eg nektar. Ein sommarkropp er ein kropp om sommaren. Ein bikinikropp er ein kropp i bikini. Så enkelt, men så vanskeleg.

Kan me ver så snill å fikse dette samfunnet snart?

Takk for meg.

Likes

Comments

Livet, Oslo, Lister

... Har eg vore på open dag hjå Freia! Me fekk ikkje komme inn i sjølve fabrikklokala, men Freia har ein liten skulpturpark i tillegg til ei kantine med fleire Munch-maleri, og desse var opne for publikum. Det var omlag som å komme til himmelen, med masse sjokoladeplater utover golvet, eit digert sjokoladehus, og eit heilt bord med utømmelege fat med smaksprøvar. Det er vel unødvendig å understreke at det var ein fin dag?

... Har eg vore på Munch-museet! Dette har eg eigentleg både snakka om og tenkt på lenge, fordi ein må jo faktisk på Munch-museet når ein bur i Oslo. Det tok meg derimot eit halvt år å komme meg dit, men det var verdt det. Eg kan nok ikkje skryte på meg å vere verken den ivrigaste museumsbesøkaren eller den største kunstentusiasten, men koseleg var det likevel. Det er jo viktig å utfordre seg sjølv litt. Eg fekk til og med kjøpt meg ein skriksekk som eg syns var ganske kul, og som eg i etterkant innsåg at matcha litt for mykje med buksa eg hadde på.

... Har eg vore i botanisk hage! Nokre vil kanskje le litt over at denne jenta, som klarte å drepe ein kaktus på vidaregåande og som ikkje har ein einaste levande blome i leilegheita si, har vore å sett på nettopp blomar, men dette er faktisk endå ei greie som har stått på Oslo-lista sidan eg flytta. Så lenge eg berre kan sjå på blomane, og slepp å stelle dei sjølv, så kosar eg meg, altså. Sjølv om besøket eigentleg ikkje var så planlagt som eg gjerne vil late som, og sjølve grunnen til at me reiste var at me hadde bomma på opningstidene til Freia-utstillinga, så var det veldig fint og det kan anbefalast.

... Har eg testa ut ein ny kafè, som gjekk rett opp på topplista over kafèar. Her var det bøker og bokhyller i alle retningar, noko som både er koseleg fordi bøker generelt er koseleg, men som også er fint fordi då kan ein setje seg innerst i kafèen og gøyme seg bak alle bøkene. Einaste nedturen var at dei ikkje hadde Pepsi Max, ellers så var alt tipp topp. Til og med toaletta var fine, liksom.

... Har me feira 20-årsdag!! Fine Maria er blitt 20, og det var sjølvsagt vekas høgdepunkt, og det blir nok også månadens høgdepunkt, for det var så hyggeleg. Tenk at me byrjar å bli 20 - det er litt rart, for me blei jo nettopp 18? Og no har eg skrive 20 fire gonger i løpet av fire setningar. 20.

Likes

Comments

Me er tilbake! Og har etter nokre dagar byrja å innsjå at det faktisk er her me bur. Det hadde eg nesten gløymt oppi all julekosen heime. Det var nesten så kroppen min fekk ein liten fysisk reaksjon når me køyrde inn i Oslo by - det kribla i magen og eg kunne ikkje slutte å smile. Eg byrjar sjølvsagt ikkje med forelesingar heilt endå heller (hehe, universitetet altså), så dei siste dagane har eg i grunn berre brukt til kos og til å gjenoppdage byen litt. Blant anna så har eg og Maria stått litt meir på skøyter, men denne gongen måtte skøytebana i Spikersuppa vike for naturleg is på Sognsvann. Og konklusjonen er vel ikkje overraskande at Sognsvann var hakket finare. Sett bort frå at eg tydelegvis hadde gløymt at det er januar, som vil seie fortsatt vinter, som igjen vil seie at ullkle og hue kan vere nødvendig, var skøytetur på Sognsvann ei heilt nydeleg oppleving. Altså, berre sjå på dette:

Vidare må eg skyte inn litt sjølvskryt, for eg har vore overraskande flink til å halde på skjønnlitteratur-leserytmen min sidan eg kom tilbake til Oslo, og har faktisk fullført første bok i 2017. Målet mitt er å lese 15 - 20 bøker i år (som er mykje til meg å vere, altså), så får me sjå korleis det går. Kvar gong eg byrjar å lese litt meir, så innser eg jo at det er utruleg avslappande, så det skal ikkje stå på det i alle fall. Utfordringa blir vel å halde det gåande når eg må byrje å forholde meg til pensumbøker i tillegg, det er då eg har gitt opp alle andre år.

Ellers går ting sin vande gong her borte, og kvardagen byrjar som sagt verkeleg å melde sin ankomst. Likevel sørgar eg for å nyte siste del av ferien òg, så dagen i dag såg sånn ut:

God mat og godt selskap - ingenting å klage på. No blir det nok ein liten TV-kveld i stova, godt plassert under teppet og med panelovnen i stova på fullt (nesten). Det har vore så kaldt i det siste, og det er eit eller anna med kulda her i Oslo som gjere at det følest verre enn heime i Sogn. Eller så er det berre meg - uansett så frys eg så forbanna mykje heile tida, og har tenkt å flytte inn i sofaen her under teppet. Snakkast til våren.

Likes

Comments

Livet, Tankar

Jøss, eg har ikkje blogga sidan i fjor. HEHE.

Så var det eit nytt år. 2017 - det følest rart å både skrive og seie. Som om det er feil. Som om orda krøllar seg litt i munnen, og ein forstår idèt dei kjem ut, at det blei feil. Men så er det ikkje feil likevel, det er riktig, for me er faktisk i 2017. Sjølv vinka eg ha det til det gamle året, og tok i mot det nye, ved å først ete middag heime hos mamma og pappa, for så å feire med nokre venner. Ei fin feiring - og eg håpar di feiring blei like fin.

Som så mange andre har eg gjort meg nokre tankar om dette nye året me så vidt har tatt eit steg inn i. Eg trur ikkje så veldig på heile "new year, new me" - opplegget, så det blir nok ikkje noko total makeover i nokon som helst forstand, men nokre små mål og ønsker har eg likevel tenkt ut. Så sidan det no er nytt år, tenkte eg å dele desse med dykk - og eg vil gjerne høyre dykkar ønsker og mål òg, om de har nokon.

  • Drikke meir vatn - dette er eg så dårleg på. Dersom eg drikk eitt einaste glas vatn i løpet av ein dag, så er eg storfornøgd med meg sjølv, klappar meg på skuldra og tykkjer eg har vore flink. Men kroppen min treng nok litt meir, og det skal den få.
  • Gi litt meir f*** - dette punktet har stått på lista mi dei to siste åra, trur eg, og etter kvart som åra går tykkjer eg fortsatt det er det viktigaste punktet. Alle har godt av å klare å gi litt faen ein gong i blant, og ikkje tenkje så mykje over kva andre tenkjer om ein. Eg tenkjer at det å bli meir sjølstendig og sjølvsikker kanskje også høyrer til under dette punktet - og det er også eigenskapar som eg gjerne skulle hatt litt meir av til tider.
  • Feire 20 - årsdag - det stemmer! I februar blir denne jenta heile 20 år - og det skal eg verkeleg feire, det har eg bestemt. Eg veit ikkje korleis, eg veit ikkje kvar - men eg veit at eg skal kose meg skikkeleg.
  • Lese meir skjønnlitteratur - for oppmerksame lesarar høyrest dette kanskje litt kjent ut, då eg hadde det same målet tidlegare i haust. Det gjekk derimot ikkje særleg bra, og eg trur ikkje eg las ei einaste skjønnlitterær bok. Ops, I juleferien har eg derimot komme inn i ein god leserytme, og den skal eg prøve å halde på gjennom året. Ein treng litt andre impulsar enn pensum i blant


Eigentleg har eg nok fleire punkt òg, men dette var det som dukka opp i skrivande augneblink. Kanskje eg fører på lista viss det dukkar opp noko anna lurt, men foreløpig trur eg eg kan seie at desse punkta utgjere 2017 - topplista. Likevel vil eg legge til eit sitat frå min betre halvdel, eit gullkorn han leverte då eg spurte om hans mål for 2017:

" Mitt mål for 2017 er at om eit år så sit me her igjen og diskuterer kva målet vårt for 2018 er"

Og med det vil eg ønskje alle eit godt nytt år! Lat oss gjere 2017 knallbra!

Likes

Comments

Livet, Oslo

Plutseleg var det ikkje så lenge igjen før me vender snuten tilbake mot Oslo. Dagane flyr avgårde no i jula, og eg kan ikkje forstå at det nesten er nyttår allereie. Var det ikkje nettopp julafta? Sat eg ikkje nettopp i julepysj med dyna i sofaen og såg Askepott ri saman med prinsen inn i evigheita? Opna me ikkje nettopp alle pakkene under juletreet? I følge kalendaren og klokka er det likevel nokre dagar sidan, og 2016 går verkeleg mot slutten. Snart skal me forlate julefeiringa her heime, og gå tilbake til kvardagen igjen - og eg gler meg faktisk. Likevel kjennes alt så utruleg fjernt, og eigentleg kan eg ikkje forstå at eg faktisk bur i Oslo til vanleg. At livet mitt eigentleg består av universitet og t-bane, til tider litt for kostbare kafèturar og byutsikt frå stova.

Eg kjenner eg gleder meg til å komme tilbake til dei små tinga. Til dei små delane av dagen som utgjer det som har vore kvardagen min i cirka 4 månadar, som t-baneturar til skulen og vandringar i Oslos gater, ikkje nødvendigvis med verken mål eller meining. Akkurat no kjennest det som om denne kvardagen ikkje er min eigen, men ein draum eg har hatt, ein ferie eg har vore på eller rett og slett nokon andre sin kvardag, som eg berre har blitt fortalt om. Så fjernt kjennes det her eg sit i sofaen heime hos mamma og pappa, med julegodt på stovebordet og VM i lynsjakk på TV. Her, med nesten alle venner og familiemedlemmar i nærleiken, kan eg ikkje forstå at om berre få dagar skal alle tilbake til sine eigne liv, og forlate Sogn nok ein gong. Samtidig kjem det til å følest godt å komme tilbake, Oslo er trass alt heim, det også.

Kjære Oslo, snart er eg tilbake.

Likes

Comments

Plutseleg blir det stille litt. Slik må det vere her inne, for eg er ikkje eit menneske som klarar å forplikte meg til å skrive kvar dag. Det har eg prøvd, og det fungerer ikkje så bra. Resultatet blir ikkje så bra. Ikkje trur eg at det fins nokon i det heile tatt som har behov for å lese om meg kvar einaste dag, heller. Så då ventar eg heller til fingrane klør etter å danse på tastaturet, og orda står i kø i hovudet mitt. Eg trur det er best.

I det siste har eg latt mine eigne ord vike for andre sine. Eg har lese ganske mange av andre sine ord, og eg har kosa meg sånn med det. Eg har byrja på mi andre bok på få dagar, og for meg, som omlag ikkje har lest sidan sommarferien, så kjennes det bra. Det er noko spesielt med det å halde i ei bok i hendene og lese den gjennom frå perm til perm. Det gir meg ro. No har eg byrja på Sophie Elise si bok, Forbilde, og så langt kan den absolutt anbefalast. Eit innblikk bak bloggar-fasaden, eit innblikk inn i mennesket som alltid fins bak orda på skjermen. Eit menneske som veit korleis ho skal bruke orda sine på best mogleg måte.

Dei siste dagane har eg også hatt ein liten Internett - "detox". Ikkje at eg har unngått Internett fullstendig, det skal eg ikkje skryte på meg, men det har blitt mindre enn vanleg. Likevel har eg fått med meg at verda har blitt råka enda ein gong av vonde handlingar, og at det denne gongen var i Berlin det skjedde. Av og til forbannar eg at eg har sagt ja til push-varslar frå VG, for det er ikkje alltid det er like hyggeleg å få nyhendemeldingar i fjeset utan forvarsel. Og spesielt ikkje når det er terrorhandlingar, og spesielt ikkje i juletider. Likevel får eg meg ikkje til å skru dei av, nettopp fordi eg (som nemnt i førre innlegg) meiner det er viktig å få med seg det vonde. Lese det vonde. Men søren òg, det er ikkje alltid det er like lett å følgje sine eigne råd.

Eg merkar eg byrjar å bli lei av slike nyhendemeldingar. Dei første meldingane eg fekk om Berlin, orka eg ikkje ta innover meg ein gong. Skjermen på mobilen lyste opp, eg las meldingane og la den rett og slett frå meg igjen, for ei lita stund. Eg blir ikkje sjokkert lenger. Eg blir ikkje ordentleg forbanna lenger, sjølv om eg blir det òg. Eg blir mest av alt lei. Lei fordi det er trist, lei fordi det kjennest som om det aldri skal ta slutt og lei fordi eg ikkje veit kva som skal til for å stoppe det. Hovudet mitt orkar ikkje meir. Så tenker eg på dei som er midt oppi det - kor slitne dei må vere.

Plutseleg var det to innlegg med negative undertonar på rad på denne bloggen, men slik blir det når verda er som den er. Eg tenkjer derimot å ta med to litt hyggelegare bilete denne gongen, og ser heller tilbake på tida då eg fortsatt var i Oslo og jula var langt der framme og eg drakk julebrus frå vinglas og poserte foran juletre. No er jula plutseleg berre to dagar unna, og eg storkosar meg heime og grublar på kva som skjedde med tida. Men det kjem eg vel aldri til å forstå.

Likes

Comments

Tankar

I det siste har katastrofen i Aleppo, Syria vore endå meir tilstades i mediebiletet. Fleire bloggar har skrive om det, nettaviser skriv om det og mediedekninga generelt er høg. Heldigvis. Eg seier heldigvis fordi eg meiner me treng å lese om det. Me treng å møte dei vonde sakene, klikke oss inn på dei vonde overskriftene og møte dei vonde kjenslene som oppstår når augo til dei små, utrygge, uskyldige barna på biletet møter våre. Det er viktig. Det er viktig for perspektivet vårt, for forståinga av verda. For forståinga av oss sjølv og vårt eige liv. For å setje pris på den tryggleiken me har her i Noreg - og ikkje alltid ta den for gitt.

Som nordmann er ein ein del av eit av verdas rikaste land, med eit system som for dei aller fleste leverer ein tilsvarande tryggleik. Velferdsstaten støttar oss i ryggen, bygger ein grunnmur som me trygt kan stå på, utan å dag etter dag bekymre oss for om den kjem til å slå sprekker. Om den kjem til å falle saman, rase ned saman med livet me har bygd oppå. Me står støtt på denne grunnmuren, så støtt at me av og til gløymer at den er der. Gløymer at den i det heile tatt fins. Me har skutt gullfuglen. Me har vunne i lotto 100 gonger på rad. Me har vunne det største lotteriet i verda. Og me fortener det ikkje - ikkje noko meir enn menneska i Syria, eller kvar som helst i verda, fortener den same tryggleiken. Me har vore heldige, det er det som har skjedd, og det er så viktig å hugse på av og til. Sette pris på grunnmuren som fortsatt står under oss, og som leverer ein tryggleik som me kan nyte godt av. Dag etter dag.

Denne grunnmuren er ikkje sjølvsagt, noko som har blitt så altfor tydeleg etter at Syria-katastrofen byrja å dominere mediebiletet. Historiar frå menneske som måtte flykte frå alt dei hadde, forlate livet dei kjende og elska bak seg, i håp om ei betre framtid. Eller i håp om ei framtid i det heile tatt. Barn som har blitt foreldrelause, foreldre som har blitt barnlause - det er så vondt at det er fristande å unngå. Ikkje trykke på dei vonde overskriftene. Fortsette å scrolle nedover VG, til ein kjem til ein artikkel om mat, om kjendisar, om norsk, trygg, politikk - noko så mykje mindre smertefullt. For kven har vel gløymd biletet av den lille gutten på stranda? Biletet som gjekk verda rundt? Biletet som viste ein liten gut som ikkje overlevde? Eg har i alle fall ikkje gløymd det. Det er så vondt, og det skjærer fortsatt, så lenge etterpå, både sjela og hjertet i tusen bitar. Så mange bitar at det er umogleg å setje det saman på same måte igjen. Og alt dette er så viktig.

Kunnskap er makt, seier dei. Og det er så riktig. Utan kunnskap, får ein ikkje gjort noko. Ein veit ikkje kva ein skal gjere, og ein veit kanskje ikkje at det er eit behov for tiltak i det heile tatt. Derfor er det så utruleg viktig å trykke på dei vonde overskriftene. Så viktig å møte dei vonde kjenslene, sjølv om ein sit trygt inne i sin norske heim, med den sprekkefrie velferdsgrunnmuren under føttene og meir enn nok mat i kjøleskapet. For når du veit kva som skjer, veit kor vondt det er og kva menneske på flukt må oppleve - det er då du får makta til å gjere noko. Det er då du får makta til å vere med på å endre verda. Det er då du får forståinga til å kunne setje pris på din eigen tryggleik, og andre, for oss, banale ting, som mat på bordet og tak over hovudet. Eg skal i alle fall tenke litt ekstra over kor heldig eg er når eg i kveld legg meg i den mjuke senga mi, under den varme dyna mi, og sender nokre varme tankar til dei som må sove ute, til dei som kanskje ikkje får sove i det heile tatt, og til dei som kanskje søv for siste gong.

Biletlink: Huffington Post

Likes

Comments

Jul, Livet, Oslo

Eg lovde jo å oppdatere dykk på blåmerkesituasjonen etter skøyteturen i går - og den er faktisk overraskande bra! Eg datt ikkje ein einaste gong (skryte, skryte, hehe), sjølv om det var eit par gonger eg snubla og trudde nasen skulle få eit ublidt møte med isen. Å stå på skøyter var uansett veldig gøy, og gav definitivt meirsmak. Det å kjenne at ein faktisk klarer å stå på føttene, komme seg over isen utan å falle så lang ein er, med julemusikk på høgtalarane - det gir ei veldig god kjensle. Etter ei lita stund fekk me til og med heile skøytebana for oss sjølv, så då kunne me suse fram og tilbake (i den grad eg klarte å "suse") utan å vere redd for å kræsje med små ungar som leika sisten.

I dag har me derimot ikkje stått på skøyter, men baka lussekattar! Det er jo trass alt sjølvaste Lucia-dagen i dag, og det må jo utnyttast til det fulle. Så dermed blei det baking på jentene, kombinert med julefilm og sjokolade. Og sjølv om deigen ikkje heva slik den skulle, og me berre fekk halvparten så mange lussekattar som oppskrifta sa, så blei dei i det minste gode til slutt. Ingenting å klage på, der altså. I morgon blir det derimot litt mindre fokus på kos og litt meir fokus på julehandling med ein ordentleg rundtur på kjøpesenter, då eg endå ikkje har handla nokon gåver, og plutseleg berre har ein dag å gjere det på.
​​Lykke til, Inger. Jo, takk.

Likes

Comments

Jul, Livet, Oslo

Klokka er snart halv åtte. Mobilen ligg ved puta mi, og ut av høgtalarane kjem lyden av ein podcast eg har skrudd på for at rommet skal vere litt mindre stille. Utanfor held byen på å vakne - eg høyrer bilane som suser forbi og ser at himmelen har fått eit gult skjær over seg, som eg veit kjem frå alle lysa langt der nede, men som eg ikkje kan sjå med mindre eg går bort til vindauget og ser ned. Og det gidd eg ikkje no. Ikkje at det er så nøye heller. Vegard har reist på jobb, og eg hadde store planar om å sove til klokka var 9, for så å våkne utkvilt og lage ein ordentleg kongefrokost. Likevel ligg eg her, lys våken, klokka halv 8. Utanfor tutar ein bil - leeeenge. Elles er verda heilt stille. Forutan den podcasten, då. Og akkurat no - lyden av fingrane mine over tastaturet.

I dag skal eg stå på skøyter for første gong på veldig, veldig lenge. Om lag allereie då eg flytta hit i august, bestemte eg meg for at eg skulle stå på skøyter i desember. Etter kvart innsåg eg også at skøyter visst nok er noko alle, i alle fall dei aller fleste, har her. Så då bestemte eg meg like godt for å kjøpe mine eigne, sånn for å passe ordentleg inn. Hehe. Så på laurdag fekk eg mitt eige par med skøyter, og heldig som eg er, var dei sponsa av mamma. Kjempefine var dei òg - kvite som snø og berre rett og slett vakre. Eg har alltid syns at skøyter har vore vakkert, ja rett og slett litt majestetisk - men dette avhenger sjølvsagt av om ein faktisk kan bruke dei, noko eg jo ikkje kan. Uansett skal eg i alle fall teste dei ut for første gong i dag. I morgon når eg våknar skal eg telle blåmerkene eg sannsynlegvis får, og oppdatere dykk på situasjonen.

No er klokka snart 8, eg har nesten brukt ein halvtime på dette innlegget, og kjem nok til å bruke endå litt meir. Klokka 10 får eg frokostbesøk, det er der den kongefrokosten eg nemnde tidlegare kjem inn, så eg kan ikkje ete frokost heller. Eg trur jammen eg skal ligge her litt til, høyre litt meir på podcast, sjå på himmelen utanfor, høyre at byen våknar for fullt - og så skal eg ta på meg min nye julepysj, tjukke sokkar og tusle ut på kjøkkenet for å lage frokost. Det beste med å få besøk kontra å reise på besøk er at ein kan gå med julepysj. Kanskje eg skal lese litt først, til og med - skjønnlitterært då, sjølvsagt. Det har eg jo faktisk tid til no. Eg trur eg skal gjere det. Ha ein fin måndag alle. Og til alle venner og ukjente der ute, som sit med pensum opp etter øyrene og som prøver så hardt dei kan å halde hovudet over vatnet - snart er det jul. Hold ut.

Likes

Comments

HEI, LIVET! I´m back. Etter veker med eksamenslesing blei klokka endeleg halv fem i går, eg trykka lever på min siste digitale eksamen og gjekk ut dørene til eksamenslokalet og ut i fridommen. Ut til juleferien. Etter ein liten tur på julemarknaden på Karl Johan, kjente eg den gode kjensla av julestemning verkeleg spreie seg i kroppen då eg gjekk forbi skøytebana, med julelys i alle retningar og "Home for Christmas" på høgtalarane. Stort meir julete blir det ikkje.

I går fekk me også besøk av mamma og pappa! Den neste veka skal me stort sett ha besøk kvar dag, og det blir så koseleg. Etter denne isolerte eksamensperioden skal det bli fint å omgås folk igjen. Så i dag skal eg og mamma handle julegåver, gå endå ein gong på julemarknad og generelt berre rusle litt i byen. Nyte alt av julelys og julestemning som kjem vår veg, og eg skal prøve å faktisk forstå at eg har juleferie. Veldig lang juleferie. Gleder meg stort til å fylle dei neste dagane og vekene med masse julestemning. Håpar de vil vere med på det!

Sleng med eit par bilete frå eksamenslesing på kafè dei siste dagane. Økonomien har blitt andreprioritet denne perioden, for å seie det slik.

Likes

Comments

Instagram@ingerhelgestad