View tracker

Du treng:

• kylling • spinat • avokado • tomat • fetaost

Ein veldig enkel og sunn middag. Steik kylling med ønska krydder. Eg brukte timian, salt og pepar. Du kan også ha litt sitronsaft over. Når kyllingen er steikt har du på resten av tilbehøret. Du kan også bruke det du sjølv vil her; agurk, rødløk, paprika, isbergsalat osv!

Kjempegodt 😊

Likes

Comments

Som sikkert veldig mange andre var mitt nyttårsforsett å starte å trene og å gå ned i vekt. Gravidkiloa klamrar seg fast, og for å ver heilt ærlig trudde eg ikkje det skulle bli så vanskelig å kvitte seg med dei.

Så 1.januar gikk eg på vekta og tok måla mine. Å lage vekesplan for trening med ein liten baby i hus kan ver litt vanskelig, så eg har ikkje gjort det. Eg ser heller ann når eg kan (evnt. har lyst) og så gjennomføre. Og no har eg trena i to veker, og eg merkar det allereie! Eg har gått ned 3 kilo, pluss at eg har stramma meg mykje opp. I tillegg har eg starta på yoga ein gong i veka. Det er deilig å endelig vere i gong, så håper det fortsetter 😊

Likes

Comments

Hei, og riktig godt nyttår!

Har lenge fundert på om eg skal starte opp bloggen igjen, men det er litt vanskelig å finne ut kva eg vil med den lenger.
Bloggen var opprinnelig ein interiørblogg, men mykje har skjedd sidan den gong :)
Familielivet tar mykje tid, og eg nyt kvart sekund.
Eg har starta med yoga, trening å syng i kor.

Så om eg skulle ta fatt å blogge igjen, vil det nok bli meir ein kvardagsblogg. Det er så hyggelig å få tilbakemeldingar som eg fekk tidligare. Å bli "sett og hørt" utan mykje utlevering av privatliv og barn.

Så om du har lest bloggen før eller nettopp stikk hovudet innom, legg gjerne eit lite pip og ein tanke om vidare blogginnlegg - så skal eg sjølv gå i tenkeboksen!

Ha ein fin kveld ❤️

  • 18 lesere

Likes

Comments

Haha, at eg i det heile tatt tørr å legge ut dette bilde!
Jaja, rett og slett ein rimelig usminka heim.
Som de ser har eg og Ingeborg komt heim etter fem dagar i Gjerdsvika. Og då ser det slik ut. Og det verste er at eg har allereie rydda ein god del. Pluss at dette er kun litt av stova 😅

Akkurat no tek eg meg ein ganske velfortent pause. For innimellom rydding - så skal vi begge ha mat. Vi skal leike og kose, og Ingeborg skal sove. No er det ikkje så lenge til Pål kjem heim, så då blir det litt enklare å rydde 😊

*****

Vil gjerne høre kva du som les vil at eg skal skrive om?

Likes

Comments

Haha, for ei håplaus overskrift! 😎

Sidan fredag har eg og Ingeborg vor i Gjerdsvika med mine foreldre sidan Pål er heime å malar gangen. Flink mann altså! Både tak og veggar på to rom skulle malast, og så tok også pappa ein tur inn for å hjelpe.

Så no har vi kvitt tak og grå veggar istaden for trekvite! Hurra! 😊 Så eg surfar på nett etter inspirasjon - gardiner, lampar, hyller, garderobe og plakatar!

Gler meg til å starte, og gler meg til å vise! I mens kan de få sjå korleis det brukte å sjå ut.

  • 377 lesere

Likes

Comments

Mens mamma passa Ingeborg ei lita stund var eg på besøk med ei venninde. Og på vei både til ho og heim, gikk eg med musikk i øyrene å kjente på følelsen av å ver tenåring igjen..

På denne vegen har eg flira, grått, krangla, fått tyggis i håret, dikta songtekstar og dansar, leika, sykla, jogga, gått i snøkave og striregn.

På denne vegen har eg spurta heim i mørket etter å ha sett skrekkfilm, sunge a1 og Westlife, feira 17.mai, fått mitt første kyss, gått heim frå vener etter å ha gjort lekser.

Og mykje, mykje meir. Sjølv om Ørsta er heimen min no, vil Gjerdsvika alltid ver heim-heim!

❤️

Likes

Comments

Ein rolig og god morgen i heimen her. Ingeborg våkna 07.30, og har sove heile natta utan å våkne! Ho har sove så godt sidan ho blei fødd, så vi har vore heldige der :)

Akkurat no søv ho, og eg sit med kaffikoppen og ei episode av New Girl. Skal bli godt å ha ein dag der det ikkje skjer så mykje. Dagane går utruleg fort, og når vesla har lagt seg lurer eg ofte på kor dagen blei av! Vi hadde jo nettopp stått opp :)

Ønsker deg som er innom ein fin torsdag!

Likes

Comments

Til frukost i dag blei det ein god smoothie! Har fått dilla på det etter å ha fått meg blender på flaske! Så enkelt og greit :)

Til smoothien treng du:

• 1 pose med frosen mango
• 1/2 banan
•2 SS gresk yoghurt
•Appelsinjucie

NAM!

Likes

Comments

Ein enkel og rimelig måte å style ei blomsterpotte!
Det einaste du treng er ei potte og ein sprittusj.
Så er det berre å dekorere i vei :)

  • DIY
  • 455 lesere

Likes

Comments