Eg er vel kanskje den personen som klarer å knuse skjermen på telefonen første veka eg har fått ny. Det var vertfall det som skjedde sist! Haha, er det mulig... Samme dagen eg hadde tenkt til å kjøpe beskyttelse til telefonen klarte eg å glippe mobiltelefonen utav handa mi på veg ut døra. Eg hadde akkurat kjøpt meg ny iphone og nekta å bruke eit par tusen kroner ekstra på å bytte ut skjermen! Så no har eg gått med denne knuste telefonen i snart eit år, og ettersom den blei knust første veka så dreit eg rett og slett i å skaffe beskyttelse.... Så no er den ENDA meir ødelagt, blandt anna så er kameraet heilt knust både framme og bak, noko som irriterar meg grenselaust!
Derfor har eg no komt fram til at eg må skaffe meg ein ny telefon, men er usikker på om eg skal fortsette med Iphone som eg har hatt no sidan Iphone kom, eller om eg skal vere vågal og prøve ut Samsung.
Det er viktig for meg at det er veldig bra kamera på telefonen då eg skal bruke den mykje til blogg og instagram.
Visst nokon har tips både for og mot så gjerne kom med dei!
​I need help!

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - klikk her!

Likes

Comments

Hei kjære lesar!

Eg tenkte eg skulle fortelle litt om meg sjølv.
Det er sikkert ingen som veit kven eg er som les denne bloggen, om nokon les den i det heile tatt, hehe...Så eg kan fortelle litt om meg sjølv.
Mitt namn er Frida, er 21 år (blir 22 til sommaren) og kjem frå ei lita øy på vestlandet kalla Stord.
Eg har ein fantastisk fin og snill sambuar og saman har me guten vår Jone på 2 år.
Arbeidar til vanleg i klesbutikk og har jobba med det i snart 5 år, og på sida tar eg salg og service fag utanom.
Som hobby er eg langt over gjennomsnittet interessert i interiør, og finner alltid eit prosjekt å gjere heime for å gjer det pittelitt finare.. :-) Eg har også fått meg symaskin nylig og holder på å innrede eit hobbyrom i loftstova (Frida 67 år).Noko anna som interesserer meg er makeup og fashion, og synes det er gøy å eksperimentere med forskjellege stilartar og lookar.

Frå eg var liten har eg dreve med musikk, noko som er ein stor del av meg då eg innerst inne er ei musikalsk sjel.
Eg har også eit sterkt behov for å uttrykke meg sjølv og kva eg står for, samstundes få uttrykka kreativiteten min!
Det har gjerne vore i form av å skrive personlege tekstar, noko som er perfekt med denne plattforma her; blogg.


Framover kjem eg til å ha ein god del til overs for å skrive blogg, under kan du lese kvifor:

For ikkje så lenge sidan så blei eg veldig sjuk. Eg fekk akutte magesmerter og krampetrekningar i magen. Det var heilt forferdeleg og eg følte eg bare måtte kasta meg etter toalettet, men til ingen nytte. Eg sat i eit smertehelvete i fleire timar til dagen og fekk daglege akuttimar hos legen og måtte gjerne på legevakten på kvelden.
Smertene kom plutselig midt på natta og eg ante ikkje kva det kunne vera, dei stadfesta tidleg at smertene kom entan frå eggstokkane eller tarmen. Heldigvis fekk eg utelukka det verste, tenkte eg. Ingen cyster og alt var i orden med eggstokkane, celleprøvane var også heilt fine!
Då måtte det vera noko i magen, sikkert tarmen tenkte eg. Som dei fleste andre begynte eg å googla symtomane mine, og eg fekk opp den eine tarmsjukdommen etter den andre, kreft i tarmen kunne også vera eit alternativ. Huff, nei dette er så typisk meg, trur vel aldri det verste, men går alltid inn i full beredskap just in case!

Eg blei henvist vidare til spesialistar som skulle utføra koloskopi og gastroskopi, og eg skulle i tillegg få ein ultralydundersøkelse. Det kunne ta mnd før eg fekk komma til, og eg var fortsatt i smertehelvete og klarte til slutt ikkje å eta nokon ting. Den siste gongen eg var hos legen klarte eg ikkje å halda fokus på samtalen, eg var heilt dehydrert og tom for energi, endeleg vart eg lagt inn på sjukehuset. Hovudmålet med sjukeopphaldet var at eg skulle få i meg væske og næring, i tillegg skulle dei prøve å få gjort desse undersøkelsane som eg allerede var henvist vidare til. Eg blei godt opplyst om at eg mest sannsynleg måtte reise tomhendt heim uten undersøkelsar, for det var fullt opp på lista. Så entan måtte nokon avbestille timen, eller så måtte dei skvise inn ein ekstra undersøkelse.
Etter fleire dagar på sjukehuset vart eg til slutt sendt heim, fullt undersøkt (godt takket være meg sjølv som maste og gravde), eg hadde tidlegare fått svar på ein prøve hos fastlegen at eg hadde ein betennelse i tarmen.

Dei fant ingen betennelse i tarmen på koloskopien og det restulterte i at eg fekk diagnosen IBS irritabel tarm. Eg hugsar eg braut saman i tårer og følte at eg hadde fått ein tullediagnose. Kan ein verkeleg bli så sjuk av å ha irritabel tarm?

Eg spurte dei fortvila kva eg skulle gjera for å dempa smertene, og kva medisinar eg skulle få... "Det finns ingen medisinar for å dempa smerten, dei forskar for å prøva å finna ut kva det kommer av og korleis ein kan kurere det". Det einaste dei visste var at eg måtte legge om kostholdet. Ingen mjøl, laktosefri melk, ikkje løk eller kvitløk i nokon som helst form (det er i alle krydder og halvfabrikat mat!!) og lista er vidare lang. Med meg heim fekk eg ei bok der eg kunne lese litt om kva sjukdommen dreide seg om, det var illustrasjonar av mennesker som hadde store smerter som eg kjente meg igjen i. Eg leste også at det var nokre unge som vart uføretrygda i forbindelse med at dei ikkje kom seg på jobb på grunn av diagnosen. HELL NO! Tenkte eg. Vel, hell yes sa kroppen.
Så det er livet mitt nett no, eg er ikkje uføretrygda, men eg kjem meg ikkje i jobb. Så dette blir ein ny start for meg og på mange måtar eit nytt liv. Derfor synes eg det er fint å ha ein plass å uttrykka meg og dela mitt liv og min inspirasjon med andre. Kanskje eg til og med kan vera ein inspirasjon for nåken andre i ein liknande situasjon.


Håpar du har lyst til å følga bloggen min vidare!
-Frida

Likes

Comments

Hei kjære leser!

Idag har eg vert å snopa litt nytt til heimen. La ut eit innlegg i går med inspirasjon til kva eg ønska meg, og idag måtte eg ha eit par av dei tingene..💛

Skålene frå Lucie Kaas har eg sikla lenge etter, og endelig er dei mine💖

Koppen frå Lea interiør har eg óg sikla ei stund etter, ettersom eg kjøpte ein til S.A med skifta "Verdens beste pappa". Så ja, kjempe klein kopp å kjøpe til seg sjølv, men syns koppen er så fin!🙊

Chili trøflene fra La Praline er ein favoritt og må definitivt prøvast ut om ein ikkje har smakt dei😋🍫


Dagens middag

Idag har me kost oss med heimelaga pizza etter byturen vår!

Håper du får ein fin kveld, her skal me slappe av resten av kvelden💕

/Frida

Likes

Comments

​/Bildene tilhøyrer ikkje meg. Dette er kun til inspirasjon! Bildene er tatt ut frå sidene til designarane, minikids, nordiskehjem og englaskreativeverden.


Likes

Comments

idag er ein sånn dag der eg bare treng noko nytt å sjå på. Eg treng shopping, kreative prosjekt og bruke det til noko positivt! Ikkje at alt er så dritt fra før, men treng ein måte å få ut alt stressnivået mitt om dagen. Mitt største problem er at eg tenker for mykje, synsar for mykje. Eg skal slutte med det, må bare ha noko å gjere først!😏

Eg hatar tapeten i stova, den er altfor romantisk for min smak. Tapet med kryssedullar - nei takk!

Fargen er i tilleg beige/gul, samtidig lys - men ikkje kvit. Blir gal! Vurderer stert å kjøpe eit spann med blå/grønn maling og ta ein vegg eller to! Det vil nok ta seg godt bra ut til det nordiske interiøret vårt🌟

Så langt får vi vente til vår gode venn Ida er ferdig på høgskulen kl.15.00. Heldigvis har eg venner på lik linje med meg når der kjem til shopping og interiør.🌷

/Frida

Likes

Comments

Åh, kor deilig der er med ein avslappande morgon! Idag har eg blitt skjemt litt vekk, og fekk sova til halv 10🙈

Eg må berre få sagt at S.A er heilt fantastisk med meg❤️. Det har vert ein tung periode i det siste, men han har holdt meg oppe og motivert meg kvar dag!😊

No har J nett lagt seg for sin første kvil for dagen, og eg har diska opp med ein god, SUPERENKEL og sunn frukost! Nemleg proteinpannekaker med sukkerfri saus😋🍴🍓

Det einaste du treng å gjera er å blanda 1,5dl vatn i ein shaker, så tar du to skeier med pannekake pulveret (skei følger med). Deretter rist litt på shakeren, så er røra klar til steiking! Ei sånn røre blir nok til to "amerikanske " pannekaker. Kjøpte også saus (topping) uten sukker forrige veke! Smakte amazing for ein sukkerman som meg.


Likes

Comments

No har eg tenkt lenge på å farge håret, og denne gongen har eg vel bestemt meg.
Eg har alltid vore blond frå eg var liten, men i seinare tider (vgs) så begynte eg å farge håret mitt mørkare. No har eg bytta om ganske ofte, men føler at eg vil prøve meg ein gong til med blondt hår.
Har alltid følt meg meir vaksen med mørkt hår, så det er nok litt av grunnen til at eg har falt tilbake på det mørke.

Kanskje eg er komen i ein slags midtlivskrise? Puh...
Det har seg jo faktisk sånn at eg er ein del bleikare enn det eg kanskje har vore ever?
No når eg er blitt mamma så har eg ikkje tatt meg tid til å ta sol, har vel ikkje hatt noko behov for det heller. Poenget ja... Med ein kald blondfarge vil fargane i fjeset kome meir fram, utan at eg ser ut som ein liten bimbo. Det var nemleg det som resulterte til at eg måtte mørkna håret sist. Haha!
Har sotte på tanken ei stund no om eg skal våga, ein gong til. No har eg jo tross alt spart håret mitt i 8mnd for å få litt lengde før eg evt skulle farge håret mitt.


Så kom eg over snakkis mirakelet: Olaplex!

-Olaplex er laga for å binde saman disulfid bindingane, som blir brutt ned gjennom kjemiske behandlingar (alle typar fargebehandlingar/lysfargar/bleiking/permanent).
-Olaplex er fri for silikon, sulfater, phtalater, DEA, aldehyder og er IKKJE testa på dyr.
-Olaplex bygger hår, så etter ein behandling så vil det fungere som ein slags oppbygging av håret etter behandlingen, og håret vil bare fortsette å bli bedre!

Olaplex kjem i 3 steg:
1. Olaplex Bond Multiplier No1,
blandast direkte i fargen,
etter at den er blanda ut med vannstoff.

2. Olaplex Bond Perfector No2,
Påføres etter at fargen er skyldt ut, la virke i minst 5min,
skyll ut, vask og avslutt med conditioner.
Kan brukast som ein hurtig styrkande kur,
eller som ein "cutting lotion".

3. Olaplex Hair Perfector No3
Kunden tar med seg produktet heim til bruk,
1 gong kvar veke for best resultat.


<-- Identisk bilde av mitt hår - Mitt drømmehår -->

Ingen tvil om kva eg skal prøve neste gong!

​-Frida





Likes

Comments

Vipps, så var helga nesten over gitt.. men ikkje heilt, heldigvis. Har jobba heile helga, og idag har me ein "fridag" med husplikter og anna gøy på planen😌 Eg og J skal bake boller idag sammen med S.A💖

Har kjent i det siste at eg har hatt godt av å vera i jobb. Det er ikkje mange rundt her som har små barn, og eg har jo ikkje lappen. Så kan sei eg er forbanna lei av å vere så mange timar heime aleine med J, blir kjedelig for han óg til slutten av dagen. Me går tur kvar dag eg er aleine heime med han for å få frisk luft og vera ute i naturen (treningen er også et stort➕). Misforstå meg rett, eg elskar å vera med J💕 Eg bare saknar nokon vaksne å prate med, nokon å drikke ein kopp kaffe med☕️

Såeh ja, blir spennande å sjå korleis neste veke blir. Gleder meg såå mykje til eg har lappen no, då kan eg gå på besøk til venninner når eg har lyst😌 .

Hadde eit koseleg besøk av ei gammal klassevenninne i forrige veke då💞 Det er så kjekt når venninner som bur langt borte tar seg tid til å i det heile tatt ta kontakt med meg og spør korleis det går. Best av alt: i tillegg seier at dei vil komme på besøk - og faktisk gjer det!☺️


Høyres ut som eg knapt har vener, men det har eg altså. Gode tilogmed. Problemet er at dei ikkje er i nærleiken, dei studerar og utforsker resten av verda🌏


Kva eit vennskap betyr for meg:

Eit vennskap skal gå begge veiar, ikkje berre ein. Venner som aldri tar seg tid til den andre, bryt avtalar(!) og skrik til deg kun når ho/han har problem er ikkje noko å samle på. Ein skal vise omsorg for kvarandre og respektere kvarandre. Ta vare på vennane dine, før det er forseint. Sjølv om ein tier kan ein bli sliten av å gi og gi men aldri få noko tilbake🌟

Ein tankevekker for både deg og meg.

Likes

Comments

Første dag på jobb gjennomført! Så utruleg rart å begynne i jobb igjen, men det var faktisk ganske gøy. Har fått jobb på Solid! Veldig kjekk gjeng og virker som eit godt arbeidsmiljø.😁

Blir kjekt å bli kjent med gjengen framover, så det ser eg fram til! Blei møtt av ein snill, omtenksom mann som stod klar med middagen på bordet når eg kom heim fra min første arbeidsdag😙💕 Heldige meg!

Slenger med ein superklein selfie😅 Haha

Likes

Comments

Idéen til fairyfloss kom fra.. INSTAGRAM!

Følger kanskje tidenes kuleste instagramkonto: @fluffëgram💕 Nathan bak kontoen og hjelparane hans lagar så fantastisk kult design og idéar av og med...SUKKERSPINN!

Masse kul inspo med deilige pastellfargar og evig diabetes...


💜💖💚💛

Ha ein digg og fargerik dag!

Likes

Comments