Heisann! Sol og nydelig vêr har det vore i Bergen idag, skulle ikkje tru det slik vêret var igår. Vi vart ferdige med å hente og kjøpe inn det meste til leiligheita igår, så idag vart det mest kos. Mormor og morfar er også med til Bergen så alle sammen var ein tur opp på Ulriken før det blei middag og is seinare på dag. Var kjempe kjekt å sjå tanta mi og onkelen min igjen, gleder meg veldig til å flytte ned etter sommaren og tilbringe meir tid med dei. Vi spiste middag på ein thai resturang som heiter Siam, vi har spist der før og er like fornøgde kvar gong! Anbefalar den om de er glad i thai mat. No skal eg snart legge meg, håper de har hatt ein fin dag! Snakkast <3

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - Klikk her

Likes

Comments

Anbefaling, Kvardag, Lunsj

Endelig fredag, og eg er på vei til Bergen. Eg og ei venninde har akkurat tatt over ei ny leiligheit, så familia og eg skal ned å flytte inn ein del ting. Gleder meg til leiligheita er heilt ferdig laga til. Dagen idag går derfor for det meste med til bilkjøring, rydding og flytting. Eg skal vise bilde frå leiligheita når den er ferdig.

Men tilbake til overskrifta. Igår tok eg med meg lisjesystene og ei venninde av minste lisjesysta på kafe til lunsj. Madelynn som den heiter, serverer den beste maten, kaffien og kakene i Fosnavåg, vertfall etter mi meining! Eg er så glad i smoothie, så er vell ikkje nokon overraskelse at Mango smoothien dei serverer er min favoritt, hihi. Det var vertfall ein veldig koselig lunsj, og det er alltid godt selskap i lisjesystene, haha <3 Ha ein super fredag vidare! Snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag

Piknik på verandaen i solskinn var rett og slett berre så koslig! Endelig kom sola til Sunnmøre også, så vi har vore ute og nytt den i heile dag. Nystekte vafler, sol, lisjesystene mine og musikk har resultert i ein fantastisk dag <3 Håper på fleire slike dagar! No har vi nettopp spist middag, og eg skal ut på verandaen og slikke litt meir sol før det blir trening og fjelltur seinare. Håper alle har hatt ein fantastisk dag så langt! Snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag, Smoothies

Smoothie og sommar for meg går hand i hand. Det er så friskt og godt! Sunt er det også og ein får i seg viktige vitaminar, rett og slett ein boost på gråe sommardagar. Sjølv om sola ikkje skin, har dagen vore super så langt. Kafébesøk og kvalitetstid med lisjesysta og bestevenninda gjor seg virkelig. Men no skal eg hive meg rundt å lage noko middag før det blir trening litt seinare. Snakkast <3

Likes

Comments

Anbefaling, Kvardag, Sminke

Leppestifta frå Kailijumei som eg kjøpte i Oslo på vei heim frå Spania fall rett inn som ein av mine sminkefavorittar. Fargen er nydelig no om sommaren, frisk rosa. Den fuktar i tillegg leppene og fargen varer heile dagen! Eg må vell innrømme at det var utsjånaden på den som fanga oppmerksomheita fyrst, for den er berre så fin! Sidan den er heilt blank med ei rose inn i, skulle ein ikkje tru at den får ein slik fin rosa farge på leppene, men det gjer den. Haha, det var dagens lisje anbefaling om nokon er på jakt etter ei ny leppestift.

Dagen idag har gått med til jobb, og no skal eg snart hive meg rundt å fare på trening. Skal begynde å trene meir kondisjon, og det gleder eg meg faktisk veldig til! Håper dagen og starten på veka har vore fin så langt! Klem <3


- Ikkje sponsa -

Likes

Comments

Anbefaling, Frukost tips, Hår og hårpleie

Nytt hår og "ny jente"! Haha, var nesten slik eg følte det når eg klipte av meg so og seie halve håret.. Men deilig var det! Klipte og stripa håret no når eg var i Spania, har vore med samme frisøren 3 gongar før og er like fornøgd kvar gong. Eg får til og med to frisørar som står og styrta med håret mitt på ein gong, ikkje værst!

Men eg må ærlig innrømme at eg ikkje var heilt sikker på om eg ville klippe så mykje av håret, og var på nippe til å felle ei tåre når eg såg alt håret som for, men angrar ikkje eit sekund no heldigvis. No skal eg hive meg rundt og fare på fjellet, snakkast <3

Likes

Comments

Reiser, Tankar

Lenge sidan sist dessverre... Har vore veldig mykje som har skjedd som gjer at eg trengte ei pause. For å vere heilt ærlig var eg i eit forhold som ikkje var bra for meg, eg gjorde det slutt og det vart veldig mykje på ein gong midt opp i eksamensperioda og alt. Meir vil eg ikkje snakke om det, anna enn at eg rett og slett berre trengte ei pause for å finne tilbake til meg sjølv og berre fokusere på eksamenane. Men no er eg tilbake, og har det betre enn på veldig, veldig lenge!

Men over til noko anna, eg har nettopp komt heim ifrå ferie. Eg har vore på tur med familia og vore i Spania. Vi var i Cambrils og var på dagsturer til Barcelona og Tarragona. Nydelige plassar. Vêret var fantastisk og det var nærmare 30 grader og meir kvar einaste dag. Håper vi får skikkelig sommarvêr her heime også snart, sann at eg kan bruke sommarkle og vise fram den lisje brunfarge eg har fått, hihi. Bading og sol kvar einaste dag gjorde verkeleg godt for både kropp og sjel! Bilda er frå turen og er både frå Barcelona, Tarragona og Cambrils. Tenkte å lage eit innlegg med tips om kva som er kjekt å finne på om ein er tur til Barcelona kanskje, Barcelona er vertfall ein nydelig by! Håper alle har det bra, og har fått ein fin start på sommaren. Klem <3

PS: Tenkte å ha ei lita spørsmålsrunde, så om det er noko de lurer på er det berre å spørre, så svarar eg på alle i eit felles innlegg. Kanskje eg til og med kan lage ein video, det har eg ikkje gjort før!

- Strekk hendene mot himmelen, sjå opp mot det blå, for ingenting er umulig sjølv om du ingenting kan sjå. Drømmer vil bli virkelige, sannheita vil konne fram, alt vil bli bra og du vil bli heil igjen. AHL -

Likes

Comments

Frukost tips, Lunsj, Bakeglede

VERDENS BESTE BANANPANNEKAKER!

OPPSKRIFT:

- 3 bananar

- 4 egg

- ca 1.5 dl havregryn

- Ein "dasj" kveitemjøl (ca 3/4 dl)

- 1 toppa ts bakepulver

- 1/2 ts vaniljesukker

- 1 ts salt

- 1 dl vanilje yoghurt

FRAMGONGSMÅTE:

- Mos bananane. Ha i egga og rør/pisk godt, slik at det blir ei klisjete luftig røre.

- Ha i havregryn og rør godt.

- Hell så i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og salt. Rør til røra er klumpfri.

- Tilsett til slutt vaniljeyoghurt, slik at røra blir passelig tjukk.

- Steik på svak varme. (Eg hadde på mellom 4-6 i styrke på steikeplata).

- Ha på ønska fyll og nyt! <3 ( Eg brukte banan i skiver, jordbær i skiver og melis).

God søndag! Håper veka har vore fin. Veka mi har rett og slett berre gått med til skulearbeid, jobb og å prøve å bli frisk. Heldigvis føler eg meg mykje bedre, men håper å starte veka heilt frisk slik at eg kan trene igjen. Kjedelig å vere forkjøla.. Men trur det er monge som har vore det no i det siste? For nokre dagar sidan laga eg etter mi meining verdens beste bananpannekaker. Eg hadde faktisk aldri trudd at dei kom til å bli so go, for eg improvoserte berre med kva som var i skapet. Eg har allereide fått mange spørsmål om oppskrifta, då eg la ut bilde på instagram og på snappchat, så tenkte kanskje at nokre av dokke også ville bli frista til å prøve dei ut, hihi. Håper vertfall dei fell i smak! Resten av dagen går med til eksamensforberedelsar, og kino med nokre venninder ikveld. Gleder meg! Håper de får ein kjempe fin søndag vidare. Klem <3

Likes

Comments