Inspirasjon, Kvardag, Outfit, Sommar

Jakke- Vero Moda
Bukse - Cubus
T-skjorte - Bik Bok
Sko- Stocholm design group
Veske- Lindex

Den rosa skinnjakka har blitt ei av mine favoritt jakker etter at eg kjøpte den. Eg elskar fargen og den er utrulig behagelig på. Det er så kjekt med litt fargar, og den gammalrosa fargen er berre heilt nydelig no sommarstida. Kva synst du om antrekket? Klem <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Inspirasjon, Anbefaling, Kvardag, Sommar, Hår og hårpleie

Dagens hårfrisyre blei ei flette rundt heile hovudet. Eg likar veldig godt denne fletta fordi den er elegant og held alt håret vekk frå ansiktet. På dagar med hårkrise (slik som idag) reddar denne frisyra meg alltid. Å vaske håret kvar dag er ikkje bra, det blir meir slitt, treng meir fukt og hovudbotnen startar å overprodusere oljar for å halde håret og hovudbotnen fuktig. Så istadenfor å vaske håret kvar dag, kan ei slik flette vere like så greit om ein vil føle seg vel og fin sjølv om håret ikkje er heilt tipp topp. Klem <3

Likes

Comments

Personlig, Tankar

1: Eg drikk ikkje alkohol, men storkoser meg ute med vennar uansett, på fest eller i selskap. Det er opp til kvar enkelt om dei vil drikke eller ikkje, alle vennindene mine drikk og det er deira valg og heilt greit for meg. Det er min kropp og mitt valg at eg ikkje drikk alkohol, og eg meiner det bør respekterast på lik linje som at eg respekterer at andre vil drikke alkohol.

2: Eg elskar sjokolade, kan spise og spise til eg sikkert sprekk! Når eg bur i Bergen kan eg faktisk ikkje kjøpe det inn, for då er all sjokoladen vekk samme dag, hihi.. Når eg er heime er her heldigvis noken mindre sysken som faktisk er raskare enn meg til å spise den opp, haha.

3: Eg har spelt handball i 12 år, men slutta rett før siste året på vidaregåande. (Savnar det veldig da..)

4: Eg er ein morgenfugl, og har som regel ingen problem med å stå opp tidli. Hehe, kanskje litt med at eg også legg meg tidlig, fordi eg blir fort trøtt på kveldane.

5: Eg er veldig glad i å ta bilder. Brukte å ta speilrefleks kameraet til mamma når eg var mindre, og ta ein haug med bilder av alt mulig. Var vell eigentlig derfor eg ville starte med blogg, fordi eg føler eg får brukt bilda eg tar til noko.

6: Yndlingsmaten min er julemiddag, hihi. Sikkert fordi vi spis det så sjeldent også. Ingenting slår rabbestappa til pappa!

7: Eg har veldig lyst til å reise verda rundt, men vil vente til eg har råd, og har ein person i livet mitt som vil vere med meg som eg kan dele minna med.

8: Eg lagar smoothie nesten kvar dag, det er så godt til frukost, lunsj, kveldsmat eller rett etter trening. Det er perfekt til alle døgnets tider, hihi.

9: Eg studerer for å bli lærar på 5. til 10ande trinn, og synest det er veldig kjekt. Eg gleder meg til å starte på eit nytt år i ny leiligheit.

10: Eg trenar fast på treningssenter 4 til 5 gongar i veka. Etter at eg slutta på handball blei det styrketrening som kom i fokus istaden. Eg synest det er så kjekt å sjå framgong, merke at kroppen blir sterkare og held ut lenger. Trening er i tillegg bra for både konsentrasjon, energi, sjølvkjensle og både den fysiske og psykiske helsa. I tillegg er det så kjekt å trene saman med venninder, vi pressar kvarandre til å yte meir og til å bli bedre.

Likes

Comments

Inspirasjon, Outfit, Sommar

Bukse: Pimki
Body: Pimki
Sko: Stocholm design group
Klokke: Guess
Ring: ukjent

Behind the sceens, hihi. Pusen ville også vere med på bilde og ha litt kos.

Heisann! Våkna til ein litt stiv og støl kropp idag etter gårdsdagens topptur, hehe, men det er eigentlig berre deilig å kjenne at kroppen har fått kjørt seg litt. No er eg på vei i familieselskap, alltid like kjekt å møte familia, spise god mat og slappe av, gleder meg! Seinare blir det nok litt styrke trening og avslapping med familie eller vennar. Håper dagen har vore fin så langt, ha ei strålandes helg <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Fjelltur, Sommar

For ein fantastisk dag! Ikkje mindre enn 8 timar har eg og familia tilbrakt på fjellet idag, og det var rett og slett ein nydelig tur. Vi gikk på Romsdalsegga, og ingen av oss hadde gått der før. Stien var kjempe fin, vêret var fantastisk, utsikta var uslåelig og vi kosa oss veldig. Syskenbarne mitt på 6 år gikk heile vegen sjølv, og det må eg seie er veldig bra gjort! Turen hadde vell kanskje tatt litt mindre tid om det ikkje var for at vi måtte ha ein god del pauser, men dagen var uansett sett av til toppturen så det gjor ingenting. Neste gong eg skal gå der vil eg ha med telt og overnatte, trur det hadde vore veldig kjekt. No skal vi spise pizza og berre slappe av, gleder meg allereide til neste tur! Håper fredagen har vore like solfylt som min, klem <3

Likes

Comments

Anbefaling, Hår og hårpleie, Kvardag, Outfit

- Simple and comfy -

T-skjorte: Bikbok
Bukse: Bikbok
Sko: Adidas
Skjerf: ukjent

For nokre dagar sidan rydda eg i nokre kle og andre ting, då fann eg eit lite silkeskjerf som eg har fått etter oldemora mi. Eg har sett mange knyte skjerf i håret i det siste, og tenkte å kaste meg på trenden eg også. Passa bra at eg fann det lisje skjerfet, for det passa perfekt! Eg synest vertfall det blei veldig søtt og ga ein ekstra liten detalj til tuten i håret. Kva synst du? Der er monge ulike måtar å bruke slike skjerf på, og eg tenker at eg skal prøve meg på fleire no framover. Å knyte skjerfet på veska, rundt halsen og i håret på ulike måtar er berre nokre tips til korleis det kan brukast. Ekstra kjekt er det for meg å tenke på at oldemor har brukt skjerfet før, og at eg får fortsette å bruke det. No skal eg hive meg i dusjen, har akkurat vore på ein liten joggetur. Håper dagen har vore fin så langt, klem <3

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Sommar

- Summer bliss -

Sol, strand, bølger og ope hav, det var heilt nydelig på Flø idag. Litt kaldare enn vi hadde trudd, men med ein gong sola kom fram frå skyene var det verkeleg kjempe deilig! Eg og lisjesysta tilbringte litt kvalitetstid ilag, det trengst når eg meste parten av året er i Bergen. Veldig koselig var det vertfall <3 Vi hadde faktisk på oss badekle og hadde med oss handdukar, haha vi tenkte å bade vi. Men det bestemte vi oss fort for at ikkje kom til å skje, det var nok å dyppe tåa i sjøen, for det var IS KALDT! Litt (veldig stor) forskjell på temperaturen i sjøen her og i Spania ja! Vi stoppa å kjøpte oss litt niste og spiste lunsj på stranda, håper vi får fleire slike solfylte dagar. No skal vi ut å jogge oss ein tur før der blir tacopizza til middag litt seinare. Det er så deilig med ferie! Ha ein super dag vidare, snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Lunsj, Smoothies

Starta veka på best mogleg måte med å lage smoothie bowl til lunsj. Smoothien består av: bringebær, blåbær, banan, vanilje yoghurt, appelsin juice med fruktkjøtt & melk. Den blei super god!

Dagen idag starta med at eg og lisjesystene måtte kjøre katten vår til dyrlege. Ho har fått eit bitt i ansiktet mest sannaynleg, og måtte leggast inn. For å få tankane på andre ting bestemte vi oss for å lage smoothie. Eg henta bestevenninda mi og no sitt vi og kosar oss med smoothie og smoothie bowl <3 Seinare blir det nok trening og venninde besøk. Håper alle får ein fin start på veka! Snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Bergen, Outfit

- Dancing through the streets -

Jakke: DKNY
Skjørt: HM
T-Skjorte: Bik bok
Sko: Nike air huarache
Veske: Lindex

Heisann! Då er nasa vendt heimover og dagen idag vil for det meste bestå av å kjøre bil, igjen.. Det er ein ca 7 timar lang kjøretur, men i godt lag og med musikk går det eigentlig veldig fort. Dagane i Bergen har gått forbi som ein røyk, har hatt mykje å gjer kvar dag, men det er veldig deilig å tenke på at neste gong eg kjem ned er alt klart! Bilda over er frå gårdsdagen. De må ha ein fin søndag vidare, snakkast <3

Likes

Comments