Anbefaling, Inspirasjon, Kvardag, Lunsj, Smoothies

- Monday, new week & new goals -

God mandag! Dagen i dag starta med nokre timar på skulebenken og forberedelsar til praksis. Eg skal i prakis på ein ungdomsskule i år, og eg kjenner eg både gruar meg og gleder meg. Men eg trur det blir veldig lærringsrikt og spennande. Nokre andre som har vore i praksis på ungdomsskule eller som skal det i år? Eg blir veldig glad for å høre om andre sine erfaringar!

Etter skule har eg eigentleg berre arbeida med eit arbeidskrav, spist smoothie og restar av vaflene frå igår yum yum! Dagens smoothie bestod av: Ein banan, nokre jordbær, litt bringebær, Biola zero med smak av bringebær og vatn. Smoothie er så godt og hjelp alltid på humøret, spesielt på mandagar som er fylt opp med skulearbeid.. Seinare blir det mest sannsynleg ei lita treningsøkt med sambuaren og venninda mi, det skal bli godt! Oppskrift på vaflene som eg laga i går, kjem i løpet av veka. Dei må dykk prøve ut, for dei blei berre heilt nydelige, hihi! <3 Håper de får ein kjempe fin mandag og ein fin start på veka, snakkast <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Tankar

- DO WHAT YOU CAN, WITH WHAT YOU HAVE, WHERE YOU ARE-    .Theodore Roosewelt.

Enda ei veke er snart over, og eg ser tilbake på den forrige veka og helga med glede. Dagane går så fort, det er nesten litt vanskelig å hugse alt eg har gjort den siste veka, men det er vell eit godt teikn? Heldigvis tek eg ein god del bilete og skriv litt om det her på bloggen, slik at eg kan sjå tilbake og minnast alt. Det er deilig med søndag, deilig å berre slappe av og la tankane fly. Det er ikkje tid til det resten av veka, haha det kjennast i alle fall av og til slik.. Når dagane er fylt opp med skule, arbeid og andre kvardagslege nødvendegheiter er det vanskeleg å finne tid og ro berre til å sitte å dagdraume, tenke og skrive. Det er liksom alltid noko som skulle ha blitt gjort, eller noko som må gjerast. Søndagar er ein slik dag for meg, ein dag der tida skal brukast til det som gir meg energi, til det eg "ikkje" får tid til resten av veka. Det er i alle fall det eg vil bruke søndagane mine på, men realiteten blir av og til litt annleis, men slik er det med alt. Kva brukar du søndagen din til? No har eg akkurat laga ei vaffelrøre som snart skal steikast og bli verdens beste vaffler, hihi. Det kjem nokre vennar på besøk om ei stond, så håper dei fell i smak! Om dei blir ein suksess skal eg dele oppskrift og bilder med dykk. Håper de får ein fantastisk søndag, snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Anbefaling, Kvardag, Sminke

- MISS DIOR BLOOMING BOUQUET -

Etter at eg har brukt denne nokre veker no, har eg fått fleire spørsmål om kva for ei parfyme eg brukar. Så eg tenkte det var ein kjekk ting å skrive om i denne vekas tipse spalte som eg tenker å starte med. Blooming bouquet av Dior er frisk og søt på samme tid, så om du er på utkikk etter ei lett parfyme så vil eg anbefale denne. Eg er veldig lei av dei eg har hatt før, så det var kjekt med ei ny & litt annleis duft! Som de sikkert har erfart er det ikkje så lett å kjenne dufta av ei parfyme i eit parfymeri fylt av uendelig mange forskjellige dufter. Så det er alltid kjekt med litt tips når det kjem til parfymer, for då slepp du å lukte på heile parfymeriet før du kanskje finn di favoritt duft. <3 Om nokon har tips til andre gode parfymer, blir eg veldig glad! Håper de får ein fantastisk fredag! Endelig helg <3

- Ikkje sponsa -

Likes

Comments

Kvardag, Anbefaling, Lunsj

Endelig fikk eg sjå bestevenninda mi igjen. Vi tok oss ein tur på Madelynn for ein liten lunsj, og det var kjempe koselig! Eg reiser (dessverre) tilbake til Bergen idag, så det var bra vi fann tid til å møtast før det. Heldigvis er det ikkje lenge til eg skal heim igjen, hihi. Det blei kake og salat til mat, og alt smakte nydeleg. Du får ikkje betre mat enn på Madelynn, så om du skal spise i Fosnavågen ein gong så anbefalar eg verkeleg å spise der. No skal eg pakke siste rest av ting og tang eg skal ha med meg tilbake til Bergen. Snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Fjelltur, Trening, Bilder

For ein fantastisk tur! I går gikk eg, mamma & pappa på Jønshornet som er ein tind i Sunnmørsalpane. Det var ein long, tong og luftig topptur, men det var jammen verdt det! Utsikta på toppen var uslåelig. Jønshornet er høgare enn dei fleste toppane rundt, så vi såg ned på andre toppar vi har gått på før og tenke at dei var lave i forhold, haha. Eg må innrømme at høgdeskrekken baud seg eit par gongar, for sjølve toppen er eigentleg berre nokre litt store steinar høgt oppe, med stup ned på alle kantar. Vi måtte til og med klatre gjennom eit hol mellom to steinar for å komme oss til toppunktet. Når eg kom gjennom holet var det 1000 meter rett ned rett framfor meg! Det kribla godt i magen fleire gongar på turen, men eg villa ikkje vore for uten. Vi kosa oss med kvikklunsj, god niste og pauser både på veg opp og ned. Det blei litt seint på veg ned igjen, så vi gikk i mørke siste 30 minutta. Heldigvis har mobilene våre lommelykt, haha. Solnedgongen sett frå 1100 moh kan ikkje måle seg med andre solnedgongar eg har sett ivertifall. Eg gleder meg allereide til fleire uforgløymelege turar saman med familia mi. Kvalitetstid med dei som betyr mest for meg, kan ikkje byttast ut med noko anna.

For øyeblikket ligg eg på verandaen og nyt sola, eg er litt støl etter gårdsdagen så i dag blir det berre å slappe av tenker eg. Håper de får ein fantastisk start på veka! Klem <3

Likes

Comments

Outfit, Inspirasjon

God laurdag! Det er så kjekt å vere heime og sjå familia mi igjen. Dagen starta med familiefrukost, det er alltid så koslig. Heimelaga rundstykke og bringebærsyltetøy har vore eit stort savn i Bergen, haha. No kom eg akkurat heim etter ein liten tur ut i Fosnavågen. Dagens antrekk ser de på bilda over. Den raude veska kjøpte eg no for nokre dagar sidan, og eg er kjempe gla i den! Elskar fargen og størrelsen. Den kjem nok til å bli brukt mykje framover. Seinare idag skal eg i 40 års selskap til tanta mi, gleder meg! Er fortsatt litt usikker på kva eg skal ha på meg, så eg må vell hive meg rundt å sjå om eg klarer å bestemme meg. Håper de får ein fin laurdag og ei kjempe fin helg! Klem <3

#nouwoutfit #nouw

Likes

Comments

Kvardag

Endelig fredag og helg! Helga starta vell eigentleg for meg allereide igår, då eg hadde fri frå skule idag. Det er veldig deilig med ein ekstra fridag som kan brukast til litt andre ting enn studie og jobb. Dagen starta med ei god treningsøkt, det var legday som sto for tur, og beina fikk verkeleg kjørt seg. Trappemaskina har blitt fast avslutting på beinøktene, og den er super for å få syra til å boble i beina, haha. No held eg på å pakke, eg skal heim ein tur i helga og gleder meg veldig til å sjå familia mi igjen! Bilda er frå gårsdagen som vart tilbrakt med bestevenninda, det var så lenge sidan eg hadde sett henne så det var skikkelig kjekt å ha ein heil ettermiddag saman <3 Vi bestilite oss pizza, tok den med ned på bryggekanten og kosa oss i det fine vêret. Litt shopping blei det også, eg gleder meg til å vise litt nye innkjøp snart. Håper starten på helga har vore super, snakkast <3

Likes

Comments

Personlig, Tankar

Å tørre å vere seg sjølv, kan til tider vere det vanskeligaste av alt. Alle rundt har forventningar til korleis du skal vere. Korleis du ser ut, kva du trur på, kva ambisjonar du har, korleis du gjer det på skule, kva du spis, kor mykje du trenar og lista kan fortsette i det uendelige. Er eg bra nok no? Det er et spørsmål eg stiller meg ofte. Eg har prøvd å trene meir, spise mindre, kle meg annleis, gjere det best mulig på skule og vere snill og grei med alle. Fokuset har alltid vore på :"kva kan eg gjere for at eg skal vere bra nok". Men det var aldri noko som endra seg. Livet går og ting endrar seg ja, men mitt syn og mi innstilling til om eg var bra nok, endra seg aldri uansett kva eg gjor.

Eg har vorte skuffa og lei, og ikkje forstått kva eg har gjort feil. Eg har vore forelska, forelska i ein som ikkje følte der samme. Det er vanlig ja. Selvfølgelig forstår eg at ikkje alle kan like meg, men det er synet på meg sjølv opp i alt som var feil. Eg har tenkt: " Det er vell berre det at eg ikkje er bra nok for han".. Sjølvtillita og mitt syn på meg sjølv har ikkje vore så bra, det har eg vist lenge, men eg innser det vertfall no. Kvifor skulle ein gut få meg til å føle meg så lita? Kvifor skulle han gjer at eg følte meg "dårligare" enn han? Eg trur ikkje han meinte at eg skulle føle det slik, men det gjor eg uansett.

Etter å ha vore i eit forhold der eg har følt meg undertrykt, ikkje følt meg bra nok på nokon område, har desse tankane om meg sjølv blitt forsterka. Det var så gale at eg til slutt spurte mamma om ting han sa om meg verkeleg stemte. Eg trudde på det, han sa eg var sur, negativ og at eg aldri gjor noko bra nok. Det gikk ikkje ein dag utan at eg fikk høyre at eg ikkje var bra nok, formulert på ein eller annan måte. Enten tenkte eg feil, gjor noko på feil måte, sa eit ord feil eller burde gjere meir av det og det. Alt han gjor og tankane han hadde om ting og tang, var ein mal som han ville eg skulle fylgje. Ingenting anna var bra nok for han, alt skulle vere perfekt. Eg følte meg fortapt, eg følte meg rett og slett tom. Eg ville så veldig gjerne vekk, eg ville heim, men følelsane mine og tankane mine om meg sjølv gjorde at eg var i eit allereide fortapt forhold lenger, mykje lenger enn eg ville. Eg fikk ikkje vere fri, eg fikk ikkje vere meg sjølv. Eg gleder meg til eg finn ein som ikkje er i tvil, ein som ser på meg som bra nok og perfekt med alle mine "feil". Ein som får meg til å føle meg fri.

Vi er mennesker og JA vi er vår værste fiende. Vi leitar etter feil og prøver alt for å rette opp, eller gjere opp for "feila" våre. Men kva er feil? Kva er rett? Kva er perfekt? Kva er bra nok? Kven har fasiten? Det er vi som skapar disse krava, vi sett opp krav til oss sjølv og ser på oss sjølv som problemet istaden for løsninga. Andre menneske kan og vere med på å skape disse krava, men det er vi som let dei påverke oss, og vi som kan velge å ikkje høyre på dei. Det er sjeldan vi er heilt fornøgde med oss sjølv, som regel er der alltid noko som kunne ha vore betre eller vore forbetra. Eg tek meg sjølv i å sjå på instagrambrukarar og kunne ønske eg såg slik ut, hadde ein slik kropp, hadde dei kleda, var like flink til å trene og hadde samme suksess i livet som dei. Eg trur ikkje eg er aleine om å tenke slik, dessverre. Det skapar eit unødvendig press, eit press på oss som ikkje er sunt. Kva veit vi om dei vi ser på Instagram, kva veit vi om dei rundt oss eigentlig? Eit menneske kan skjule mykje under det ytre, veldig mykje.

Vi er alle forskjellige, og vi har alle draumar og mål her i livet. Vi har ett liv, ein kropp, og ein sjanse her på jorda til å leve det livet vi vil. Ingen andre kan leve livet for oss, vi er ansvarlige for vår eiga lykke. Eg har vertfall bestemt meg for at eg vil gjere det som gjer meg lykkelig. Trene ja, fordi eg får energi av det, fordi det er sunt og bra for kropp og sjel. Spise sunt, fordi kroppen min har det bedre då og fordi eg vil ha ein sunn og frisk kropp. Kle meg i det eg føler meg vel i. Jobbe hardt og bra på studiet, men ikkje bli skuffa og lei berre fordi eg fikk ein karakter dårligare enn nokon andre. Eg vil vere saman med dei menneska som gir meg energi, og ikkje tappar meg. For korleis livet mitt er og blir, avgjerast ikkje av ein karakter, av kle eller av kva andre som ikkje bryr seg om meg synst om meg. Vi kan lykkast med det vi vil, vi kan oppnå det vi vil, berre vi jobbar for det. Eg vil rett og slett skape mi eiga lykke, gjere det eg føler for. Synge, danse, le og grine om eg føler for det. Det er vår rett som frie menneske, vi skal få vere oss sjølv på godt og vondt. Ver stolt av deg sjølv, sett pris på dei som elskar deg, ha fokus på ei positiv framtid og at du kan klare kva du vil. - THE SKY IS THE LIMIT - . Menneska som verkeleg elskar oss, vil alltid vere der for oss uansett. Å gjere feil ligg i mennesket sin natur. Det er betre å vere unik enn perfekt. Det har eg erfart, og det er det viktigaste.
<3 <3 <3

Likes

Comments

For ein nydelig dag! Bergen har verkeleg vist seg frå si beste side. Etter nokre timar inne med foredrag i matte var det utrulig godt å få kome seg ut i sola. Middagen blei spist ute saman med finaste tanta mi i parken på Nordnes. Det var italiensk pizza som stod på menyen idag, og den var nydeleg! Eg anbefalar verkeleg Da Stefano om nokon er ute etter ein plass å spise pizza på, den ligg i Strandgaten bort mot Nordnes. Det var så deilig å berre sitte å nyte sola, snakke om alt og ingenting og sjå på alle som gikk forbi. Eg kryssar fingrane for at vi får fleire slike dagar! No skal eg berre slappe av og spise litt kveldsmat før det blir natta, må opp tidleg no når studiet har starta på igjen.. Vanskelig å legge seg tidleg nok, men det blir nok betre etter kvart. Håper alle har hatt ein solfylt og strålandes tirsdag! Snakkast <3

Likes

Comments