Å tørre å vere seg sjølv, kan til tider vere det vanskeligaste av alt. Alle rundt har forventningar til korleis du skal vere. Korleis du ser ut, kva du trur på, kva ambisjonar du har, korleis du gjer det på skule, kva du spis, kor mykje du trenar og lista kan fortsette i det uendelige. Er eg bra nok no? Det er et spørsmål eg stiller meg ofte. Eg har prøvd å trene meir, spise mindre, kle meg annleis, gjere det best mulig på skule og vere snill og grei med alle. Fokuset har alltid vore på :"kva kan eg gjere for at eg skal vere bra nok". Men det var aldri noko som endra seg. Livet går og ting endrar seg ja, men mitt syn og mi innstilling til om eg var bra nok, endra seg aldri uansett kva eg gjor.

Eg har vorte skuffa og lei, og ikkje forstått kva eg har gjort feil. Eg har vore forelska, forelska i ein som ikkje følte der samme. Det er vanlig ja. Selvfølgelig forstår eg at ikkje alle kan like meg, men det er synet på meg sjølv opp i alt som var feil. Eg har tenkt: " Det er vell berre det at eg ikkje er bra nok for han".. Sjølvtillita og mitt syn på meg sjølv har ikkje vore så bra, det har eg vist lenge, men eg innser det vertfall no. Kvifor skulle ein gut få meg til å føle meg så lita? Kvifor skulle han gjer at eg følte meg "dårligare" enn han? Eg trur ikkje han meinte at eg skulle føle det slik, men det gjor eg uansett.

Etter å ha vore i eit forhold der eg har følt meg undertrykt, ikkje følt meg bra nok på nokon område, har desse tankane om meg sjølv blitt forsterka. Det var så gale at eg til slutt spurte mamma om ting han sa om meg verkeleg stemte. Eg trudde på det, han sa eg var sur, negativ og at eg aldri gjor noko bra nok. Det gikk ikkje ein dag utan at eg fikk høyre at eg ikkje var bra nok, formulert på ein eller annan måte. Enten tenkte eg feil, gjor noko på feil måte, sa eit ord feil eller burde gjere meir av det og det. Alt han gjor og tankane han hadde om ting og tang, var ein mal som han ville eg skulle fylgje. Ingenting anna var bra nok for han, alt skulle vere perfekt. Eg følte meg fortapt, eg følte meg rett og slett tom. Eg ville så veldig gjerne vekk, eg ville heim, men følelsane mine og tankane mine om meg sjølv gjorde at eg var i eit allereide fortapt forhold lenger, mykje lenger enn eg ville. Eg fikk ikkje vere fri, eg fikk ikkje vere meg sjølv. Eg gleder meg til eg finn ein som ikkje er i tvil, ein som ser på meg som bra nok og perfekt med alle mine "feil". Ein som får meg til å føle meg fri.

Vi er mennesker og JA vi er vår værste fiende. Vi leitar etter feil og prøver alt for å rette opp, eller gjere opp for "feila" våre. Men kva er feil? Kva er rett? Kva er perfekt? Kva er bra nok? Kven har fasiten? Det er vi som skapar disse krava, vi sett opp krav til oss sjølv og ser på oss sjølv som problemet istaden for løsninga. Andre menneske kan og vere med på å skape disse krava, men det er vi som let dei påverke oss, og vi som kan velge å ikkje høyre på dei. Det er sjeldan vi er heilt fornøgde med oss sjølv, som regel er der alltid noko som kunne ha vore betre eller vore forbetra. Eg tek meg sjølv i å sjå på instagrambrukarar og kunne ønske eg såg slik ut, hadde ein slik kropp, hadde dei kleda, var like flink til å trene og hadde samme suksess i livet som dei. Eg trur ikkje eg er aleine om å tenke slik, dessverre. Det skapar eit unødvendig press, eit press på oss som ikkje er sunt. Kva veit vi om dei vi ser på Instagram, kva veit vi om dei rundt oss eigentlig? Eit menneske kan skjule mykje under det ytre, veldig mykje.

Vi er alle forskjellige, og vi har alle draumar og mål her i livet. Vi har ett liv, ein kropp, og ein sjanse her på jorda til å leve det livet vi vil. Ingen andre kan leve livet for oss, vi er ansvarlige for vår eiga lykke. Eg har vertfall bestemt meg for at eg vil gjere det som gjer meg lykkelig. Trene ja, fordi eg får energi av det, fordi det er sunt og bra for kropp og sjel. Spise sunt, fordi kroppen min har det bedre då og fordi eg vil ha ein sunn og frisk kropp. Kle meg i det eg føler meg vel i. Jobbe hardt og bra på studiet, men ikkje bli skuffa og lei berre fordi eg fikk ein karakter dårligare enn nokon andre. Eg vil vere saman med dei menneska som gir meg energi, og ikkje tappar meg. For korleis livet mitt er og blir, avgjerast ikkje av ein karakter, av kle eller av kva andre som ikkje bryr seg om meg synst om meg. Vi kan lykkast med det vi vil, vi kan oppnå det vi vil, berre vi jobbar for det. Eg vil rett og slett skape mi eiga lykke, gjere det eg føler for. Synge, danse, le og grine om eg føler for det. Det er vår rett som frie menneske, vi skal få vere oss sjølv på godt og vondt. Ver stolt av deg sjølv, sett pris på dei som elskar deg, ha fokus på ei positiv framtid og at du kan klare kva du vil. - THE SKY IS THE LIMIT - . Menneska som verkeleg elskar oss, vil alltid vere der for oss uansett. Å gjere feil ligg i mennesket sin natur. Det er betre å vere unik enn perfekt. Det har eg erfart, og det er det viktigaste.
<3 <3 <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments