Kvardag, Personlig, Tru og tanke, Tankar

God kveld <3 Her er nokre bilder frå dei siste dagane her i Bergen. Det var så ubeskrivelig deilig med søndag og både fri frå jobb og skule, då det har vore skule og jobb på meg kvar dag. Dagen starta med ei etterlengta overkroppsøkt. Det var godt å kome i gong igjen, og eg gledar meg til den komande veka/vekene med gode treningsrutiner igjen! Seinare på kvelden idag var eg på Salt saman med ein god venn og monge andre, det traff meg verkeleg rett i hjerte det som blei forkynt der idag. Det er viktig med mat for sjela, og eg trur faktisk ikkje ein innser heilt kor mykje ein lengtar etter og treng det, før ein har fått opplevd det. Det er som eit underbevisst behov, det er der som ulmande glør som berre lengtar etter å ta skikkelig fyr. Og når dei tek skikkelig fyr, og det startar å brenne på innsida, vil flammen aldri slokne og varmen vil spre seg til andre. Det føles som at sjela står i brann, ein brann som ikkje kan sløkkast når den fyrst er starta, ein varme fylt av kjærleik for andre og for Gud som berre veks og veks. Ingenting er vell betre enn det? Etter ei fin stund på Salt blei det kosekveld saman med den gode venninda og sambuaren min. Dagen har rett og slett vore perfekt. Eg gledar meg allereide til neste søndag. Håper veka og søndagen din har vore fin! Snakkast <3

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments