Anbefaling, Bakeglede, Jul, Julekaker, Søtt & godt

-Søtt & salt-

​God fyrste søndag i advent! Det er litt rart å tenke på at det berre er tre søndagar igjen før julafta, tida har gått så fort i det siste. Eg gleder meg veldig til å kome heim, eg trur julestemninga vil kome for fullt når eg får baka litt julekaker og er saman med familia. I fjor baka eg nokre nydelige cookies med smil, dei blei så gode! Opp i all eksamenslesinga er der ikkje så mykje tid til baking, men eg må ærleg innrømme at det er vanskelig å sjå desse bileta utan å skulle bake dei med ein gong. I dag har eg lest matte og vore på ein joggetur, det er deilig å få eit avbrekk i all lesinga og i tillegg få litt friske luft. Eg har som mål å få opp kondisen, eg har som nevnt tidlegare for det meste berre trent styrke, men no har eg lagt inn fleire kondisjonsøkter i veka og det er så kjekt å merke framgong! Håper nokon vil teste ut cookiesa, eg lovar at du ikkje blir skuffa <3 Oppskrift og framgongsmåte er under.

Du treng til ca 27 cookies:

- 3 egg
- 500 gram brunt sukker
- 7 ss bakekakao
- 3 ts bakepulver
- 4 dl hvetemel
- 180 gram smør
- 100 gram kokesjokolade
- 1 pakke med smil

Framgongsmåte:

- Pisk egg og sukker. Smelt smøret og ha i, saman med bakepulver og kakaopulver.
- Sikt mjøl ned i røra.
- Bland til slutt inn hakka kokesjokolade.
- Trill ca ei spiseskei med deig til ei kule. Trykk den litt ned på midten.
- Ha ein smil sjokolade ned i kvar kule, og dekk over med deig. Pass på å dekk godt til slik at ikkje noko karamell flyt ut.
- Steik på 180 grader i ca 8/9 minutt. Midt i ovenen.
- La dei kjøle seg ned litt slik at dei stivnar, før du nyter dei med nokon du er glad i <3

Ha ein fantastisk søndagskveld!

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Bakeglede, Frukost tips, Lunsj, Søtt & godt

God onsdag! Eg lovde at eg skulle legge ut oppskrifta på vaflene eg lagde på søndag fordi dei blei så go. Det som er så kjekt med vafler er at det ikkje tek longe tid å lage, og nesten alle likar det. Dei kan også tilsettast havregryn eller litt grovare mjøl for å lage dei sunnare og meir mettande. Eg er veldig glad i å spise vaflene utan noko til, men både bær, sylte, brunost, sukker og rømme er veldig godt på dei. Oppskrift og framgongsmåte er lenger nede i innlegget. Akkurat no sitt eg å tenker på kva eg skal lage meg til middag, haha everyday struggle.. Nokon som har tips? <3 Det er så mykje kjekkare å lage mat når eg kan lage til fleire enn meg sjølv! Men magen romlar, så eg må sjå om eg finn finn på noko til middag. Håper vaflene fell i smak for dei som prøver oppskrifta! Snakkast <3

Du treng:

3 egg

Litt meir enn ein halv kopp sukker

5 dl melk

175 g smør

0,5 kg mjøl

1,5 ts bakepulver

2 dl vatn

Framgongsmåte:

- Pisk eggedosis av sukker og egg. Smelt smøret.

- Tilsett melka i smøret slik at smøret er lunka. Tilsett så melka og smøret i eggedosisen.

- Tilsett mjøl og rør godt i røra. Tilsett deretter bakepulver vekselsvis medan du rører.

- Tilsett vatn til slutt vekselsvis for å få vekk mjølklumpar og for å få sprøare vafler.

Steik og nyt medan dei enda er varme & ha på det du vil <3

Likes

Comments

Anbefaling, Inspirasjon, Søtt & godt

- A quick snack -

Såg ikkje dette fristandes ut? Hihi <3 Sjølv om det er kaldt ute, så har eg og lisjesystene laga mange små søte ispinnar. For sjølv om det er kaldt ute, er det veldig varmt inne, og det er alltid godt med ein is når søtsuget melder seg! Vi var veldig spente på resultatet, men vi må alle tre seie oss fornøgde, dei var super gode. Det beste med dei er at dei var veldig enkle å lage. Vi brukte Zero saft med smak av bringebær blanda ut i vatn, jordbær og eplebitar. Gleder meg til å prøve ut andre variantar også, for det er berre fantasien som sett grenser <3 Håper de får ein kjempe fin laurdag vidare, eg skal nyte siste dagen min heime med familie og venner <3

Likes

Comments