Reiser, Tankar

Lenge sidan sist dessverre... Har vore veldig mykje som har skjedd som gjer at eg trengte ei pause. For å vere heilt ærlig var eg i eit forhold som ikkje var bra for meg, eg gjorde det slutt og det vart veldig mykje på ein gong midt opp i eksamensperioda og alt. Meir vil eg ikkje snakke om det, anna enn at eg rett og slett berre trengte ei pause for å finne tilbake til meg sjølv og berre fokusere på eksamenane. Men no er eg tilbake, og har det betre enn på veldig, veldig lenge!

Men over til noko anna, eg har nettopp komt heim ifrå ferie. Eg har vore på tur med familia og vore i Spania. Vi var i Cambrils og var på dagsturer til Barcelona og Tarragona. Nydelige plassar. Vêret var fantastisk og det var nærmare 30 grader og meir kvar einaste dag. Håper vi får skikkelig sommarvêr her heime også snart, sann at eg kan bruke sommarkle og vise fram den lisje brunfarge eg har fått, hihi. Bading og sol kvar einaste dag gjorde verkeleg godt for både kropp og sjel! Bilda er frå turen og er både frå Barcelona, Tarragona og Cambrils. Tenkte å lage eit innlegg med tips om kva som er kjekt å finne på om ein er tur til Barcelona kanskje, Barcelona er vertfall ein nydelig by! Håper alle har det bra, og har fått ein fin start på sommaren. Klem <3

PS: Tenkte å ha ei lita spørsmålsrunde, så om det er noko de lurer på er det berre å spørre, så svarar eg på alle i eit felles innlegg. Kanskje eg til og med kan lage ein video, det har eg ikkje gjort før!

- Strekk hendene mot himmelen, sjå opp mot det blå, for ingenting er umulig sjølv om du ingenting kan sjå. Drømmer vil bli virkelige, sannheita vil konne fram, alt vil bli bra og du vil bli heil igjen. AHL -

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Reiser, Jul, Kvardag

Då er eg endelig heime! Ubeskrivelig deilig å vere heime igjen <3 Huset er pynta til jul, mamma og syskena har baka mange sortar julekaker og julestemninga fyller huset. Dagen starta bra med god frukost på hurtigruta etter ei mindre hyggelig natt, hehe. Trur ikkje magen min er så glad i bølger.. Heldigvis gikk det fort over når eg fyrst fikk bevegd med litt. Gjensynsgleda var stor når pappa henta meg på kaia, ingenting er bedre enn ein god pappaklem <3 No har eg akkurat vore på joggetur med lisjebroren. Han har sagt at han har dårlig kondis, men då må eg ha ein elendig ein vertfall.. jaja, greit å få det bekrefta, haha! Det kan berre gå ein veg vertfall. Kjekt å jogge saman med broren igjen og bli pressa litt utom komfort sona <3 Håper de har ein kjempe fin kveld, og har hatt ein fantastisk dag!

Likes

Comments

Reiser, Inspirasjon

Dagen starta med ein fin gåtur bort til Havfruen, det er ein av dei mest kjente turistattraksjonane i København, så selvfølgelig måtte vi også bort å sjå den, hihi saman med alle kinesarane. Vi for etter det på eit kunst-museum, men det fall ikkje heilt i smak eigentleg, hehe... Var ikkje slik kunst som vi såg for oss at der skulle vere, MEN MEN. Eg har også spist crepe med nutella for fyrste gong idag, det var kjempe kult å sjå korleis dei laga det og godt var det også <3 Kjempe kjekt å vere på eventyr i førjulstida, få skikkelig julestemning og smake på nye ting.

- Oh christmas tree, oh christmas tree -

Dagen idag kan rett og slett oppsummerast med eit ord: JULESTEMNING! <3 Når vi kom inn på Tivoli var det som å kome inn i ei anna verd, eg har aldri vore i ein så julepynta og koslig liten "landsby" før, der var julemusikk, julelys, juletre, julenisse, julemarked, gløgg, kakao, snø og mykje meir.. Det var berre heilt nydelig. Kjenner eg gleder meg veldig til jul og til å kome heim no! <3 Eg trur det er umogleg å vere i København i førjulstida uten å bli fylt av juleglede og julestemning <3

- Ser nesten ut som fyrverkeri! -

Andre dag i København er snart over, heldigvis har vi litt av morgendagen også til å kike og kose oss før reisa går tilbake til Bergen. No skal vi berre slappe av før det blir ein tidleg kveld, skal opp tidleg og spise frukost og pakke imorgå. Har du vore i København eller på Tivoli i juletida før? Fikk du julestemning? <3 Håpe søndagen og siste dag i veka har vore fantastisk! <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Reiser

- Nydelig dag i nydelig by -

For ein fin dag! København har vist seg frå si beste side, og sola har skint i heile dag <3 Det er kaldt men heilt nydelig vintervêr. Gatene er julepynta og klare for å ta imot alle som handlar julegaver. Det er berre ei magisk stemning å gå gjennom julemarkeda og kjenne duftene av brende mandlar og gløgg.. Julestemning manglar det vertfall ikkje på! Dagen starta med god frukost, rugbrød med avocado & chilli på meg, nam! Vi har rusla langs Nyhavn og i Strøget, julegaver har blitt handla og no er det hotellkos som står for tur. Gleder meg allereide til imorgå <3 Håper dagen har vore fin! Ha ein fantastisk laurdag vidare <3

Likes

Comments

Kvardag, Reiser, Instagram

No sit eg å ventar på flyet. Dagen idag starta med ei lita treningsøkt før pakking og rydding stod for tur. Er faktisk ganske fornøgd med denne vekas treningsøkter, har hatt 4 økter hittil, og håper at eg skal fortsette den gode trenden inn i neste veke også. Deilig å kjenne at treningsmotivasjonen strøymer til! Men no er det berre kos som står på agendaen denne helga, gleder meg KJEMPE masse til å kome fram til København. Skal prøve å få oppdatert litt kvar dag <3 Bilda er nokre av dei siste eg har lagt ut på instagram, kjekt å sjå tilbake på den fine hausten vi har hatt. Håper fredagen har vore fin så langt, og at de får ei fantastisk helg <3

Likes

Comments

Kvardag, Reiser

God søndag og farsdag! Håper dagen har vore fin så langt og at alle har gratulert alle pappane sine med dagen! Eg er berre innom for å oppdatere litt, eg er nemmelig heime ein liten svipp, eg dreg allereide til Bergen igjen imorgå.. Men det er berre heilt fantastisk deilig å vere heime uansett. Dagen starta med frukost og gaver til verdens beste pappa, deretter for vi i kjirka for å høre lisjesysta synge, kjempe fin start på søndagen! Både mamma, pappa og lisjesysta mi har vore bursdag så idag samla vi oss heile familia og kosa oss ilag i selskap. Det er lenge sida eg har sett alle, så det var veldig kjekt å få sjå alle igjen, så familiekjær som eg er, hihi <3

Eg var så heldig å få to bestevenninder på besøk på torsdag, så då var det veldig greit å berre hive seg med i bilen når dei skulle heim igår <3 Vi kosa oss masse med julegavehandel og jentekveldar, kjekt å endelig få besøk ned til Bergen, håper det ikkje blir siste gong <3 No har eg akkurat spist meg mett på brensnut og mange kaker, ingenting slår maten heime <3 Men no skal eg tilbake til selskape, ha ein fantastisk kveld vidare! <3

Likes

Comments

Kvardag, Reiser

Regnjakke, regnjakke, regnjakke, eg har vore så usikker på kva sort eg skulle kjøpe meg, men endelig fann eg ei eg likte veldig godt. Det var virkelig på tide eg fann ei jakke som tåler regn, med tanke på at det regnar VELDIG mykje i Bergen.. Heldigvis har vêret våre heilt fantastisk den siste månaden så eg ikkje har fått bruk for den før no <3

Eg har faktisk ei nyheit å meddele, vi skal få ei lita kattejente på søndag! Vi er på tur til Nord Norge, og skal hente den i Oslo på veg til Bergen igjen, gleder meg veldig! Dette kom veldig uventa, for eg hadde ikkje forventa at vi skulle ha katt, men eg er veldig glad for at vi skal det. Om de har nokre fine kattenavn blir eg veldig glad for tips! <3 Håper de har ein kjempe fin dag!

Likes

Comments

Reiser, Kvardag

Kosekleda er på og nasa er vendt heimover og eg kjenner eg gleder meg veldig til å kome heim og møte familia mi igjen! Det er ca 7 timar i bil, men vêret er heilt nydelig så det blir nok ein fin tur heim. Kjempe koslig å få sitte på med mormor og morfar, er lenge sida eg har sett dei også så kjempe koslig å få skravle med dei igjen! Håper alle har ein fantastisk søndag <3

Likes

Comments

Anbefaling, Inspirasjon, Reiser

KYPROS

Har de sett så nydelig? Heilt klar sjø, lange strandpromonader, sol og nye eventyr som ventar, åhh kor eg kunne ønkske eg berre kunne reist no med ein gong!

PRAHA

Alle bruene, dei gamle bygningane, arkitekturen! Tenk å berre kunne gå i gatene, fare på kafe og kjike på menneska som går forbi.. Eg har lest ein del om Praha, og det høres verkeleg ut som ein by som er verdt å besøke, og det er det eg hører frå alle andre som har vore der også.

AUSTRALIA

Australia har alltid fasinert meg, det er så stort, verkar så nært men er alikavel så fjærnt. Naturen og dyra er berre heilt fantastiske, kenguruar, koalaer, regnskogar, ørkenar og strandpromonader.

HELLAS

Nokon andre som kunne tenkt seg til Hellas? Santorini har alltid vore ein plass eg har hatt lyst til å besøke, det ser jo berre så vakkert ut! Hellas er også kjent for dei gamle ruinane frå det gamle romarriket, og eg meinar det er noko som verkeleg er verdt å sjå når ein er i Hellas. Eg vil vertfall gjer det når eg skal dit.

ISLAND

Varme kilder, geysirar, den blå lagune og naturen! Island her kjem eg! Hihi, ein gong skal eg vertfall besøke island, det er sikkert og vist. Eg har høyrt så mykje positivt frå andre som har vore der, kor deilig det er å bade i dei varme kildane og kor vakker naturen er.

Idag regnar det meir enn det har gjort sidan eg kom til Bergen, og eg sit og ser på bilder ifrå nokre av plassane eg har lyst til å besøke rundt omkring i verda, og eg kunne tenkt meg å reist med ein gong! Trur eg skal lage meg ei bucket-list med alle plassane eg vil reise til og med alt eg vil sjå, og lista den skal bli fulført. Eg gleder meg, for eg veit eg har så mange nye eventyr i vente! No skal eg jobbe litt med skulearbeid og slappe litt av før det blir tidlig i seng, må opp tidlig på skule imorgon... 

 Har de vore på nokre av desse plassane? Har de vore på andre plassar som er verdt å sjå? Eg blir veldig glad for tips om de har det! <3 Håper de har hatt ein fantastisk dag <3

Likes

Comments