Inspirasjon, Haust, Outfit

- Today's outfit -

Hei! Idag har mamma bursdag, HIPP HURRA <3 Vi for ein tur på Devold fabrikken, spiste god mat og kosa oss. Dagens antrekk ser dåkke på bilda over, buksa er frå Vero Moda, jakka er frå DKNY, t-skjorta er frå Mango og skona er frå Nike. Det er begynt å bli veldig kaldt ute, det merkast at hausten er her! Eg har hatt haustferie (studieveke) denne veka, det har verkeleg våre deilig! Kjenner at ferien gjerne kunne vart mykje lenger, hihi. Er ikkje alle som er like heldige og har haustferie, så eg skal vell berre vere veldig takknemmelig for denne veka eg har fått! No skal vi heim og bake nokre kaker & feire mamma litt til. Ha ein super dag! Klem <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Outfit

Contains affiliate links
Genser: Bikbok. Bukse: Vero Moda. Veske: Mango. Sko: Nike Huarache
Ut på tur aldri sur seiast det, og det stemmer etter mi meining! No har eg akkurat komt heim etter ein fin gåtur saman med bestevenninda mi og hennar fine hund. Det er deilig å berre rusle rundt og snakke, tida flyg av gårde mykje fortare i godt lag. Dagane går for det meste med til skulearbeid, men heldigvis er det ikkje lenge til fredag og fri. På grunn av sykkel VM her i Bergen har eg nemmeleg fri (studieveke) ei heil veke! Eg skal nok bruke veka på skulearbeid, men den skal brukast til mykje anna kjekt også. Glede meg veldig! No skal eg hoppe ned i mattebøkene igjen, snakkast <3

Inneheld adlinks.

Likes

Comments

Outfit, Inspirasjon

God laurdag! Det er så kjekt å vere heime og sjå familia mi igjen. Dagen starta med familiefrukost, det er alltid så koslig. Heimelaga rundstykke og bringebærsyltetøy har vore eit stort savn i Bergen, haha. No kom eg akkurat heim etter ein liten tur ut i Fosnavågen. Dagens antrekk ser de på bilda over. Den raude veska kjøpte eg no for nokre dagar sidan, og eg er kjempe gla i den! Elskar fargen og størrelsen. Den kjem nok til å bli brukt mykje framover. Seinare idag skal eg i 40 års selskap til tanta mi, gleder meg! Er fortsatt litt usikker på kva eg skal ha på meg, så eg må vell hive meg rundt å sjå om eg klarer å bestemme meg. Håper de får ein fin laurdag og ei kjempe fin helg! Klem <3

#nouwoutfit #nouw

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Outfit, Sommar

T-skjorte: Bik Bok
Bukse: Cubus
Veske: Ukjent
Sko: Nike huarache
Ring: Dyrberg/Kern
Klokke: Ukjent

Lenge sidan sist! Dagane har gått i eit sett med innflytting i Bergen, jobb og familie. Men eg håpar å kome sterkare tilbake. Dagen starta med familiefrukost etterfylgt av ein tur i kyrkja. Ein skikkelig deilig start på søndagen <3 Akkurat no sit eg på kjøkkenet og ser på pappa og mamma som tilbereder middagen, og det duftar nydelig. Det står steik på menyen idag, og eg gledar meg veldig! Men tilbake til dagens antrekk. Slengbukse, haha mi fyrste, og fyrste gong eg brukar det nokon gong idag. Eg har alltid synest det er kjempe kult på andre, men når eg har prøvd det sjølv har eg ikkje synst det har vore heilt det store. Men så fann eg denne, og eg trur faktisk eg begynner å like det litt, haha. Veska eg brukar har vore mamma si, frå når ho var like gamal som meg. Så den veit eg ikkje kvar har blitt kjøpt. Håper de likar antrekket ivertfall, og ser at ein ikkje treng å kjøpe dei dyraste merka for å sjå fin ut, hihi. Håper de får ein fantastisk søndag, klem <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Outfit, Sommar

Jakke- Vero Moda
Bukse - Cubus
T-skjorte - Bik Bok
Sko- Stocholm design group
Veske- Lindex

Den rosa skinnjakka har blitt ei av mine favoritt jakker etter at eg kjøpte den. Eg elskar fargen og den er utrulig behagelig på. Det er så kjekt med litt fargar, og den gammalrosa fargen er berre heilt nydelig no sommarstida. Kva synst du om antrekket? Klem <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Outfit, Sommar

Bukse: Pimki
Body: Pimki
Sko: Stocholm design group
Klokke: Guess
Ring: ukjent

Behind the sceens, hihi. Pusen ville også vere med på bilde og ha litt kos.

Heisann! Våkna til ein litt stiv og støl kropp idag etter gårdsdagens topptur, hehe, men det er eigentlig berre deilig å kjenne at kroppen har fått kjørt seg litt. No er eg på vei i familieselskap, alltid like kjekt å møte familia, spise god mat og slappe av, gleder meg! Seinare blir det nok litt styrke trening og avslapping med familie eller vennar. Håper dagen har vore fin så langt, ha ei strålandes helg <3

Likes

Comments

Anbefaling, Hår og hårpleie, Kvardag, Outfit

- Simple and comfy -

T-skjorte: Bikbok
Bukse: Bikbok
Sko: Adidas
Skjerf: ukjent

For nokre dagar sidan rydda eg i nokre kle og andre ting, då fann eg eit lite silkeskjerf som eg har fått etter oldemora mi. Eg har sett mange knyte skjerf i håret i det siste, og tenkte å kaste meg på trenden eg også. Passa bra at eg fann det lisje skjerfet, for det passa perfekt! Eg synest vertfall det blei veldig søtt og ga ein ekstra liten detalj til tuten i håret. Kva synst du? Der er monge ulike måtar å bruke slike skjerf på, og eg tenker at eg skal prøve meg på fleire no framover. Å knyte skjerfet på veska, rundt halsen og i håret på ulike måtar er berre nokre tips til korleis det kan brukast. Ekstra kjekt er det for meg å tenke på at oldemor har brukt skjerfet før, og at eg får fortsette å bruke det. No skal eg hive meg i dusjen, har akkurat vore på ein liten joggetur. Håper dagen har vore fin så langt, klem <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Bergen, Outfit

- Dancing through the streets -

Jakke: DKNY
Skjørt: HM
T-Skjorte: Bik bok
Sko: Nike air huarache
Veske: Lindex

Heisann! Då er nasa vendt heimover og dagen idag vil for det meste bestå av å kjøre bil, igjen.. Det er ein ca 7 timar lang kjøretur, men i godt lag og med musikk går det eigentlig veldig fort. Dagane i Bergen har gått forbi som ein røyk, har hatt mykje å gjer kvar dag, men det er veldig deilig å tenke på at neste gong eg kjem ned er alt klart! Bilda over er frå gårdsdagen. De må ha ein fin søndag vidare, snakkast <3

Likes

Comments