Anbefaling, Bakeglede, Jul, Julekaker, Søtt & godt

-Søtt & salt-

​God fyrste søndag i advent! Det er litt rart å tenke på at det berre er tre søndagar igjen før julafta, tida har gått så fort i det siste. Eg gleder meg veldig til å kome heim, eg trur julestemninga vil kome for fullt når eg får baka litt julekaker og er saman med familia. I fjor baka eg nokre nydelige cookies med smil, dei blei så gode! Opp i all eksamenslesinga er der ikkje så mykje tid til baking, men eg må ærleg innrømme at det er vanskelig å sjå desse bileta utan å skulle bake dei med ein gong. I dag har eg lest matte og vore på ein joggetur, det er deilig å få eit avbrekk i all lesinga og i tillegg få litt friske luft. Eg har som mål å få opp kondisen, eg har som nevnt tidlegare for det meste berre trent styrke, men no har eg lagt inn fleire kondisjonsøkter i veka og det er så kjekt å merke framgong! Håper nokon vil teste ut cookiesa, eg lovar at du ikkje blir skuffa <3 Oppskrift og framgongsmåte er under.

Du treng til ca 27 cookies:

- 3 egg
- 500 gram brunt sukker
- 7 ss bakekakao
- 3 ts bakepulver
- 4 dl hvetemel
- 180 gram smør
- 100 gram kokesjokolade
- 1 pakke med smil

Framgongsmåte:

- Pisk egg og sukker. Smelt smøret og ha i, saman med bakepulver og kakaopulver.
- Sikt mjøl ned i røra.
- Bland til slutt inn hakka kokesjokolade.
- Trill ca ei spiseskei med deig til ei kule. Trykk den litt ned på midten.
- Ha ein smil sjokolade ned i kvar kule, og dekk over med deig. Pass på å dekk godt til slik at ikkje noko karamell flyt ut.
- Steik på 180 grader i ca 8/9 minutt. Midt i ovenen.
- La dei kjøle seg ned litt slik at dei stivnar, før du nyter dei med nokon du er glad i <3

Ha ein fantastisk søndagskveld!

Design bloggen din - velg mellom mange ferdige maler på Nouw, eller lag din egen – pek og klikk - Klikk her

Likes

Comments

Bakeglede, Julekaker, Anbefaling

God laurdag! Dagen starta med bursdagsfrukost til kjæresten som var veldig koslig! Alltid kjekt å lage til skikkelig god frukost og sitte lenge og berre nyte morgenen med god mat <3 Har ikkje blitt så mykje tid til å spise skikkelig frukost i det siste då dagane har gårt i ett sett med praksis, jobb, loggføring og arbeidskrav.. Heldigvis frihelg og den skal nytast maksimalt <3 Etter frukost fikk eg så veldig lyst til å bake julekaker, eg hørte på julemusikk igår på jobb, og fikk skikkelig julestemning, hehe kanskje litt tidlig men men.. Julestemninga var der idag også, så med julemusikk i bakgrunnen satt eg igong med å bake havreflarn <3 Eg prøvde meg ut på ei heilt ny oppskrift, og kutta godt ned på sukkermengda, så eg var veldig spent på korleis dei kom til å bli. Heldigvis blei dei over all forventing, og etter min smak heilt perfekte <3

Oppskrift:
- ca 4 dl havregryn/ til deiga ikkje er flytande
- 1 toppa t-skeid bakepulver
- 1/2 dl sukker
- 1 egg
- 80 gram smør

Framgongsmåte:
- Pisk eggedosis
- Tilsett smør og rør godt
- Tilsett deretter havregryn og bakepulver
- Bruk t-skeid til å lage små runde klattar på steikebrett
- Steik i ca 5 minutt på 200 grader midt i ovnen
PS: Dei flyt utover, så ha godt med mellomrom på steikebrettet.

Eg smelta litt sjokolade og hadde over, det blei veldig godt og kan gjerast før servering om dei skal sjå litt finare ut <3 No skal eg snart på kino, gleder meg! Håper den er bra, om den er det kjem det kanskje ei anbefaling om ikkje så lenge. Ønsker alle ei fantastisk helg vidare <3

Likes

Comments