VERDENS BESTE BANANPANNEKAKER!

OPPSKRIFT:

- 3 bananar

- 4 egg

- ca 1.5 dl havregryn

- Ein "dasj" kveitemjøl (ca 3/4 dl)

- 1 toppa ts bakepulver

- 1/2 ts vaniljesukker

- 1 ts salt

- 1 dl vanilje yoghurt

FRAMGONGSMÅTE:

- Mos bananane. Ha i egga og rør/pisk godt, slik at det blir ei klisjete luftig røre.

- Ha i havregryn og rør godt.

- Hell så i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og salt. Rør til røra er klumpfri.

- Tilsett til slutt vaniljeyoghurt, slik at røra blir passelig tjukk.

- Steik på svak varme. (Eg hadde på mellom 4-6 i styrke på steikeplata).

- Ha på ønska fyll og nyt! <3 ( Eg brukte banan i skiver, jordbær i skiver og melis).

God søndag! Håper veka har vore fin. Veka mi har rett og slett berre gått med til skulearbeid, jobb og å prøve å bli frisk. Heldigvis føler eg meg mykje bedre, men håper å starte veka heilt frisk slik at eg kan trene igjen. Kjedelig å vere forkjøla.. Men trur det er monge som har vore det no i det siste? For nokre dagar sidan laga eg etter mi meining verdens beste bananpannekaker. Eg hadde faktisk aldri trudd at dei kom til å bli so go, for eg improvoserte berre med kva som var i skapet. Eg har allereide fått mange spørsmål om oppskrifta, då eg la ut bilde på instagram og på snappchat, så tenkte kanskje at nokre av dokke også ville bli frista til å prøve dei ut, hihi. Håper vertfall dei fell i smak! Resten av dagen går med til eksamensforberedelsar, og kino med nokre venninder ikveld. Gleder meg! Håper de får ein kjempe fin søndag vidare. Klem <3

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments