Anbefaling, Fjelltur, Trening

Gårsdagens tur til Saudehornet (1303 moh) var fantastisk! Det var nydelig vêr, sol & skyfri himmel. Eg kunne faktisk ikkje håpa på betre. Sist eg var på Saudehornet var det regn, vind og skodde. Vi kunne ikkje sjå noko frå toppen og eg tenkte at eg ikkje ville opp dit igjen på ei goood stond.. Mamma har vore der før i nydelig vêr, ho ville eg skulle få same opplevinga av turen som ho, så derfor drog ho meg med dit igjen i går. Eg er super gla for at vi tok turen igjen, utsikta på toppen var utruleg! Eg har ihvertifall lært at om det er dårleg vêr så skal eg ikkje gå på toppturar, det er apsolutt ikkje den same opplevinga som å gå i fint vêr. Turen ned var ikkje så morosam, det var gelebein frå fyrste stond, haha.. Men eg gleder meg allereide til neste tur, er spent på kva for ein topp vi skal bestige neste gong! Ha ein strålande søndag <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Trening

Hei! Då er eg endelig heime igjen ein tur, og i går feira vi lisjesysta mi som har blitt 10 år. Det var veldig kjekt, og der var utrulig mange gode kaker og god mat. Det var ekstra godt å kome seg på trening idag, å vere tilbake på treningssenteret som eg trena fast på før når eg budde heime. Deilig å starte veka på best mogleg måte!
Dagens økt vart ei veldig variert økt av mykje forskjellig. Den bestod av:
- 20 min rolig jogg med nokre spurt intervallar på slutten.
- Bein press
- Hamstring curl
- Box jump med ein fot
- Nedtrekk
- Roing med manualar
- Skulderpress med manualar
- Ståande sidehev med manualar
- Ståande framhev med manualar
- Nokre mageøvelsar til slutt

Eg brukar å kjøre 4 sett av kvar øvelse og varierar mellom 8, 10 og 12 repitisjonar alt etter kor tongt eg tek. Som regel brukar eg å kjøre reine økter med 2 muskelgrupper eller kroppsdelar eg fokuserer på. Men idag var det berre så deilig å trene at eg kjørte litt av alt, haha. Gleder meg til resten av veka og meir trening! Ha ein fantastisk mandag vidare, snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag, Bakeglede, Frukost tips, Lunsj, Søtt & godt

God onsdag! Eg lovde at eg skulle legge ut oppskrifta på vaflene eg lagde på søndag fordi dei blei så go. Det som er så kjekt med vafler er at det ikkje tek longe tid å lage, og nesten alle likar det. Dei kan også tilsettast havregryn eller litt grovare mjøl for å lage dei sunnare og meir mettande. Eg er veldig glad i å spise vaflene utan noko til, men både bær, sylte, brunost, sukker og rømme er veldig godt på dei. Oppskrift og framgongsmåte er lenger nede i innlegget. Akkurat no sitt eg å tenker på kva eg skal lage meg til middag, haha everyday struggle.. Nokon som har tips? <3 Det er så mykje kjekkare å lage mat når eg kan lage til fleire enn meg sjølv! Men magen romlar, så eg må sjå om eg finn finn på noko til middag. Håper vaflene fell i smak for dei som prøver oppskrifta! Snakkast <3

Du treng:

3 egg

Litt meir enn ein halv kopp sukker

5 dl melk

175 g smør

0,5 kg mjøl

1,5 ts bakepulver

2 dl vatn

Framgongsmåte:

- Pisk eggedosis av sukker og egg. Smelt smøret.

- Tilsett melka i smøret slik at smøret er lunka. Tilsett så melka og smøret i eggedosisen.

- Tilsett mjøl og rør godt i røra. Tilsett deretter bakepulver vekselsvis medan du rører.

- Tilsett vatn til slutt vekselsvis for å få vekk mjølklumpar og for å få sprøare vafler.

Steik og nyt medan dei enda er varme & ha på det du vil <3

Likes

Comments

Kvardag, Outfit

Contains affiliate links
Genser: Bikbok. Bukse: Vero Moda. Veske: Mango. Sko: Nike Huarache
Ut på tur aldri sur seiast det, og det stemmer etter mi meining! No har eg akkurat komt heim etter ein fin gåtur saman med bestevenninda mi og hennar fine hund. Det er deilig å berre rusle rundt og snakke, tida flyg av gårde mykje fortare i godt lag. Dagane går for det meste med til skulearbeid, men heldigvis er det ikkje lenge til fredag og fri. På grunn av sykkel VM her i Bergen har eg nemmeleg fri (studieveke) ei heil veke! Eg skal nok bruke veka på skulearbeid, men den skal brukast til mykje anna kjekt også. Glede meg veldig! No skal eg hoppe ned i mattebøkene igjen, snakkast <3

Inneheld adlinks.

Likes

Comments

Anbefaling, Inspirasjon, Kvardag, Lunsj, Smoothies

- Monday, new week & new goals -

God mandag! Dagen i dag starta med nokre timar på skulebenken og forberedelsar til praksis. Eg skal i prakis på ein ungdomsskule i år, og eg kjenner eg både gruar meg og gleder meg. Men eg trur det blir veldig lærringsrikt og spennande. Nokre andre som har vore i praksis på ungdomsskule eller som skal det i år? Eg blir veldig glad for å høre om andre sine erfaringar!

Etter skule har eg eigentleg berre arbeida med eit arbeidskrav, spist smoothie og restar av vaflene frå igår yum yum! Dagens smoothie bestod av: Ein banan, nokre jordbær, litt bringebær, Biola zero med smak av bringebær og vatn. Smoothie er så godt og hjelp alltid på humøret, spesielt på mandagar som er fylt opp med skulearbeid.. Seinare blir det mest sannsynleg ei lita treningsøkt med sambuaren og venninda mi, det skal bli godt! Oppskrift på vaflene som eg laga i går, kjem i løpet av veka. Dei må dykk prøve ut, for dei blei berre heilt nydelige, hihi! <3 Håper de får ein kjempe fin mandag og ein fin start på veka, snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag, Tankar

- DO WHAT YOU CAN, WITH WHAT YOU HAVE, WHERE YOU ARE-    .Theodore Roosewelt.

Enda ei veke er snart over, og eg ser tilbake på den forrige veka og helga med glede. Dagane går så fort, det er nesten litt vanskelig å hugse alt eg har gjort den siste veka, men det er vell eit godt teikn? Heldigvis tek eg ein god del bilete og skriv litt om det her på bloggen, slik at eg kan sjå tilbake og minnast alt. Det er deilig med søndag, deilig å berre slappe av og la tankane fly. Det er ikkje tid til det resten av veka, haha det kjennast i alle fall av og til slik.. Når dagane er fylt opp med skule, arbeid og andre kvardagslege nødvendegheiter er det vanskeleg å finne tid og ro berre til å sitte å dagdraume, tenke og skrive. Det er liksom alltid noko som skulle ha blitt gjort, eller noko som må gjerast. Søndagar er ein slik dag for meg, ein dag der tida skal brukast til det som gir meg energi, til det eg "ikkje" får tid til resten av veka. Det er i alle fall det eg vil bruke søndagane mine på, men realiteten blir av og til litt annleis, men slik er det med alt. Kva brukar du søndagen din til? No har eg akkurat laga ei vaffelrøre som snart skal steikast og bli verdens beste vaffler, hihi. Det kjem nokre vennar på besøk om ei stond, så håper dei fell i smak! Om dei blir ein suksess skal eg dele oppskrift og bilder med dykk. Håper de får ein fantastisk søndag, snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Anbefaling, Kvardag, Sminke

- MISS DIOR BLOOMING BOUQUET -

Etter at eg har brukt denne nokre veker no, har eg fått fleire spørsmål om kva for ei parfyme eg brukar. Så eg tenkte det var ein kjekk ting å skrive om i denne vekas tipse spalte som eg tenker å starte med. Blooming bouquet av Dior er frisk og søt på samme tid, så om du er på utkikk etter ei lett parfyme så vil eg anbefale denne. Eg er veldig lei av dei eg har hatt før, så det var kjekt med ei ny & litt annleis duft! Som de sikkert har erfart er det ikkje så lett å kjenne dufta av ei parfyme i eit parfymeri fylt av uendelig mange forskjellige dufter. Så det er alltid kjekt med litt tips når det kjem til parfymer, for då slepp du å lukte på heile parfymeriet før du kanskje finn di favoritt duft. <3 Om nokon har tips til andre gode parfymer, blir eg veldig glad! Håper de får ein fantastisk fredag! Endelig helg <3

- Ikkje sponsa -

Likes

Comments

Kvardag, Anbefaling, Lunsj

Endelig fikk eg sjå bestevenninda mi igjen. Vi tok oss ein tur på Madelynn for ein liten lunsj, og det var kjempe koselig! Eg reiser (dessverre) tilbake til Bergen idag, så det var bra vi fann tid til å møtast før det. Heldigvis er det ikkje lenge til eg skal heim igjen, hihi. Det blei kake og salat til mat, og alt smakte nydeleg. Du får ikkje betre mat enn på Madelynn, så om du skal spise i Fosnavågen ein gong så anbefalar eg verkeleg å spise der. No skal eg pakke siste rest av ting og tang eg skal ha med meg tilbake til Bergen. Snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Fjelltur, Trening, Bilder

For ein fantastisk tur! I går gikk eg, mamma & pappa på Jønshornet som er ein tind i Sunnmørsalpane. Det var ein long, tong og luftig topptur, men det var jammen verdt det! Utsikta på toppen var uslåelig. Jønshornet er høgare enn dei fleste toppane rundt, så vi såg ned på andre toppar vi har gått på før og tenke at dei var lave i forhold, haha. Eg må innrømme at høgdeskrekken baud seg eit par gongar, for sjølve toppen er eigentleg berre nokre litt store steinar høgt oppe, med stup ned på alle kantar. Vi måtte til og med klatre gjennom eit hol mellom to steinar for å komme oss til toppunktet. Når eg kom gjennom holet var det 1000 meter rett ned rett framfor meg! Det kribla godt i magen fleire gongar på turen, men eg villa ikkje vore for uten. Vi kosa oss med kvikklunsj, god niste og pauser både på veg opp og ned. Det blei litt seint på veg ned igjen, så vi gikk i mørke siste 30 minutta. Heldigvis har mobilene våre lommelykt, haha. Solnedgongen sett frå 1100 moh kan ikkje måle seg med andre solnedgongar eg har sett ivertifall. Eg gleder meg allereide til fleire uforgløymelege turar saman med familia mi. Kvalitetstid med dei som betyr mest for meg, kan ikkje byttast ut med noko anna.

For øyeblikket ligg eg på verandaen og nyt sola, eg er litt støl etter gårdsdagen så i dag blir det berre å slappe av tenker eg. Håper de får ein fantastisk start på veka! Klem <3

Likes

Comments