Kvardag, Sommar

Fisketur og grotte safari rett utom her vi bur har eg og familia mi vore på idag. Fisketuren var eigentlig ein liten nedtur, då det mest spennande som skjedde var at det nappa litt i fiskestonga.. Hehe, det er ikkje alltid like enkelt å få napp nei. Men før vi prøvde "fiskelykka" tok vi oss ein tur inn i grottene i fjellet på Runde. Eg hadde faktisk aldri vore inn i grottene før, haha til og med lisjesysta mi som er ti år yngre har vore der før! Så det var på tide, hihi. Vi møtte på nokre som var ute å rodde kajakk, åhh som eg kunne ønske at eg hadde det no! Det såg skikkelig kjekt ut, dei fikk ro mykje lenger inn i grotta enn kva som var mogleg for oss med båt. Men men det var veldig kjekt (og litt skummelt) uansett. Ha ein super torsdag vidare, klem <3

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Sommar, Bergen

Hei! Her er nokre bilder frå dagen idag. Det blir dessverre berre ei kort oppdatering idag, for eg må hive meg ut døra veldig snart.. Eg og venninda mi kom til Bergen igår, men reiser igjen imorgå allereide. Vi kosar oss veldig og har utnytta dagen til det fulle. Vi har vore på akvariet i Bergen (eg hadde faktisk aldri vore der før, sjølv om eg har budd her i eit år allereide, haha), det var vertfall veldig kjekt! Vi har også gått på fløyen, det var veldig deilig å få bevegd kroppen litt etter ei stund uten skikkelig trening. Vi har vore super heldige med vêret, det har vore sol og over 20 grader både idag og igår! Skikkelig deilig å berre kunne gå i skjørt og kjole i Bergen og sleppe regnjakka, hihi. Snakkast <3

Likes

Comments

Sommar, Kvardag, Anbefaling, Smoothies

- 200 gram frosne bringebær
- 100 gram frosen mango
- Ein nektarin uten stein
- 1.5 banan
- 1.5 dl jordbær yoghurt
- eple juice til ønska konsistens

No ligg eg på varandaen, smoothie bowlen har akkurat fåre ned på høgkant og sola steiker. For eit nydelig vêr! Broren min har fåre på sydentur, og resten av familia har fåre til Ålesund for å bade og kose seg. Eg er fortsatt ikkje heilt i form så eg blei igjen her, for å håpe på at forma er betre til imorgå. Imorgå fer nemleg eg, venninda mi og familia hennar på tur til Besseggen. Eg kryssar fingrane og alt anna for at eg er betre til då. Men over til det dette innlegget skulle handle om, smoothie hihi. Smoothie bowlen eg laga idag var skikkelig sommarslig, den passa rettare sagt heilt perfekt til den nydelige sommarsdagen. Håper de vil prøve den ut, eg trur den vil felle i smak hos dei aller fleste! Klem <3

Likes

Comments

Sommar, Kvardag, Inspirasjon, Anbefaling, Fjelltur

Telttur med familia til Molladalen var akkurat det som skulle til for å få skikkelig sommerfølelse igjen. Molladalen er berre så vakker, med dei høge tindane som rammar inne heile dalen har den eit majestetisk preg over seg. Det fyrste eg tenkte når eg såg fyrste glimt av tindane var: Wow! Det må nesten berre opplevast, for ord blir fattige. Det var ein tung tur opp, og eg har blitt forkjøla så blei tyngre enn det vanligvis ville våre, men alle kom seg opp til slutt. Vi telta for fyrste gong alle saman ilag, det var veldig koslig! Det blei ikkje monge timane med søvn på nokon av oss, men for ei natt går det bra. Var ikkje så lett å finne ein heilt flat plass å plassere to telt på, haha. Der var nokre bjelle sauer som gikk rundt omkring på beite, så det var bjelleklang og bekkebrus vi høyrde, deilig! Mobil dekning var der heller ikkje, men det gjorde meg faktisk ingenting. Gleder meg allereide til neste gong, sjølv om eg då håpar det blir ei fjellhytte og ikkje telt eg skal sove i. No skal eg ut å nyte det nydelige vêret, grilling og litt solbading står for tur. Snakkast <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Outfit, Sommar

Jakke- Vero Moda
Bukse - Cubus
T-skjorte - Bik Bok
Sko- Stocholm design group
Veske- Lindex

Den rosa skinnjakka har blitt ei av mine favoritt jakker etter at eg kjøpte den. Eg elskar fargen og den er utrulig behagelig på. Det er så kjekt med litt fargar, og den gammalrosa fargen er berre heilt nydelig no sommarstida. Kva synst du om antrekket? Klem <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Anbefaling, Kvardag, Sommar, Hår og hårpleie

Dagens hårfrisyre blei ei flette rundt heile hovudet. Eg likar veldig godt denne fletta fordi den er elegant og held alt håret vekk frå ansiktet. På dagar med hårkrise (slik som idag) reddar denne frisyra meg alltid. Å vaske håret kvar dag er ikkje bra, det blir meir slitt, treng meir fukt og hovudbotnen startar å overprodusere oljar for å halde håret og hovudbotnen fuktig. Så istadenfor å vaske håret kvar dag, kan ei slik flette vere like så greit om ein vil føle seg vel og fin sjølv om håret ikkje er heilt tipp topp. Klem <3

Likes

Comments

Personlig, Tankar

1: Eg drikk ikkje alkohol, men storkoser meg ute med vennar uansett, på fest eller i selskap. Det er opp til kvar enkelt om dei vil drikke eller ikkje, alle vennindene mine drikk og det er deira valg og heilt greit for meg. Det er min kropp og mitt valg at eg ikkje drikk alkohol, og eg meiner det bør respekterast på lik linje som at eg respekterer at andre vil drikke alkohol.

2: Eg elskar sjokolade, kan spise og spise til eg sikkert sprekk! Når eg bur i Bergen kan eg faktisk ikkje kjøpe det inn, for då er all sjokoladen vekk samme dag, hihi.. Når eg er heime er her heldigvis noken mindre sysken som faktisk er raskare enn meg til å spise den opp, haha.

3: Eg har spelt handball i 12 år, men slutta rett før siste året på vidaregåande. (Savnar det veldig da..)

4: Eg er ein morgenfugl, og har som regel ingen problem med å stå opp tidli. Hehe, kanskje litt med at eg også legg meg tidlig, fordi eg blir fort trøtt på kveldane.

5: Eg er veldig glad i å ta bilder. Brukte å ta speilrefleks kameraet til mamma når eg var mindre, og ta ein haug med bilder av alt mulig. Var vell eigentlig derfor eg ville starte med blogg, fordi eg føler eg får brukt bilda eg tar til noko.

6: Yndlingsmaten min er julemiddag, hihi. Sikkert fordi vi spis det så sjeldent også. Ingenting slår rabbestappa til pappa!

7: Eg har veldig lyst til å reise verda rundt, men vil vente til eg har råd, og har ein person i livet mitt som vil vere med meg som eg kan dele minna med.

8: Eg lagar smoothie nesten kvar dag, det er så godt til frukost, lunsj, kveldsmat eller rett etter trening. Det er perfekt til alle døgnets tider, hihi.

9: Eg studerer for å bli lærar på 5. til 10ande trinn, og synest det er veldig kjekt. Eg gleder meg til å starte på eit nytt år i ny leiligheit.

10: Eg trenar fast på treningssenter 4 til 5 gongar i veka. Etter at eg slutta på handball blei det styrketrening som kom i fokus istaden. Eg synest det er så kjekt å sjå framgong, merke at kroppen blir sterkare og held ut lenger. Trening er i tillegg bra for både konsentrasjon, energi, sjølvkjensle og både den fysiske og psykiske helsa. I tillegg er det så kjekt å trene saman med venninder, vi pressar kvarandre til å yte meir og til å bli bedre.

Likes

Comments

Inspirasjon, Outfit, Sommar

Bukse: Pimki
Body: Pimki
Sko: Stocholm design group
Klokke: Guess
Ring: ukjent

Behind the sceens, hihi. Pusen ville også vere med på bilde og ha litt kos.

Heisann! Våkna til ein litt stiv og støl kropp idag etter gårdsdagens topptur, hehe, men det er eigentlig berre deilig å kjenne at kroppen har fått kjørt seg litt. No er eg på vei i familieselskap, alltid like kjekt å møte familia, spise god mat og slappe av, gleder meg! Seinare blir det nok litt styrke trening og avslapping med familie eller vennar. Håper dagen har vore fin så langt, ha ei strålandes helg <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Fjelltur, Sommar

For ein fantastisk dag! Ikkje mindre enn 8 timar har eg og familia tilbrakt på fjellet idag, og det var rett og slett ein nydelig tur. Vi gikk på Romsdalsegga, og ingen av oss hadde gått der før. Stien var kjempe fin, vêret var fantastisk, utsikta var uslåelig og vi kosa oss veldig. Syskenbarne mitt på 6 år gikk heile vegen sjølv, og det må eg seie er veldig bra gjort! Turen hadde vell kanskje tatt litt mindre tid om det ikkje var for at vi måtte ha ein god del pauser, men dagen var uansett sett av til toppturen så det gjor ingenting. Neste gong eg skal gå der vil eg ha med telt og overnatte, trur det hadde vore veldig kjekt. No skal vi spise pizza og berre slappe av, gleder meg allereide til neste tur! Håper fredagen har vore like solfylt som min, klem <3

Likes

Comments