Frukost tips, Lunsj, Bakeglede

VERDENS BESTE BANANPANNEKAKER!

OPPSKRIFT:

- 3 bananar

- 4 egg

- ca 1.5 dl havregryn

- Ein "dasj" kveitemjøl (ca 3/4 dl)

- 1 toppa ts bakepulver

- 1/2 ts vaniljesukker

- 1 ts salt

- 1 dl vanilje yoghurt

FRAMGONGSMÅTE:

- Mos bananane. Ha i egga og rør/pisk godt, slik at det blir ei klisjete luftig røre.

- Ha i havregryn og rør godt.

- Hell så i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og salt. Rør til røra er klumpfri.

- Tilsett til slutt vaniljeyoghurt, slik at røra blir passelig tjukk.

- Steik på svak varme. (Eg hadde på mellom 4-6 i styrke på steikeplata).

- Ha på ønska fyll og nyt! <3 ( Eg brukte banan i skiver, jordbær i skiver og melis).

God søndag! Håper veka har vore fin. Veka mi har rett og slett berre gått med til skulearbeid, jobb og å prøve å bli frisk. Heldigvis føler eg meg mykje bedre, men håper å starte veka heilt frisk slik at eg kan trene igjen. Kjedelig å vere forkjøla.. Men trur det er monge som har vore det no i det siste? For nokre dagar sidan laga eg etter mi meining verdens beste bananpannekaker. Eg hadde faktisk aldri trudd at dei kom til å bli so go, for eg improvoserte berre med kva som var i skapet. Eg har allereide fått mange spørsmål om oppskrifta, då eg la ut bilde på instagram og på snappchat, så tenkte kanskje at nokre av dokke også ville bli frista til å prøve dei ut, hihi. Håper vertfall dei fell i smak! Resten av dagen går med til eksamensforberedelsar, og kino med nokre venninder ikveld. Gleder meg! Håper de får ein kjempe fin søndag vidare. Klem <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Frukost tips

Endelig helg! Vertfall nesten, for min del er det vell eigentleg ikkje heilt helg før i morgåkveld, for eg skal på jobb. Er eigentleg berre innom for å ønske alle ei god helg, forelesninga var ferdig litt før idag, så eg fikk spist meg ein god lunch no før eg må hive meg ut gjennom døra veldig snart. Lunsjen idag bestod av grove runstykker med eggerøre og avokado. Eg har blitt så glad i avokado, det er nydelig med litt chilli strødd over. Det må prøvast ut om du ikkje har prøvd det før! <3 Men no går tida veldig fort ser eg, må hive meg rundt, ha ei fantastisk helg alle saman! <3 Klem

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Smoothies

Raskt, sunt & godt

Oppskrift:
Ca 2 dl bringebær
Biola bringebær zero, til passelig konsistens
Ca 2 ss vanilje kesam
1 banan

Var lenge sidan eg hadde laga smoothie no, så tenkte det var på tide. Etter ei svett treningsøkt med bestevenninda smakte smoothien ekstra godt. Eg har endelig komt inn i ei god treningsrutine igjen, og økt nr 5 denne veka er vel gjennomført, deilig! <3 Motivasjonen er på topp etter at eg starta å trene med vennindene, ingenting er bedre enn ein skikkelig svettefest med dei, hehe. Utenom trening går dagane med til skulearbeid, og litt jobb. Har ikkje så veldig spennandes kvardag for tida, men tenkte kanskje å starte å dele treningsrutinene og øktene mine. Korleis står det til med treningsmotivasjonen din? Å trene med nokon og ikkje trene aleine, har vertfall hjelpt veldig på min <3 Klem

Likes

Comments