Jul, Bilder

God kveld! Håper dagen har vore fin så langt og at kvelden blir enda bedre <3 Lenge sidan sist, men eg håper å kome sterkare tilbake i 2017. No har vi akkurat spelt litt spel, spist verdens beste julemiddag, og berre kosa oss med litt dessert. Mormor og morfar feirer nyttår med oss i år, kjempe koselig!<3 Seinare kjem meir familie på besøk for å sjå på fyrverkeri (vi er så heldige å ha den beste utsikta, hihi), og spele spel, gleder meg! Håper de får eit fantastisk nytt år! Stor klem <3

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments

Reiser, Jul, Kvardag

Då er eg endelig heime! Ubeskrivelig deilig å vere heime igjen <3 Huset er pynta til jul, mamma og syskena har baka mange sortar julekaker og julestemninga fyller huset. Dagen starta bra med god frukost på hurtigruta etter ei mindre hyggelig natt, hehe. Trur ikkje magen min er så glad i bølger.. Heldigvis gikk det fort over når eg fyrst fikk bevegd med litt. Gjensynsgleda var stor når pappa henta meg på kaia, ingenting er bedre enn ein god pappaklem <3 No har eg akkurat vore på joggetur med lisjebroren. Han har sagt at han har dårlig kondis, men då må eg ha ein elendig ein vertfall.. jaja, greit å få det bekrefta, haha! Det kan berre gå ein veg vertfall. Kjekt å jogge saman med broren igjen og bli pressa litt utom komfort sona <3 Håper de har ein kjempe fin kveld, og har hatt ein fantastisk dag!

Likes

Comments

Inspirasjon, Kvardag, Jul

God laurdag alle saman! <3 No har eg akkurat pause på jobb, det er bylaurdag idag så det har vore fult kjør i heile dag, kjekt! Men over til overskrifta, eg har vore veldig effektiv med julegavene i år, elskar å kjøpe gaver til andre, hihi <3 Igår satt eg meg ned og hadde eit lite juleverksted for meg sjølv, pakka inn alle gavene, laga små til og frå lappar og laga julekort. Kjempe koslig å gjere litt ekstra ut av gavene, og sette eit litt meir personlig preg på dei! <3

Alt du treng for å lage slike navne lappar er ark, saks, penn og ein farge. Kjempe enkelt og fort gjort å lage men veldig søtt. Håper de får ei fantastisk helg! Klem <3

Likes

Comments

Lunsj, Smoothies, Trening

Bringebær drøm

Oppskrift:
- Ein neve bringebær
- 3 ss Yoplait duble 0% vanilje yoghurt
- Heilmelk etter ønska tjukkelse
- 1/2 banan

Då var kvardagen starta igjen etter nokre fantastiske dagar i København. Dagen starta med ei kjempe god treningsøkt etterfylgt av ein nydelig og fyldig bringebærsmoothie <3 Perfekt start på dagen etter mi meining. Etter power walk i stigande oppoverbakke etterfylgt av 20 geriljaintervalla, litt styrke på bein og mage må eg seie meg fornøgd. Følelsen etter ei slik økt er ubeskrivelig! No snart får eg besøk av nokre venninder, vi skal bake julekaker og kose oss <3 Elsker førjulstida! Om nokon vil lage smoothien eg laga idag, er oppskrifta over <3 Håper de får ein fantastisk tirsdag! Klem <3

Likes

Comments

Reiser, Inspirasjon

Dagen starta med ein fin gåtur bort til Havfruen, det er ein av dei mest kjente turistattraksjonane i København, så selvfølgelig måtte vi også bort å sjå den, hihi saman med alle kinesarane. Vi for etter det på eit kunst-museum, men det fall ikkje heilt i smak eigentleg, hehe... Var ikkje slik kunst som vi såg for oss at der skulle vere, MEN MEN. Eg har også spist crepe med nutella for fyrste gong idag, det var kjempe kult å sjå korleis dei laga det og godt var det også <3 Kjempe kjekt å vere på eventyr i førjulstida, få skikkelig julestemning og smake på nye ting.

- Oh christmas tree, oh christmas tree -

Dagen idag kan rett og slett oppsummerast med eit ord: JULESTEMNING! <3 Når vi kom inn på Tivoli var det som å kome inn i ei anna verd, eg har aldri vore i ein så julepynta og koslig liten "landsby" før, der var julemusikk, julelys, juletre, julenisse, julemarked, gløgg, kakao, snø og mykje meir.. Det var berre heilt nydelig. Kjenner eg gleder meg veldig til jul og til å kome heim no! <3 Eg trur det er umogleg å vere i København i førjulstida uten å bli fylt av juleglede og julestemning <3

- Ser nesten ut som fyrverkeri! -

Andre dag i København er snart over, heldigvis har vi litt av morgendagen også til å kike og kose oss før reisa går tilbake til Bergen. No skal vi berre slappe av før det blir ein tidleg kveld, skal opp tidleg og spise frukost og pakke imorgå. Har du vore i København eller på Tivoli i juletida før? Fikk du julestemning? <3 Håpe søndagen og siste dag i veka har vore fantastisk! <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Reiser

- Nydelig dag i nydelig by -

For ein fin dag! København har vist seg frå si beste side, og sola har skint i heile dag <3 Det er kaldt men heilt nydelig vintervêr. Gatene er julepynta og klare for å ta imot alle som handlar julegaver. Det er berre ei magisk stemning å gå gjennom julemarkeda og kjenne duftene av brende mandlar og gløgg.. Julestemning manglar det vertfall ikkje på! Dagen starta med god frukost, rugbrød med avocado & chilli på meg, nam! Vi har rusla langs Nyhavn og i Strøget, julegaver har blitt handla og no er det hotellkos som står for tur. Gleder meg allereide til imorgå <3 Håper dagen har vore fin! Ha ein fantastisk laurdag vidare <3

Likes

Comments

Kvardag, Reiser, Instagram

No sit eg å ventar på flyet. Dagen idag starta med ei lita treningsøkt før pakking og rydding stod for tur. Er faktisk ganske fornøgd med denne vekas treningsøkter, har hatt 4 økter hittil, og håper at eg skal fortsette den gode trenden inn i neste veke også. Deilig å kjenne at treningsmotivasjonen strøymer til! Men no er det berre kos som står på agendaen denne helga, gleder meg KJEMPE masse til å kome fram til København. Skal prøve å få oppdatert litt kvar dag <3 Bilda er nokre av dei siste eg har lagt ut på instagram, kjekt å sjå tilbake på den fine hausten vi har hatt. Håper fredagen har vore fin så langt, og at de får ei fantastisk helg <3

Likes

Comments