Kvardag, Bilder, Tankar

Frosten dekker bakken, alt er fryst til is. Deilig synast eg! Endelig eit skikkelig teikn på at vinteren snart er her for fullt. Eg er så glad i denne tida på året, steminga, kveldskos, ro og fred både ute og inne, mange vennlege smil rundt om kring, alle ser så glade ut. Julelys i gatene, og mange som er ute og kjøper gaver for å glede nokon dei er glade i! Eg tek meg sjølv av og til i å stirre på folk, haha, det er ikkje gale meint, men eg er så fasinert av kva andre tenker og skal der dei går, at andre har tankar og eigne liv akkurat slik som meg. Kanskje det berre er meg gjer det? Denne tida på året gjer noko med meg, eg føler meg gladare enn vanleg, eg tenker meir over kor heldig eg er. Eg er heldig som bur i Noreg, i eit trygt og godt land, med familie og kjære som ikkje er altfor langt vekk, eg er heldig! men kvar gong eg tenker på kor heldig eg er, slår det meg at verda er så ekstremt urettferdig... Og opp i alle dei gode tankane mine, kjem ei uro, ei sorg over alle andre som har det låkt, i verda og i Noreg, alle som ikkje har familie og kjære rundt seg. Vi må vertfall alldri ta dette for gitt, vi må vere takknemmelege og glade for å ha det så godt. Eg håpar og ber om at andre har det like godt som meg, for alle fortjener å ha ei fin førjulstid og ha det godt, alltid. Berre nokre tankar på ein mandagskveld.. <3

Ahh eg kjenner det kriblar i heile meg berre av tanken på at det snart er ferie! Eg gleder meg slik til å kome heim til familia mi!<3 Andre som gleder seg til jul? Dei siste dagane har gått med til jobb, skulearbeid og innleveringar, men no skal siste arbeidskravet snart leverast inn, og det kjenner eg skal bli ei glede <3 Håper alle har hatt ein kjempe fin mandag! Ønsker alle ei fin veke vidare <3

Flytt bloggen din til Nouw - nå kan du importere den gamle bloggen - Klikk her

Likes

Comments

Frukost tips, Kvardag, Lunsj

Nokre andre som er glad i grove rundstykker til frukost, lunsj eller kveldsmat? <3 Eg fikk så lyst til å bake, og her ser dokke resultatet. Trur faktisk det er dei beste rundstykka eg har laga nokon gong, og det beste av alt, eg dikta berre opp oppskrifta sjølv etter kva eg hadde i kjøleskapet og skapet av ingredienser! Haha <3 Dei blei vertfall supergode, eg har spist dei både til frukost, skulemat og til kvelds, og er fortsatt ikkje lei. Trur eg må lage ein porsjon til snart.. oppskrifta og framgongsmåten står under <3

INGREDIENSER:
- 3 egg
- 1 pk tørrgjær
- 4 dl lunka vatn
- 4 dl hvetemel med fullkorn
- 3 dl sammalt rugmel
- 1.5 ts salt
- 2 dl havregryn
- 7,5 dl hvetemel
- 2 dl blautlagde linfrød
- 2 dl rapsolje

FRAMGONGSMÅTE:
Tørrgjæra blandast godt ut i det lunka vatnet. Pisk inn alle egga og tilsett saltet. Hell i rapsoljen og dei blautlagde linfrøda og rør godt. Tilsett resten og elt deiga i 10 minutt. La den heve i ca 1 time (til dobbel størrelse), og trill så ut fine rundstykker. La rundstykka etterheve i ca 15 minutt før du penslar over dei med kaldt vatn og strør over sesamfrød. Steik i ca 12 minutt på 225 grader.

Dagane har gått i eit sett i det siste, heldigvis er det siste praksisdag imorgå. Sjølv om det har vore veldig kjekt skal det bli godt med litt roligare dagar framover.. Men over til morgådagen, det er Black Friday imorgå! Ser at det kjem til å vere masse fint på salg i både nettbutikkar og vanlige butikkar, kjenner det kriblar i heile meg fordi eg har så lyst å verte ferdig med julegavene, men dessverre skal eg jobbe.. Så eg får ikkje nytta meg av alle dei gode tilbuda der ute dessverre, men håper de får ein fantastisk dag imorgå og kanskje får ferdig ei julegave elr to <3

Likes

Comments

Anbefaling, Inspirasjon, Sminke

 THE SCENT BY HUGO BOSS

Verdens beste duft? Ikkje longt ifrå vertfall etter mi meining <3 Trengte meg ny parfyme for litt sida, og eg må seie eg fall pladask for den nydelige flaska og var veldig spent for korleis den lukta, er ikkje alltid duftene med dei fine flaskene har dei beste luktene, det har vertfall eg oppdaga etter monge parfymekjøp.. Men med denne var det annleis, når eg lukta på den var eg ikkje i tvil om at denne måtte vere med heim! Den er søt, men ikkje altfor søt, den er frisk, og mild men samtidlig ikkje slik at den forsvinn. Berre eit lite søndagstips om nokre der ute er på jakt etter ei god parfyme <3 Ha ein fantastisk søndag vidare <3


- Ingenting er sponsa eller er reklame -

Likes

Comments

Bakeglede, Julekaker, Anbefaling

God laurdag! Dagen starta med bursdagsfrukost til kjæresten som var veldig koslig! Alltid kjekt å lage til skikkelig god frukost og sitte lenge og berre nyte morgenen med god mat <3 Har ikkje blitt så mykje tid til å spise skikkelig frukost i det siste då dagane har gårt i ett sett med praksis, jobb, loggføring og arbeidskrav.. Heldigvis frihelg og den skal nytast maksimalt <3 Etter frukost fikk eg så veldig lyst til å bake julekaker, eg hørte på julemusikk igår på jobb, og fikk skikkelig julestemning, hehe kanskje litt tidlig men men.. Julestemninga var der idag også, så med julemusikk i bakgrunnen satt eg igong med å bake havreflarn <3 Eg prøvde meg ut på ei heilt ny oppskrift, og kutta godt ned på sukkermengda, så eg var veldig spent på korleis dei kom til å bli. Heldigvis blei dei over all forventing, og etter min smak heilt perfekte <3

Oppskrift:
- ca 4 dl havregryn/ til deiga ikkje er flytande
- 1 toppa t-skeid bakepulver
- 1/2 dl sukker
- 1 egg
- 80 gram smør

Framgongsmåte:
- Pisk eggedosis
- Tilsett smør og rør godt
- Tilsett deretter havregryn og bakepulver
- Bruk t-skeid til å lage små runde klattar på steikebrett
- Steik i ca 5 minutt på 200 grader midt i ovnen
PS: Dei flyt utover, så ha godt med mellomrom på steikebrettet.

Eg smelta litt sjokolade og hadde over, det blei veldig godt og kan gjerast før servering om dei skal sjå litt finare ut <3 No skal eg snart på kino, gleder meg! Håper den er bra, om den er det kjem det kanskje ei anbefaling om ikkje så lenge. Ønsker alle ei fantastisk helg vidare <3

Likes

Comments

Kvardag, Bilder

Då sit eg og ventar på flyet mitt til Bergen, og turen heim er over for denne gong dessverre.. Heldigvis ikkje lenge igjen til jul! <3 Satt og mimra tilbake på veka som var og tenkte derfor at eg like så gjerne kunne dele den her. Håper starten på denne veka har vore fin så langt, og at resten av veka blir fantastisk! Klem

VEKAS MIDDAG: Åhh, ovnsbakt kyllingfilet med asiatisk inspirert saus og ris attåt, nam! Får vatn i munnen berre av å tenke på det. Oppskrift kjem nok iløpet av veka <3

VEKAS NEDTUR: Eg fikk berre pressa inn ei lita treningsøkt forrige veke, og det er ALTFOR lite.. Men med praksis og mykje arbeid både før og etter blir det veldig knapt med tid til noko anna dessverre.. Men det skal bli bedre, det har eg lova meg sjølv!

VEKAS OPPTUR: Det var veldig mykje kjekt som skjedde forrige veke, eg fikk besøk av to av mine beste venninder og fikk fare heim <3 Så denne gongen klarer eg faktisk ikkje å velge..

VEKAS FILM: Safe haven såg eg og vennindene på fredagskvelden, og den var berre så romantisk, morsom og skikkelig fin! Eg vil verkeleg anbefale denne til alle som ikkje har sett den, eg satt med tårer i augene mange gangar iløpet av filmen. Har de sett den?

VEKAS KOSLIGASTE BILETE: Godaste og kjekkaste vennindene mine som kom på besøk <3

VEKAS SELFIE:

Likes

Comments

Kvardag, Reiser

God søndag og farsdag! Håper dagen har vore fin så langt og at alle har gratulert alle pappane sine med dagen! Eg er berre innom for å oppdatere litt, eg er nemmelig heime ein liten svipp, eg dreg allereide til Bergen igjen imorgå.. Men det er berre heilt fantastisk deilig å vere heime uansett. Dagen starta med frukost og gaver til verdens beste pappa, deretter for vi i kjirka for å høre lisjesysta synge, kjempe fin start på søndagen! Både mamma, pappa og lisjesysta mi har vore bursdag så idag samla vi oss heile familia og kosa oss ilag i selskap. Det er lenge sida eg har sett alle, så det var veldig kjekt å få sjå alle igjen, så familiekjær som eg er, hihi <3

Eg var så heldig å få to bestevenninder på besøk på torsdag, så då var det veldig greit å berre hive seg med i bilen når dei skulle heim igår <3 Vi kosa oss masse med julegavehandel og jentekveldar, kjekt å endelig få besøk ned til Bergen, håper det ikkje blir siste gong <3 No har eg akkurat spist meg mett på brensnut og mange kaker, ingenting slår maten heime <3 Men no skal eg tilbake til selskape, ha ein fantastisk kveld vidare! <3

Likes

Comments

Kvardag, Middags tips

EASY, HEALTHY AND DELICIOUS

God torsdag alle sammen! Håper dagen so longt har vore fin! Idag var siste dag i praksisveke 1, og det er kjempe deilig med longhelg! Det har vore ei veldig hektisk veke, så det skal bli ekstra godt med nokre fri dagar no. Når eg kom heim laga eg meg stekte taco speltlumper uten kjøttdeig, og det var kjempe godt, så eg tenkte å dele oppskrifta her. Det er fyrste gong eg lagar dette, då eg berre improvoserte med kva som var i kjøleskapet, men eg blei rett og slett overraska over kor godt det var! Det å ha ein vegetarmiddag ein gong i veka er heller ikkje så dumt, og med tankte på studentbudsjettet er dette billig å lage. Framgongsmåten står under <3

Smør tacosauce over heile speltlompa, og strø over ønska mengde mais og tomat på halva. Legg nokre skiver med ost over halva og brett den i to. Steik på medium sterk varme i ca 2/3 minutt på kvar side, eller til du har den så stekt som du likar. Lag ein enkel salat til og ha gjerne litt rømme og tacosause ved siden av. Kjempe godt! <3

Om de prøver ut dette må de gjerne gi meg tilbakemeldingar på korleis de synst det var! Har de prøvd å lage noko med speltlomper før? No skal eg hive meg ein tur på trening før nokre venninder kjem på besøk til meg og skal vere her i helga, det blir koslig! <3 Ha ein fantastisk torsdag!

Likes

Comments

Frukost tips, Lunsj, Smoothies

Håper søndagen har vore fin så langt! Min dag har vore den lataste på lenge, idag har eg vore i skikkelig søndagsmodus, har berre sove lenge, sett litt serie, gått ein tur, laga smoothie og slappa av. Men det er kjempe deilig å berre ha slike dagar også, søndag er tross alt til for å lade opp til ei ny veke og fylle opp "batteria". Eg har i det siste kjent at "batteria" har vore litt tomme, så ein skikkelig avslappingsdag trur eg skal gjere godt både for kropp og sjel. Agendaen for dei neste tre vekene er ganske så full alleriede, eg har nemlig praksisveker og fult opp med loggskriving, arbeidskrav, planlegging av timar og mykje meir, får berre krysse fingrane for at eg får oppdatert her inne litt når eg finn eit smutthol med tid i den tette timeplanen min, hehe <3

Dagens smoothie bestod av blåbær, litt bringebær, vanilje yoghurt, melk og litt appelsin juice og den blei kjempe god <3 Måtte berre ha med nokre bilder av den søte lisje pusen, er ho ikkje fin vell? <3 No skal eg lese litt pensum og berre slappe av før det blir å ta tidleg kveld på meg. Håper søndagen har vore super fin! Klem <3

Likes

Comments

Anbefaling, Frukost tips, Inspirasjon, Lunsj, Smoothies

- SOMETHING COLD, SWEET AND TASTY -

Håper laurdagen har vore fin så langt! Til no har dagen vore veldig rolig, eg har støvesug litt og berre slappa av. Kjærsten har lenge snakka om å lage heimelaga frappe, og idag fikk eg også veldig lyst til å prøve å smake. Eg er ikkje nokon kaffidrikkar, men når det er blanda med is og karamell, ja då er eg vell det, hihi. Dagens frappe blei litt (ALTFOR) søt, men eg synest den var god på smak. Neste gong skal vi ikkje ha ekstra karamell eller sukker ned i. Så eg er sikker på at neste gong vil den bli heilt perfekt. Eg er faktisk litt gla i alt som er søtt, så for meg var det ikkje så gale, hehe men for kjærsten trur eg det blei ein del hakk for søtt for hass smak. Det er tross alt laurdag, så litt søtt kan vi unne oss da <3 No skal eg hive meg rundt å lese litt pensum, so står det ei lita treningsøkt på planen før det blir jentekveld og kos seinare, gleder meg! Oppskrifta på frappen er under <3

Oppskrift til 2 frapper:

2 store kuler med Creme Brulè is.

1/2 kopp ekstra lett melk.

Ei håndfull med isbitar.

Ein kopp sterk kaffe/mocca.

(Karamellsaus og 3 ss sukker kan droppast med fordel) - blir VELDIG SØT!

- Alt mixast i ein blender.


Håper de får ein fin helg vidare! Gi gjerne tilbakemelding på frappen om de prøver den ut <3


Likes

Comments