Anbefaling, Bakeglede, Jul, Julekaker, Søtt & godt

-Søtt & salt-

​God fyrste søndag i advent! Det er litt rart å tenke på at det berre er tre søndagar igjen før julafta, tida har gått så fort i det siste. Eg gleder meg veldig til å kome heim, eg trur julestemninga vil kome for fullt når eg får baka litt julekaker og er saman med familia. I fjor baka eg nokre nydelige cookies med smil, dei blei så gode! Opp i all eksamenslesinga er der ikkje så mykje tid til baking, men eg må ærleg innrømme at det er vanskelig å sjå desse bileta utan å skulle bake dei med ein gong. I dag har eg lest matte og vore på ein joggetur, det er deilig å få eit avbrekk i all lesinga og i tillegg få litt friske luft. Eg har som mål å få opp kondisen, eg har som nevnt tidlegare for det meste berre trent styrke, men no har eg lagt inn fleire kondisjonsøkter i veka og det er så kjekt å merke framgong! Håper nokon vil teste ut cookiesa, eg lovar at du ikkje blir skuffa <3 Oppskrift og framgongsmåte er under.

Du treng til ca 27 cookies:

- 3 egg
- 500 gram brunt sukker
- 7 ss bakekakao
- 3 ts bakepulver
- 4 dl hvetemel
- 180 gram smør
- 100 gram kokesjokolade
- 1 pakke med smil

Framgongsmåte:

- Pisk egg og sukker. Smelt smøret og ha i, saman med bakepulver og kakaopulver.
- Sikt mjøl ned i røra.
- Bland til slutt inn hakka kokesjokolade.
- Trill ca ei spiseskei med deig til ei kule. Trykk den litt ned på midten.
- Ha ein smil sjokolade ned i kvar kule, og dekk over med deig. Pass på å dekk godt til slik at ikkje noko karamell flyt ut.
- Steik på 180 grader i ca 8/9 minutt. Midt i ovenen.
- La dei kjøle seg ned litt slik at dei stivnar, før du nyter dei med nokon du er glad i <3

Ha ein fantastisk søndagskveld!

Blogg med mobilen - Nouw har en av de beste blogg verktøy på markedet - Klikk her

Likes

Comments

God kveld alle fine! Lenge sidan sist dessverre.. Dagane har berre flygd av garde, det har vore mykje jobb og skule i det siste. Snart er det også eksamen, så dagane mine er rett og slett ikkje så veldig spennandes for tida.. Men skal prøve å bli flinkare til å oppdatere og skrive nokre innlegg oftare!

Håper alle har hatt ein fin 1.desmeber, tenk at det er berre 23 dagar til julafta! Gleder meg veldig, det skal bli så godt med juleferie. Eg har faktisk fått skikkelig julestemning i det siste, spesielt kom den idag når eg såg Jul i Svingen <3 Det er så koselig! Gleder meg allereide til neste episode i morgå. For utenom at eg har sett Jul i svingen, har dagen gått med til arbeid med eksamen og ein joggetur. Eksamensforberedelse tek største delen av dagane mine, gler meg til å bli ferdig! Imorgon er det Lysfest her i Bergen, eg har aldrig vore på det før så det gledar eg meg veldig til! Det har vore så kaldt og fint her i Bergen i det siste, det er rett og slett litt uvant etter alt regnet som har vore i haust. Bergen er fin på slike dagar! Håper berre det held seg opplett imorgå også når alle skal ut å sjå raketter, er vell litt typisk at det akkurat skal begynde å regne då? Haha eg kryssar fingrane for at det ikkje gjer det!

Ha ei strålandes førjulstid <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Haust, Outfit

- Today's outfit -

Hei! Idag har mamma bursdag, HIPP HURRA <3 Vi for ein tur på Devold fabrikken, spiste god mat og kosa oss. Dagens antrekk ser dåkke på bilda over, buksa er frå Vero Moda, jakka er frå DKNY, t-skjorta er frå Mango og skona er frå Nike. Det er begynt å bli veldig kaldt ute, det merkast at hausten er her! Eg har hatt haustferie (studieveke) denne veka, det har verkeleg våre deilig! Kjenner at ferien gjerne kunne vart mykje lenger, hihi. Er ikkje alle som er like heldige og har haustferie, så eg skal vell berre vere veldig takknemmelig for denne veka eg har fått! No skal vi heim og bake nokre kaker & feire mamma litt til. Ha ein super dag! Klem <3

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Bergen

Heisann! Då har eg akkurat komt heim frå dagens trening, det var legday som sto på planen idag, og det vart ei kjempe god økt. Kjem nok til å kjenne det godt i morgå, haha. Tenker å legge ut treningsopplegget mitt ein av dagane, håper det kan vere til inspirasjon! Før i dag var eg på skule, etterfylgt av date på Joe & the juice med den finaste sambuaren min <3 Eg hadde faktisk aldri smakt baguettane der før, men dei var kjempe gode! Smoothieane og juicane dei har der er berre så og, Hell of a nerve er nok min favoritt, hihi. Det var i alle fall ein kjempe koselig og etterlengta tur inne i byen. No skal eg hive i meg noko mat, eg er alltid så svolta etter trening haha! Andre som har det slik? Håper de får ein kjempe fin kveld vidare! Snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag, Tankar

Hei! Då var søndagen også snart over, og ei ny veke er snart i gong. Vekene og dagane går så fort! Den siste veka har gått med til mykje jobb, eg jobbar på Vero Moda på Torgalmenningen for dei som ikkje veit det. Eg trivast veldig godt og det er veldig kjekt! Men som lærarstudent er all undervisning obligatorisk, og med skule nesten kvar dag og jobb frå ettermiddagstid til utpå kvelden kan dagane bli litt longe.. No ser heldigvis den nye veka veldig lovandes ut! Eg har også ein del planar for nye innlegg, så det er berre å følge med, hihi. I dag har eg berre slappe av, vore på middagsdate med bestevenninda mi og på Salt. Det har vore ein veldig koselig søndag, og eg kjenner eg gleder meg veldig til veka som kjem no. Det er viktig med dagar som dagen idag, der ein berre slapper av og gjer akkurat det ein føler for. Haha, eg er rett og slett veldig takknemmelig for at vi har ein dag som søndag i veka vår! Håper de har hatt ein veldig fin søndag, fått fylt opp batteria og er klar for ei ny veke de også! Snakkast <3

Likes

Comments

Anbefaling, Fjelltur, Trening

Gårsdagens tur til Saudehornet (1303 moh) var fantastisk! Det var nydelig vêr, sol & skyfri himmel. Eg kunne faktisk ikkje håpa på betre. Sist eg var på Saudehornet var det regn, vind og skodde. Vi kunne ikkje sjå noko frå toppen og eg tenkte at eg ikkje ville opp dit igjen på ei goood stond.. Mamma har vore der før i nydelig vêr, ho ville eg skulle få same opplevinga av turen som ho, så derfor drog ho meg med dit igjen i går. Eg er super gla for at vi tok turen igjen, utsikta på toppen var utruleg! Eg har ihvertifall lært at om det er dårleg vêr så skal eg ikkje gå på toppturar, det er apsolutt ikkje den same opplevinga som å gå i fint vêr. Turen ned var ikkje så morosam, det var gelebein frå fyrste stond, haha.. Men eg gleder meg allereide til neste tur, er spent på kva for ein topp vi skal bestige neste gong! Ha ein strålande søndag <3

Likes

Comments

Kvardag, Trening

Hei! Då er eg endelig heime igjen ein tur, og i går feira vi lisjesysta mi som har blitt 10 år. Det var veldig kjekt, og der var utrulig mange gode kaker og god mat. Det var ekstra godt å kome seg på trening idag, å vere tilbake på treningssenteret som eg trena fast på før når eg budde heime. Deilig å starte veka på best mogleg måte!
Dagens økt vart ei veldig variert økt av mykje forskjellig. Den bestod av:
- 20 min rolig jogg med nokre spurt intervallar på slutten.
- Bein press
- Hamstring curl
- Box jump med ein fot
- Nedtrekk
- Roing med manualar
- Skulderpress med manualar
- Ståande sidehev med manualar
- Ståande framhev med manualar
- Nokre mageøvelsar til slutt

Eg brukar å kjøre 4 sett av kvar øvelse og varierar mellom 8, 10 og 12 repitisjonar alt etter kor tongt eg tek. Som regel brukar eg å kjøre reine økter med 2 muskelgrupper eller kroppsdelar eg fokuserer på. Men idag var det berre så deilig å trene at eg kjørte litt av alt, haha. Gleder meg til resten av veka og meir trening! Ha ein fantastisk mandag vidare, snakkast <3

Likes

Comments

Kvardag, Bakeglede, Frukost tips, Lunsj, Søtt & godt

God onsdag! Eg lovde at eg skulle legge ut oppskrifta på vaflene eg lagde på søndag fordi dei blei så go. Det som er så kjekt med vafler er at det ikkje tek longe tid å lage, og nesten alle likar det. Dei kan også tilsettast havregryn eller litt grovare mjøl for å lage dei sunnare og meir mettande. Eg er veldig glad i å spise vaflene utan noko til, men både bær, sylte, brunost, sukker og rømme er veldig godt på dei. Oppskrift og framgongsmåte er lenger nede i innlegget. Akkurat no sitt eg å tenker på kva eg skal lage meg til middag, haha everyday struggle.. Nokon som har tips? <3 Det er så mykje kjekkare å lage mat når eg kan lage til fleire enn meg sjølv! Men magen romlar, så eg må sjå om eg finn finn på noko til middag. Håper vaflene fell i smak for dei som prøver oppskrifta! Snakkast <3

Du treng:

3 egg

Litt meir enn ein halv kopp sukker

5 dl melk

175 g smør

0,5 kg mjøl

1,5 ts bakepulver

2 dl vatn

Framgongsmåte:

- Pisk eggedosis av sukker og egg. Smelt smøret.

- Tilsett melka i smøret slik at smøret er lunka. Tilsett så melka og smøret i eggedosisen.

- Tilsett mjøl og rør godt i røra. Tilsett deretter bakepulver vekselsvis medan du rører.

- Tilsett vatn til slutt vekselsvis for å få vekk mjølklumpar og for å få sprøare vafler.

Steik og nyt medan dei enda er varme & ha på det du vil <3

Likes

Comments

Kvardag, Outfit

Contains affiliate links
Genser: Bikbok. Bukse: Vero Moda. Veske: Mango. Sko: Nike Huarache
Ut på tur aldri sur seiast det, og det stemmer etter mi meining! No har eg akkurat komt heim etter ein fin gåtur saman med bestevenninda mi og hennar fine hund. Det er deilig å berre rusle rundt og snakke, tida flyg av gårde mykje fortare i godt lag. Dagane går for det meste med til skulearbeid, men heldigvis er det ikkje lenge til fredag og fri. På grunn av sykkel VM her i Bergen har eg nemmeleg fri (studieveke) ei heil veke! Eg skal nok bruke veka på skulearbeid, men den skal brukast til mykje anna kjekt også. Glede meg veldig! No skal eg hoppe ned i mattebøkene igjen, snakkast <3

Inneheld adlinks.

Likes

Comments