Frukost tips, Lunsj, Bakeglede

VERDENS BESTE BANANPANNEKAKER!

OPPSKRIFT:

- 3 bananar

- 4 egg

- ca 1.5 dl havregryn

- Ein "dasj" kveitemjøl (ca 3/4 dl)

- 1 toppa ts bakepulver

- 1/2 ts vaniljesukker

- 1 ts salt

- 1 dl vanilje yoghurt

FRAMGONGSMÅTE:

- Mos bananane. Ha i egga og rør/pisk godt, slik at det blir ei klisjete luftig røre.

- Ha i havregryn og rør godt.

- Hell så i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og salt. Rør til røra er klumpfri.

- Tilsett til slutt vaniljeyoghurt, slik at røra blir passelig tjukk.

- Steik på svak varme. (Eg hadde på mellom 4-6 i styrke på steikeplata).

- Ha på ønska fyll og nyt! <3 ( Eg brukte banan i skiver, jordbær i skiver og melis).

God søndag! Håper veka har vore fin. Veka mi har rett og slett berre gått med til skulearbeid, jobb og å prøve å bli frisk. Heldigvis føler eg meg mykje bedre, men håper å starte veka heilt frisk slik at eg kan trene igjen. Kjedelig å vere forkjøla.. Men trur det er monge som har vore det no i det siste? For nokre dagar sidan laga eg etter mi meining verdens beste bananpannekaker. Eg hadde faktisk aldri trudd at dei kom til å bli so go, for eg improvoserte berre med kva som var i skapet. Eg har allereide fått mange spørsmål om oppskrifta, då eg la ut bilde på instagram og på snappchat, så tenkte kanskje at nokre av dokke også ville bli frista til å prøve dei ut, hihi. Håper vertfall dei fell i smak! Resten av dagen går med til eksamensforberedelsar, og kino med nokre venninder ikveld. Gleder meg! Håper de får ein kjempe fin søndag vidare. Klem <3

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Frukost tips

Endelig helg! Vertfall nesten, for min del er det vell eigentleg ikkje heilt helg før i morgåkveld, for eg skal på jobb. Er eigentleg berre innom for å ønske alle ei god helg, forelesninga var ferdig litt før idag, så eg fikk spist meg ein god lunch no før eg må hive meg ut gjennom døra veldig snart. Lunsjen idag bestod av grove runstykker med eggerøre og avokado. Eg har blitt så glad i avokado, det er nydelig med litt chilli strødd over. Det må prøvast ut om du ikkje har prøvd det før! <3 Men no går tida veldig fort ser eg, må hive meg rundt, ha ei fantastisk helg alle saman! <3 Klem

Likes

Comments

Kvardag, Lunsj, Smoothies

Raskt, sunt & godt

Oppskrift:
Ca 2 dl bringebær
Biola bringebær zero, til passelig konsistens
Ca 2 ss vanilje kesam
1 banan

Var lenge sidan eg hadde laga smoothie no, så tenkte det var på tide. Etter ei svett treningsøkt med bestevenninda smakte smoothien ekstra godt. Eg har endelig komt inn i ei god treningsrutine igjen, og økt nr 5 denne veka er vel gjennomført, deilig! <3 Motivasjonen er på topp etter at eg starta å trene med vennindene, ingenting er bedre enn ein skikkelig svettefest med dei, hehe. Utenom trening går dagane med til skulearbeid, og litt jobb. Har ikkje så veldig spennandes kvardag for tida, men tenkte kanskje å starte å dele treningsrutinene og øktene mine. Korleis står det til med treningsmotivasjonen din? Å trene med nokon og ikkje trene aleine, har vertfall hjelpt veldig på min <3 Klem

Likes

Comments

Katt, Bilder, Bergen

God kveld! No er det ei stond sidan de har fått sett bilde av Nila her. Ho har vokse seg så stor og fin! <3 Lisje fluffs. Gleder meg til å sjå korleis ho forandrar seg framover. Akkurat no har ho vinterpels, er kjempe fluffy og har ein slik løvemanke rundt hovudet hihi.

Søndagen min har vore ein av dei roligaste dagane på lenge, håpte på å få trent litt, men treningsøkta blei ikkje så bra som håpa på. Så dagen har stort sett godt med til avslapping, og etter ei veke med mykje skulearbeid kjenner eg faktisk at det har vore godt. Korleis har dagen din vore? Håper dagen og slutten på veka har vore fin! Så får vi starte i morgå med nye moglegheiter <3 Håper den nye veka byr på mykje kjekt! Klem

Likes

Comments

Kvardag, Bergen, Lunsj

Kranen Colonialen

Idag fikk eg plutseleg vite at eg ikkje skulle ha forelesning, og at eg fikk ein ekstra fridag, yey! Eg har derfor fått spise lunsj ute med venninder idag, lånt nokre bøker eg måtte ha på biblioteket, lest litt pensum og forberedt litt til dagens middag. Deilig med dagar der ein får gjort mykje som ein ikkje får gjort til vanleg. Det regnar skikkelig mykje her i Bergen (overraskelse), og i tillegg har det blese ganske mykje idag, så på veg til kafeen blei vi alle klisj våte.. Hehe, ikkje så kjekt å vase ute når det er slik. Men det var skikkelig lenge sidan sist eg hadde spist lunsj med vennindene, så det var kjempe kosleg! Passa perfekt at dei også hadde fri idag, glede <3 Håper de har hatt ein kjempe fin dag so longt! Klem.

Likes

Comments

Bilder, Kvardag, Instagram

Då er kvardagen for fullt i gong, og eg må ærleg innrømme at det var litt tongt å starte på igjen etter ferien, men det er alltid godt å kome inn i rutiner igjen! No er det berre eit halvt år igjen (eigentleg berre nokre månadar), så får håper tida går fort så er det forhåpentlegvis plutselig sommarferire <3 Eg har faktisk fyrste eksamen i mars, så for meg er det vertfall berre å kjøre på, hihi. Når startar du med eksamen dette halvåret? Eg gleder meg vertfall veldig til vår og lysare tider, trur det skal gjere godt for både kropp og sjel! Skal bli godt å bestige nokre fjelltoppar igjen! No skal eg hive meg rundt å fare på spinning, håper de har hatt ein fin dag og får ein fin kveld! <3 Klem

Likes

Comments

Anbefaling, Inspirasjon, Søtt & godt

- A quick snack -

Såg ikkje dette fristandes ut? Hihi <3 Sjølv om det er kaldt ute, så har eg og lisjesystene laga mange små søte ispinnar. For sjølv om det er kaldt ute, er det veldig varmt inne, og det er alltid godt med ein is når søtsuget melder seg! Vi var veldig spente på resultatet, men vi må alle tre seie oss fornøgde, dei var super gode. Det beste med dei er at dei var veldig enkle å lage. Vi brukte Zero saft med smak av bringebær blanda ut i vatn, jordbær og eplebitar. Gleder meg til å prøve ut andre variantar også, for det er berre fantasien som sett grenser <3 Håper de får ein kjempe fin laurdag vidare, eg skal nyte siste dagen min heime med familie og venner <3

Likes

Comments

Inspirasjon, Jul, Bilder

- Let it snow -

God mandag! Har starten på veka vore fin så langt? Det har vertfall min, eg vakna til at det lava ned med snøv, og bakken og treda var heilt kvitdekte, så fint! Det er så kjekt med snøv, alt blir så lyst og lett, og alt blir så mykje kjekkare <3 Systene var superglade når dei vakna, dei skulle rett ut og leike i snøven og har vore der i heile dag, søtnosane! Eg får snart besøk av ei venninde, vi skal kose oss med julefilm, popcorn og gløgg, gleder meg! Må nyte dagane no før det blir fult opp med skulearbeid igjen, heldigvis har eg fri nokre dagar til <3 Ha ein super dag vidare!

Kvitt glitter og eventyrstemning

Likes

Comments

Smoothies, Frukost tips, Jul

God dag alle saman! <3 Håper gårdsdagen og natta var fantastisk! Eg kosa meg vertfall veldig, kjekt å feire ilag med familie og gode vennar! Haha, er det nokon som har prøvd å ha Mannequin challenge? Vi prøvde i går og det var kjempe morosamt! Både store og små flira og kosa seg, og det kjekkaste var å sjå resultatet, det blei faktisk bedre enn forventa <3 Om de vil sjå resultatet, publiserte eg videoen på instagram. Eg kan sikkert publisere den her også om det er ønskelig!

Det blei ein sein morgen på meg og resten av familia idag. Deilig var det vertfall å sove ekstra lenge og vakne utkvild. Fikk skikkeleg julestemning når eg vakna og såg det var kvitt ute <3 Hehe, kanskje litt på etterskudd, menmen.. Det nye året starta vi vertfall på best mogleg måte, med smoothie til frukost, nam! Smoothie er alltid like godt, jul som sommar, hihi. Håper de får ein fantastisk start på det nye året, og at de har ein fin dag vidare! Klem <3

Likes

Comments